Fant Oslofjordens siste tapte skipsvrak på 100 meters djup

2 days ago 9


– Det var jubel i taket. Det var heilt rått. Det er noko vi har venta på i 30 år.

Slik skildrar den erfarne dykkaren Morten Dyrstad i Nordic Wreck Alliance funnet som har vore ei gåte i fleire tiår.

En mann med grått skjegg smiler til kameraet. Han har på seg en svart lue med solbriller oppå, og en gul og blå jakke. Bak mannen sees et hav og en grå himmel. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Morten Dyrstad har 40 års erfaring som dykkar, og er talsperson for Nordic Wreck Alliance.

Foto: Nordic Wreck Alliance

MS Combi forliste av uforklarlege årsaker i ytre Oslofjord for 55 år sidan.

Fartøyet var på veg frå Oslo til Vesterålen lasta med anleggsmaskiner da det plutseleg tok inn vatn og sokk raskt utanfor Jeløya i 1971.

Mannskapet kom seg unna i ein livbåt, men skipet forsvann med hekken først ned i djupet. Der har det ligge heilt uoppdaga – fram til no.

– Å finne MS Combi etter 55 år er stort. Vraket har vore eit mysterium i lang tid, og det å sjå det stå nesten loddrett på botnen med anleggsmaskinene intakt er ei oppleving vi aldri gløymer, seier Dyrstad.

Gammelt bilde av lasteskipet MS Combi

Slik såg lasteskipet ut før det forliste i 1971. MS Combi var på veg frå Oslo til Vesterålen lasta med anleggsmaskiner.

Foto: Nordic Wreck Alliance

Skjult i skipsleia

For rundt 30 år sidan blei forliset omtalt på eit vrakkart, noko som fekk mange dykkarar til å vakne.

Trass i fleire søk i åra som følgde, var det ingen som fann vraket.

Dyrstad fortel at han sjølv gjorde eit forsøk for 15 år sidan, men at teknologien den gongen ikkje var god nok.

Et fargekodet bilde viser resultatet fra et ekkolodd. Ekkoloddet viser en dypvannsvisning med et stort objekt på bunnen og et mindre objekt som stiger oppover. Ekkoloddet har en blå bakgrunn med et rutenett og tall som indikerer dybde og avstand. Til høyre vises et annet utsnitt fra ekkoloddet med et annet fargevalg og detaljer. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Nordic Wreck Alliance er eit tverrfagleg ekspertteam innan vrakleiting, undervassutforsking og maritim dokumentasjon. I år sat dei i alvor i gang med leitinga etter vraket.

Foto: Nordic Wreck Alliance

Vinteren 2026 klaffa alt med både tidspunkt og utstyr. Nordic Wreck Alliance sette i gang eit målretta og systematisk søk i Oslofjorden.

– Det handlar om systematikk og tid. Du må vere villig til å bruke dei timane som krevst. Vi hadde bestemt oss, seier Dyrstad.

Til slutt fann dei skipet midt i skipsleia utanfor Moss på 100 meters djupn. Dyrstad trur plasseringa og djupna er årsaka til at ingen har funne vraket tidlegare.

En gravemaskin, dumpere, bulldoser og kranen til fartøyet ble dokumentert av Nordic Wreck Alliance.

Foto: Willy Sanftleben

Ein tidskapsel frå 1971

Ved hjelp av ein ROV blei vraket identifisert, og det som møtte teamet på skjermen var eit unikt syn.

Vraket stod nesten loddrett opp frå botnen.

– Dei fleste vrak landar flatt eller på sidan på havbotnen. Av og til ligg dei rett på baugen, men dei står så godt som aldri loddrett som ein bauta i vatnet. Det er ekstremt sjeldan, fortel Dyrstad.

Å dykke til 100 meter i ytre Oslofjord er inga enkel oppgåve.

Det krev løyve frå Kystverket, godt vêr og ekstremt erfarne dykkarar.

Teamet valde 1. mai-helga for å få rett temperatur og sikt. Og alt klaffa.

En dykker med fullt utstyr, inkludert drakt, maske og pustesystem, sitter forberedt. En persons hånd hviler på et rekkverk i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Utstyret må vere i orden når ein skal på djupt vatn. Dykkaren på bildet er Hans Petter Holthe.

Foto: Nordic Wreck Alliance

Når ein dykkar på slike djup, er opplevinga prega av både teknisk presisjon og historisk ærefrykt ifølge den erfarne dykkaren.

– Vi er dei første som ser vraket på 55 år. Det mest spennande var då dumparane kom til syne i djupet.

For Morten Dyrstad og resten av Nordic Wreck Alliance står vraket igjen som ei frosen forteljing frå fortida.

– Alt er nøyaktig som i 1971. Dette er ein tidskapsel som står heilt stille og ventar på å fortelje historia si.

  • Et forlist fartøy ses under vann, dekket av alger og sedimenter. En sjøanemone vokser på en av gjenstandene. Bunnen er mørk og vannet er grumsete. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Gruppen dokumenterte flere av anleggsmaskinene på skipet.

    Foto: Willy Sanftleben
  • En dykker undersøker vrakrester på havbunnen. Vraket er dekket av sjøgress og koraller. Dykkere utforsker vraket med lyskastere. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Dykker Thomas Solberg ved det som er styrehuset til en kran.

    Foto: Willy Sanftleben
  • En dykker med rød drakt undersøker et vrak under vann. Vraket er dekket av sjøgress og har flere åpninger. En sjøanemone er festet til vraket. Bakgrunnen er mørk og uklar. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Dykker Roy B. Fagermoen foran styrehuset til MS Combi

    Foto: Hallvard Winterseth
  • Et vrak av et fartøy ligger på havbunnen. Det er synlige rester av interiøret, som er dekket av alger og sedimenter. En dykker med lyskaster er synlig i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Nordic Wreck Alliance beskriver funnet som en unik mulighet til å dokumentere et hittil ukjent stort skipsvrak på dypt vann i Oslofjorden.

    Foto: Hallvard Winterseth

Toppen av isfjellet

Jørgen Johannessen er marinarkeolog ved Norsk Maritimt Museum. Han følger spent med på arbeidet til gruppa og fortel at dei har god kontakt.

Akkurat dette vraket er ikkje gammalt nok til å hamne på arkeologen sitt bord.

For å vere eit automatisk freda kulturminne må skipet vere eldre enn hundre år. Han meiner likevel at jobben dei gjer er verdifull.

Jørgen Johannessen – marinarkeolog, Norsk Maritimt Museum

Jørgen Johannessen er marinarkeolog og konservator ved Norsk Maritim Museum.

Foto: Siv Kristin Sællmann

– Akkurat dette vraket er morosamt, men kanskje ikkje det mest spennande for oss. Som arkeolog ser ein gjerne etter noko som er mykje eldre. Men med metodikken deira kan dei fort finne skipsvrak som er langt eldre.

Han fortel at det ligg tusenvis av vrak langs norskekysten som ingen har funne enno. Med kompetansen til denne gruppa kan ein søke djupare enn før.

– Det er berre toppen av isfjellet vi har sett hittil, seier Johannessen.

Dykker Roy B. Fagermoen foran styrhuset på MS Combi

Foto: Hallvard Winterseth

Dokumenterer alt

Under dykka i maihelga fikk teamet dokumentert lasta i detalj.

To dumparar av typen Kockum ligg oppå kvarandre, i tillegg til ei gravemaskin av typen Brøyt X4, ein bulldosar og krana til fartøyet.

– Ingen andre vrak har den typen anleggsmaskiner på dekk. Det gjer det ekstra artig, seier Dyrstad.

For Nordic Wreck Alliance er drivkrafta først og fremst å bevare maritim historie før ho forsvinn.

– Målet vårt er å registrere vraka, fotografere dei og dokumentere nøyaktig kvar dei ligg.

Dyrstad fortel at dei allereie har fleire vrak på blokka.

– Neste i Oslofjorden er truleg «Gyldenløve». Det er eit eldre vrak som mange har leita etter, men som ingen har klart å finne.

Publisert 20.05.2026, kl. 12.16

Read Entire Article