Både politi og Matillsynet rykte ut då dei denne veka fekk uromelding om situasjonen på garden. Førsteinntrykket gav ikkje grunn til uro.
Delegasjonen vart møtt av både flott fjøs, traktor og rundballar, fortel politiadvokat Inger Helen Stenevik i Vest politidistrikt.
– Men då dei byrja å gå rundt og inn i bygningen, så fann dei ingen levande sauer. Dei fann totalt 58 daude sauer.
Rikeleg med fôr på garden
Dyreeigaren, som driv garden åleine, er no sikta for alvorlege brot på dyrevelferdslova. Kva dyreeigaren har forklara, ynskjer ikkje Stenevik å kommentere.
– Men eg kan seie at mistanken går på mangelfull tilgang på mat for dyra, mangelfull tilgang på vatn og mangelfull hjelp til dyra enten det er i samband med sjukdom eller anna, seier politiadvokaten.
– Var det ikkje mat på garden?
– Det var rikeleg med fôr tilgjengeleg. Det var grovfôr, flotte rundballar og kraftfôr der. Det var i det heile teke ein flott driftsbygning og ein kjempefin gard. Dyra var daude av at dei ikkje fekk stell.
Publisert 25.04.2025, kl. 10.35 Oppdatert 25.04.2025, kl. 10.45