– Du kjenner jo at det er krefter i sving. Men det var kjempeartig, seier Olsen.
Edgar Olsen er fiskar av yrke. Denne sommaren har han for Nofima og Lerøy drive forsøksfiske etter pukkellaks i munningen av Vesterelva i Nesseby.
Og på det truleg siste kastet for sesongen onsdag, skulle det svømme ekstra mange laksar inn i garnet.
– Vi har fått mellom 100 og 600 pukkellaksar for kvart kast vi har gjort med nóta i sommar. Men ikkje i går. Då fekk vi meir enn 2000 laksar. Og vi var berre to stykke til å få laksane opp. Det gjekk greitt. Som fiskar er det nyttig å kunne handtere denne typen reiskapar og føle deg fram, seier Olsen.
Fekk «bein å gå på»
Sidan prøvefisket med laksenot starta tidlegare i sommar, har Olsen & co. fått på land meir enn 6000 pukkellaksar. Dette har dei bløgga, sløgd og sendt vidare til Lerøy, som igjen har selt dette som mat.
I går blei det likevel litt vel mykje å handtere.
Derfor bestemte dei seg for å legge ut ei melding på Facebook om at folk kunne komme og hente.
Og folk lét seg ikkje be to gonger.
– Vi fekk delt ut rundt 1100 pukkellaksar til dei som kom innom. Resten blei pakka og køyrd ut til Lerøy, fortel Olsen.
Ifølge Miljødirektoratet var det per 23. juli registrert fangst av rundt 52.000 pukkellaksar i lakseelvane i Troms og Finnmark. Rundt 45.000 av desse er tatte ved bruk av fiskefelle.
– Ufortent rykte
Målet med forsøksfisket i Nesseby har vore tredelt.
Ønsket har vore å kartlegge kvaliteten på fisken, og dessutan forhindre at denne uønskte arten går opp i elva. I tillegg har det vore viktig å sjå etter fangstmetodar som kan drivast av få personar.
Når det gjeld kvaliteten på den utskjelte fisken, er Olsen tydeleg:
– Analysar viser at pukkellaksen held seg god mykje lenger enn atlanterhavslaksen, truleg fordi han har veldig lite feitt. Alle veit jo at feitt harsknar fisken. Prøver gjort éin til to veker etter fangst, viser ingen teikn til at kvaliteten har blitt dårlegare. I tillegg inneheld pukkellaksen svært mykje protein.
– At pukkellaksen berre er god når han blir fanga i saltvatn, er heller ikkje heilt korrekt. Vi har fiska i brakkvassona der kvaliteten på fisken framleis er god. Den har heilt unike eigenskapar som matfisk, påpeikar fiskaren.
Slepp kø i fella
Olsen seier at dei også har fått ein del atlanterhavslaks i garnet i sommar. Desse har dei tatt opp forsiktig og sleppt ut i elva igjen. Og ifølge Olsen er det i år god oppgang av atlanterhavslaks i Vesterelva.
I notkastet som gav 2000 pukkellaksar, var det rundt 70 atlanterhavslaks som fekk svømme vidare opp til den utvalde gyteplassen sin i elva.
– Det er jo laksefelle i elva som skal stoppe pukkellaksen. Men ved at vi har tatt ut mange allereie i sjøen, så har det ikkje blitt «kø og trengsel» ved fella. Det såg vi tendensar til for to år sidan, seier Olsen.
Og han legg til:
– Sjølv om vi eigentleg har tatt det siste kastet i år med nóta under prøvefisket, kan det hende at vi må gjere nye kast dersom det dannar seg køar nedanfor fella.
Publisert 24.07.2025, kl. 14.17