Fann gjenstandane Bye skal ha brukt for å valdta kvinner – no blir dei lagt fram for retten

5 hours ago 6


Hovudforhandlingane i saka mot den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta blei avslutta 19. februar.

Da hadde rettssaka gått føre seg i tre og ein halv månad.

Onsdag er det likevel klart for ein ny dag i tingretten i Steinkjer. Da vil påtalemakta legge fram nye bevis i saka mot Bye.

– At ein plukkar opp igjen forhandlingane etter at dei har blitt avslutta og like før det kjem dom i saka, det trur eg faktisk aldri at eg har opplevd, seier jurist og redaktør i Rett24, Kjetil Kolsrud.

Gjorde nye beslag

Dei nye bevisa påtalemakta skal legge fram blei funnen i heimen til Arne Bye i mars.

Politiet gjekk til aksjon med over 15 politietterforskarar over to dagar heime hos den tidlegare legen.

Ifølge påtaleansvarleg, Ole Andreas Aftret, ønskte politiet å «nullstille huset».

– Vi ønsker å «nullstille huset». Altså å vere sikker på at det ikkje er noko vi går glipp av, sa politiadvokat Ole Andreas Aftret da ransakinga gjekk føre seg.

  • Tre politietterforskere går mot en større bil. To av dem bærer på beslag gjort etter ransaking i Byes bopel

    Politiet tok mellom anna med seg ein mac frå huset til Bye under ransakinga.

    Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK
  • Beslag fra hjemmet til Arne Bye i en rød bil

    Politiet bar ut fleire posar med beslag.

    Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK
  • Politiet ransaker en leilighet tilhørende Arne Bye

    Også ei leilegheit Bye har disponert blei ransaka. Der tok politiet mellom anna med seg ein datamaskin.

    Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Det blei seinare kjent at politiet fann gjenstandane Bye er tiltalt for å ha brukt for å valdta kvinner på legekontoret.

I tillegg fann politiet også meir videomateriale.

– Veldig uvanleg

Politiet gjer frå tid til annan undersøkingar etter at hovudforhandlingane i ei rettssak har blitt gjennomført, fortel Kolsrud.

Det at ein gjer oppfølgande etterforsking etter saka – ikkje vanleg, men det skjer, seier han.

Det at ein derimot set av ein ny dag i retten for å fortsette rettssaka fortel Kolsrud at ikkje er vanleg.

– Det er veldig uvanleg.

– Eg skal ikkje seie at det aldri har skjedd før, men eg kan ikkje huske å ha opplevd det. Og eg har følgt med på rettssalane i mange år.

Kjetil Kolsrud

Kjetil Kolsrud fortel at det er veldig uvanleg at det no blir ein ekstra dag i retten i saka mot Arne Bye.

Foto: NRK

Under rettssaka la aktor ned påstand om at Bye må bli fengsla i 21 år, mens Bye sine forsvararar argumenterte for at riktig straff ville vere mellom 17 og 18 år i fengsel.

Sidan ein allereie er i nærleiken av den lengste straffa ein kan få, er det ikkje truleg at dei nye bevisa vil ha så mykje å seie for kor lang straff Bye får.

– Men det er viktig for påtalemakta at ein straffeforfølgjer alle dei punkta ein har, uansett om det påverkar straffa eller ikkje.

– Det er noko grunnleggjande for samfunnet, for politiet og for påtalemakta at ein straffeforfølgjer dei lovbrota ein kjenner til.

Brannmenn kikker ned pipa i huset til Arne Bye i forbindelse med ransaking

Brannvesenet blei tilkalla for å gjere søk i pipa i heimen til Bye.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Ei av dei fornærma kvinnene får vere til stades

Når retten blir sett onsdag, vil dagen starte med at det blir lagt fram nye bevis.

Ei av kvinnene Bye er tiltalt for å ha valdtatt får i tillegg anledning til å vere til stades under møtet. Det kjem fram av rettsboka frå møtet der ein ny dag i retten blei fastsett.

Ifølge rettsboka er grunnen at «deler av bevisføringen gjelder henne.»

Ifølge tiltalen valdtok Bye kvinna under ei gynekologisk undersøking i ei omsorgsbustad der kvinna budde.

Under rettssaka nekta Bye straffskuld for både å ha valdtatt kvinna og for å ha misbrukt stillinga si for å oppnå seksuell omgang med kvinna.

Etter at det har blitt lagt fram bevis er det sett av tid til eventuelle merknadar frå Bye sjølv eller den fornærma kvinna.

Til sist er det sett av tid til prosedyrar knytt til bevisføringa frå aktor, bistandsadvokat og forsvarar før den nye dagen i retten blir avslutta.

Harddisker med videomateriale i saken mot den tidligere kommuneoverlegen i Frosta, beslaglagt av politiet.

Før rettssaka fann politiet 5500 timar videomateriale heime hos Bye. Det er enda ikkje kjent kor mykje politiet har funnen i dei nye beslaga.

Foto: Politiet

24 nye kvinner har meldt Bye til politiet

Under rettssaka var totalt 94 kvinner fornærma. Bye er tiltalt for å ha misbrukt stillinga si som lege for å oppnå seksuell omgang med alle 94.

Han er også tiltalt for å ha valdtatt 87 av dei.

Under rettssaka blei det kjent at enda fleire kvinner har meldt Bye til politiet.

– Talet på nye som har status som fornærma er per i dag 24 personar. Disse er ikkje fornærma i den pågåande straffesaka, skreiv politiet i pressemeldinga om kva dei hadde funne heime hos Bye.

Dei nye fornærma er ikkje ein del av den opphavelege straffesaka mot Bye og det er ikkje bevis knytt til disse kvinnene som vil bli lagt fram onsdag.

Det er framleis usikkert om det vil bli tatt ut ny tiltalte mot Bye i sakene der dei nye kvinnene er fornærma.

Publisert 14.05.2025, kl. 05.47

Read Entire Article