Færre arbeidsplassar vert flytta ut i distrikta

1 day ago 7


Finanskomiteen på Stortinget har spurt regjeringa om «ei oversikt over endring i statlege arbeidsplassar i alle norske kommunar» sidan 2021.

Oversikta peikar ut Oslo, Trondheim, Bergen og Lørenskog som dei største «vinnarane».

Blant «taparane» finn vi Målselv, Andøy, Stange og Høyanger.

Høyanger-ordførar Petter Sortland (Ap) seier at dei mista «i overkant av 30» arbeidsplassar da rusklinikken Tronvik blei lagt ned i fjor.

– Regjeringa må skjerpe seg, seier han.

Han legg til at «regjeringa er stolte når dei flyttar arbeidsplassar til typ Drammen, Hamar og Tønsberg», men at det ikkje er desse som treng ei handsrekking.

– Om dei definerer det som «distrikt», så er vi ikkje heilt på same banehalvdel.

Førde Sentrum Gråversdag

FØRDE: I 2018 blei Fredskorpset flytta frå Oslo til Sunnfjord. I fjor var det Norad sin tur då regjeringa bestemte å flytte «minst 15 årsverk» til kommunen i Vestland.

Foto: Matilde Sunde Solsvik

Distriktskommunane blir tappa for statlege arbeidsplassar

Delar av endringane kjem av naturlege svingingar i talet på tilsette i helsetenesta.

Tala omfattar også Vinmonopolet og andre offentleg eigde selskap som styremaktene ikkje legg seg opp i drifta av.

På Stortinget blir oversikta likevel lese inn i ei politisk forteljing om Den store sentraliseringa.

Fleire i opposisjonen gjer eit poeng av at tala ikkje harmonerer med vyane i Hurdalsplattforma om at «nye statlege arbeidsplassar skal leggast utanfor Oslo, med mindre heilt openberre grunnar tilseier noko anna».

Støre-regjeringa har vore den mest byfiendtlege i manns minne, men vi skal gi dei éin ting: Statlege arbeidsplassar har dei ikkje klart å legge andre stader enn Oslo, ironiserer parlamentarisk nestleiar i Høgre, Trond Helleland.

Han legg til:

Distriktskommunane blir tappa for statlege arbeidsplassar.

Morgan Alangeh i Tankesmien Agenda seier det er metodisk tvilsamt å sette ulike stortingsperiodar opp mot kvarandre:

Ulike konjunkturar og behov frå ein periode til ein annan, påverkar naturlegvis moglegheita til å opprette statlege arbeidsplassar både i og utanfor Oslo.

Sjå fleire reaksjonar og svar frå regjeringa under.

  • Tom-Christer Nilsen

    NRK

    Tom-Christer Nilsen, Næringspolitisk sjef i Bergen næringsråd

    Vi ser ikkje spor av ein aktiv politikk for å spreie kompetanse og statlege arbeidsplassar i heile landet. Fortset det slik, vil Oslo vere den evige vinnaren når det gjeld statlege arbeidsplassar, fordi det er der dei er i dag. Skal ein endre dette må ein faktisk ta aktive grep, ikkje berre la det skure.

  • Morgan Alangeh

    Morgan Alangeh, rådgiver i Tankesmien Agenda

    Når regjeringa avgjer kor statlege arbeidsplassar skal ligge til, er det tidvis to konkurrerande omsyn å ta: det faglege omsynet og distriktsomsynet. Ei god løysing for å oppnå begge delar er å satse på regionale senter, som allereie har robuste fagmiljø. Samtidig er det smart å unngå at statlege arbeidsplassar blir flytta over natta, slik at tilsette får føreseielegheit i livssituasjonen sin.

  • Hans Andreas Limi med briller

    William Jobling / NRK

    Hans Andreas Limi, Frp

    Det er oppsiktsvekkande at Senterpartiet i så stor grad har bidratt til det Vedum kallar sentralisering. For Frp er det viktigaste at jobbar blir etablerte der det er tilgang på arbeidskraft og kompetanse. Elles burde talet på statlege jobbar i byråkratiet reduserast og ikkje flyttast, fordi vi treng meir arbeidskraft i privat verdiskapande sektor.

  • En mann i blå jakke

    Sindre Thoresen Lønnes / NRK

    Tobias Drevland Lund, Raudt

    Sentraliseringspresset er dessverre stort og har vore det over tid med skiftande regjeringar, sjølv dei gongene Senterpartiet har sete i regjeringskontora. Eg synest desse tala dessverre vitnar om at ein i den siste stortingsperioden ikkje har vore offensiv nok når det gjeld å flytte eller etablere statlege arbeidsplassar i dei minst sentrale kommunane.

  • Alfred Bjørlo

    Eirik Pessl-Kleiven / NRK

    Alfred Bjørlo, Venstre

    Å spreie statlege arbeidsplassar rundt om i landet krev politisk vilje heilt frå toppen. Det har dessverre dagens regjering forsømt, sjølv om det er viktig for demokratiet, for beredskapen og for ny teknologi. Og det er lettare enn nokon gong. Det bur masse flinke folk rundt om i distrikta som i dag er stengde ute frå å kunne søke å jobbe i statlege jobbar.

  • Truls Gihlemoen (Frp)  på ordførerkontoret i Stange, mens han var fungerende ordfører.

    Knut Røsrud / NRK

    Truls Gihlemoen (Frp), fungerande ordførar i Stange kommune

    Dette er eit brot med løfta frå regjeringa om fleire statlege arbeidsplassar i distrikta. Det er avgjort dramatisk for oss å miste så mange arbeidsplassar, hovudsakleg i spesialisthelsetenesta, og vi arbeider iherdig for å finne erstatning for dei tapte arbeidsplassane, blant anna for å komme i gang med utbygging på Ilseng fengsel, som regjeringa ikkje har prioritert i revidert statsbudsjett.

  • Marit Lofnes Mellingen

    NRK

    Marit Lofnes Mellingen, direktør i Distriktssenteret

    Vi har kunnskap om at ein variert arbeidsmarknad er viktig, og det er naturleg å tenkje at statlege arbeidsplassar bideg til meir variasjon i ein arbeidsmarknad. Så høyrer vi frå distriktskommunar vi har kontakt med at vel så mykje som mangel på utflytting problematiserer dei at statlege arbeidsplassar dei har hatt i kommunen, har forsvunne – ofte som følge av omorganiseringar.

Solberg-regjeringa flytta fire gonger så mange

I april dokumenterte Nationen at Erna Solberg (H) flytta ut nær fire gonger så mange statlege arbeidsplassar i sine første år ved makta samanlikna med Ap/Sp-regjeringa.

Under Solberg-regimet blei 1329 stillingar, inkludert utflyttingar og nyetableringar, fordelte rundt om i Noreg.

Så langt kan Støre-regjeringa vise til 437 utflyttingar og nyetableringar.

Vi er ikkje nøgd med resultata vi fekk til saman med Arbeidarpartiet på utflytting av statlege arbeidsplassar, svarer Erling Sande (Sp), som var kommunalminister fram til 30. januar.

Han vil likevel ha seg frabedt ein leksjon i distriktspolitiske tiltak frå andre parti. Sjå under.

Førde på kveldstid

FØRDE BY NIGHT: Senterpartiet fekk 13,5 prosent av stemmene ved førre stortingsval. Partiet fekk draghjelp av det såkalla Distriktsopprøret, som sette ord på kjensla av at norske bygdesamfunn var overlate til seg sjølv.

Foto: Alf Vidar Snæland

Beredskap har komme høgare på dagsorden

Utflytting av statlege arbeidsplassar har hatt brei politisk støtte sidan 60-talet, men skaut fart da Victor Norman (H) var arbeids- og administrasjonsminister i 2003.

I tillegg til å spreie fagmiljø rundt om i landet er tiltaket motivert av ei førestilling om at statlege verksemder utanfor «Oslo-gryta» kan jobbe meir uavhengig av den politiske maktkonsentrasjonen i hovudstaden.

Dei siste par åra har også fordelane knytte til beredskap komme høgare på dagsorden i takt med at krig og geopolitiske spenningar har rykt nærare.

I fjor blussa debatten om «Oslo-sentrisme» opp på ny da den nye etaten for eksportkontroll blei lagd til Fornebu.

Vestland Venstre svarte på «fornærminga» ved å vedta at den «tannlause» regjeringa måtte ta eit krafttak etter dansk modell.

I Danmark har Folketinget vedtatt å flytte 3900 statlege arbeidsplassar ut av København.

Nytt pilotprosjekt i Vestland

Stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo, meiner det er «lettare enn nokosinne» å flytte statlege arbeidsplassar ut av det sentrale austlandsområdet.

Han viser til Statens Hus, eit pilotprosjekt i hans eigen heimkommune Stad i Vestland.

Det viser at du kan samle sterke fagmiljø i distrikta som kan tiltrekke seg folk. Det må vi gjerne meir av.

Det er dei som seier at det å snu sentraliseringa er litt som å protestere mot gravitasjonskrafta. Har du ei helsing til dei?

Vel, da trur dei at vi sit i ei gammal verd der alle skal sperrast inn i eit stort kontorlokale og må ta den same banen til jobb. Men sånn er ikkje verda lenger. Alle moderne bedrifter i privat sektor har tilsette som jobbar mykje friare.

Sommer i Bergen sentrum

BERGEN: Statlege arbeidsplassar som vert flytta er i all hovudsak verksemder som statsforvaltar, direktorat og ulike tilsyn, politi og forsvar, regionale helseføretak, Nav og universitets- og høgskole.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

Publisert 30.05.2025, kl. 07.03

Read Entire Article