
KONTRAST: Alan Walker i «White room» i villaen i Homansbyen i Oslo.
Foto: Tom Ivar Øverlie / NRKAlan Walker har over 25 milliardar grunnar til å ikkje ta av seg maska.
Gløym Edvard Grieg og Ole Bull.
Ingen bergensarar har nådd breiare musikalsk ut i verda enn bakarsonen Alan Walker.
– Pappa kom med ein kommentar som endra alt: «Du må gjere noko som gjer at folk kan kjenne igjen at dette er din musikk».
Alan Walker (28) snakkar varmt om foreldra Philip og Hilde og oppveksten på Vestlandet.
– Eg er framleis den same gamle guten frå Bergen.
Ein bergensar med over 25 milliardar avspelingar av sin største hit, «Faded».
Villa Walker ligg sentralt til i Oslo.
Foto: Tom Ivar Øverlie / NRKKreativ villa
Men det som starta på guterommet har no blitt eit stort internasjonalt imperium styrt frå ein villa i Homansbyen på Oslo vest.
Vi møter den verdskjende artisten i Villa Walker.
Den historiske bygningen som han og manager Gunnar Greve forvandla frå ein nedslite bygning til ein skreddarsydd heim for musikk og kultur.
Over fire etasjar er villaen fylt med studio, arbeidsrom, stuer, instrument og kreative løysingar.
Ingen skal vere i tvil om kva verd du har gått inn i når du kjem hit.
Alt merka med Walker-logoen.
Eit rikt utval av masker.
Foto: Tom Ivar Øverlie / NRKDet er kjærasten til Alan Walker, Viivi Niemi, som har ansvaret for styling og design av kleskolleksjonane.
Foto: Tom Ivar Øverlie / NRKSjølv kunsten i Villa Walker er prega av artisten.
Foto: Tom Ivar Øverlie / NRKI kjellaren i Villa Walker ligg arbeidsromma rekke på rad.
Foto: Tom Ivar Øverlie / NRKHeile Walker-verda blir styrt frå villaen i Oslo.
Foto: Tom Ivar Øverlie / NRKEnkelt, men lekkert kjøkken i Villa Walker.
Foto: Tom Ivar Øverlie / NRKKunst i alle uttrykksformer pregar Villa Walker.
Foto: Tom Ivar Øverlie / NRK
Vil gje tilbake
– Det er jo ikkje berre ein person lenger. Det er ein stor industri som står bak, seier Alan Walker.
Han tar oss med rundt i villaen, syner stolt fram det synlege resultatet av ein enorm musikalsk og økonomisk suksess.
Villa Walker skal vere ein base og ein oase for folk som vil opp og fram i verda.
Anten det er programmering, grafisk design eller musikkproduksjon.
– Det er ein fin måte å gje noko tilbake på, forklarar Alan Walker.
I Villa Walker er det rom for kreativitet. Frå venstre Martin Gustavsen, Kimo Enany, Alan Walker og Sander Meland.
Foto: Tom Ivar Øverlie / NRKAlt styrt frå Noreg
På veg rundt i huset helsar han på nokre av dei som alt har fått sin arbeidsplass i det store huset.
Ein av dei er 24 år gamle Martin Gustavsen.
– Eg var kronisk sjuk, men her fekk eg ein sjanse til å vise kva eg er god for, fortel Gustavsen.
Han er i dag teknisk ansvarleg for alt som har med Alan Walker si verd å gjere.
For sjølv om både artisten og merkevara er internasjonal, så blir alt styrt frå Noreg og villaen i Oslo.
Ei verksemd som omset for mange millionar kvart år og som har gjort Walker til ein rik, ung mann.
Men sjølv om han lever eit luksusliv på papiret, er kvardagen prega av enkle vanar.
Eit synleg bevis på veggen for at «Faded» har passert 25 milliardar avspelingar.
Foto: Tom Ivar Øverlie / NRKViktig med godt apparat
Alan Walker trekkjer fram kjemien med teamet sitt og manager Gunnar Greve som den viktigaste faktoren for å halde seg jordnær og mentalt frisk.
– Å ha eit bra apparat rundt seg er noko av det viktigaste du kan ha som artist, både for den fysiske og den mentale helsa.
Når det kjem til fysisk form, er det sjeldan tunge vekter som gjeld for stjerna.
– Den viktigaste treninga eg får, er kardioen på scena. Brått har eg tikka inn 10.000 steg berre i løpet av ein konsert. Det er eit godt teikn på at eg har hatt det gøy.
– Korleis er du i matvegen?
– Eg prøver å ete bra, men eg er veldig glad i Grandiosa, seier han og ler.
Ingen tvil om kva rom vi skal inn i.
Foto: Tom Ivar Øverlie / NRKKan vere anonym
Den velkjende maska er av når vi set oss ned i «White room».
Men straks vi skal ta bilde er maska på igjen.
Den og hettegenseren har blitt eit globalt symbol på «Alan Walker-franchisen».
Men det som starta som ein visuell profil i 2015, har også ein praktisk funksjon i dag: Fridom.
– Det har vore deilig å kunne gå fritt rundt utan å bli kjend att. I dag gjekk eg frå hotellet med kofferten min utan at nokon stoppa meg. Eg følte ikkje at eg vart kjend att i det heile.
Han vedgår at mange i hans posisjon truleg misunner han akkurat det.
– Det har vore både ein fordel og ei ulempe, men fridommen det gjev er uvurderleg. Samstundes veit eg at om eg går på scena med maska, så veit alle kven eg er.
Alan Walker i klassisk stil.
Foto: Tom Ivar Øverlie / NRKSvarar sjeldan
I ein digital kvardag er Walker tett på fansen sin.
Han les ofte kommentarfeltet på YouTube for å få konstruktiv kritikk, men han har òg lært seg å handtere den mørke sida av internett.
– Det er lett å henge seg opp i den eine negative kommentaren sjølv om du får 99 positive. Men eg har valt å aldri svare eller gje noko tilbake.
Han forklarar at han bevisst unngår å «fyre opp» under kritikarane:
– Om du responderer, blir det som ein snøballeffekt som berre blir større.
Alan Walker trappar opp med nytt album og ei rekke planlagde konsertar framover.
Foto: Tom Ivar Øverlie / NRKKjem med nytt album
Musikalsk ser han no både bakover og framover.
På det nye albumet som kjem 27. mars, hentar han inspirasjon frå «2016-soundet» som gjorde han verdskjend.
– Det er ein trend no å gå tilbake til det gamle lydbiletet. Vi prøver å skape den lyden folk vart forelska i, men i ein 2026-versjon.
Uansett kor ferda går vidare, er målet det same som då han sat på guterommet:
– Eg ønskjer alltid å behandle folk slik eg ønskjer å bli behandla sjølv. Eg håper eg framleis er den same gamle Alan.
Søndag kveld er Alan Walker og Gunnar Greve to av utdelarane under Spellemannprisen.
Bli med på årets store feiring av norsk musikk, direkte fra selveste Operaen. Programledere er Tete Lidbom og Mari Garås Monsson.















English (US)