Færre fotball­dommarar er kvinner – Mia (17) er redd når ho går ut på banen

8 hours ago 6


– Når eg går ut på banen er eg redd og har mykje nervar.

Det seier Mia Lahus Kise frå Skien. Ho er blant få kvinnelege fotballdommarar.

Av totalt 2625 kretsdommarar i landet er berre 8 prosent kvinner, viser tal frå Noregs Fotballforbund (NFF).

– Dei tør ikkje, rett og slett. Det blir nok litt for skummelt å skulle gå ut på banen med forventinga om at ein skal ta dei rette avgjerslene, trur Mia.

Totalt sett har det blitt færre fotball­dommarar. Dei siste fem åra har det vore ein nedgang på rundt 10 prosent.

Størst nedgang er det blant kvinnene.

I 2020 var det 243 kvinnelege kretsdommarar. I dag er det 202.

Meiner jenter gjer dommargruppa betre

Redselen for kjeft frå spelarar, trenarar eller publikum er blant årsakene til at det er vanskeleg å rekruttere nye dommarar.

Det trur Trond Ivar Døvle som er fagansvarleg for dommarutvikling i NFF. Han seier han er bekymra for tala.

– Det finst dei som har gitt seg etter éin kamp. Det er ikkje nokon tvil om at presset som kjem frå sidelinja påverkar mange unge dommarar, seier han.

Trond Ivar Døvle sitter i en fotballstadion.

Spesielt ønsker Døvle å sjå fleire jenter kledd i svart og med fløyte i handa på fotballbanen.

– Vi må få fleire jenter, for vi ser at heile dommargruppa blir betre når det er ein større del jenter.

Tre av fire utsett for krenking

Ein forskingsrapport frå Noregs idrettsforbund (NIF) og Noregs idrettshøgskule (NIH) har kartlagt krenkande opplevingar i idretten blant unge vaksne. Totalt 1261 personar i alderen 18 til 30 år deltok i undersøkinga.

Det kjem fram at dei spurde dommarane opplever langt fleire psykiske krenkingar enn trenarane og utøvarane som deltok.

Tre av fire dommarar innan alle idrettar svarer at dei er blitt utsett for krenkande oppførsel, ifølge undersøkinga.

– Både verbal og fysisk krenking bidrar sterkt til at dommarar sluttar, seier professor i idrettssosiologi, Kari Fasting.

  • Portrett av Kari Fasting

    Kari Fasting

    Professor emerita, Institutt for idrett og samfunnsvitskap, NIH

Sjølv om talet på spurde dommarar i undersøkinga er lågt, meiner Fasting at funna er ein indikator på kva norske dommarar opplever.

I tillegg påpeiker ho at fleire internasjonale studiar viser det same.

– No må vi forske meir på erfaringane blant dommarar i Noreg. Da kan ein lettare finne ut korleis ein kan førebygge problemet.

Ho vil også trekke fram varslingskanalen hos NFF som eit godt og trygt tiltak.

– Treng trygge rammer

Målet til NFF er å auke delen kvinnelege dommarar til 20 prosent innan 2030.

– Vi har sett i gang eit tiltak der vi forsøker å gi jentene god oppfølging i form av fadrar. I tillegg prøver vi å sette jentene saman med kvarandre, for vi ser at dei trivst med det, seier Døvle.

Tre fotballdommere sitter på en benk, alle kledd i svart. I midten sitter Mia Lahus Kise.

Tre dommarar før kamp.

Tre dommarar før kamp.

No oppfordrar han foreldre på tribunen til å tenke på jenta eller guten som dømmer kampen, som naboen sin.

– Dei er heilt vanlege menneske som driv med ein idrett. Dei vil ha det gøy og dei vil utvikle seg. Utvikling tar tid og ein treng trygge rammer for å stå i utfordringane.

God stemning på banen

Idet kampen blir blåst i gang og Mia blir varm i den svarte dommartrøya, forsvinn redselen og nervane.

Da er det berre gøy, seier ho.

– Eg må vere skjerpa, men eg koser meg. Det er som regel god stemning.

Mia Lahus Kise står på en fotballbane. Hun er kledd i svart, har hendene bak på ryggen og smiler til kamera.

17-åringen innrømmer at dømming ikkje er for alle. Likevel råder ho fleire på eigen alder til å prøve det.

– Dømming er ei fin erfaring å ha med seg vidare, avsluttar ho.

Publisert 09.05.2025, kl. 05.52

Read Entire Article