– Det er siste gong eg går toppidrettsveka, viss det her er standaren, seier ein oppgitt Mattis Stenshagen.
Han har akkurat tatt seg vidare frå prologen under Toppidrettsveka, men meiner sprintløypa er ein «katastrofe».
Landslagsløpar Jan Thomas Jenssen måtte reise for å ta røntgen, etter å ha dotte i den eine svingen under oppvarming.
–Eg tok meg for med høgrearmen. Eg hadde «jækla til fart». Det var vondt med ein gong, seier Jenssen.
SKADD: Jan Thomas Jenssen datt under oppvarminga til sprinten i Toppidrettsveka, og måtte reise med ispose rundt handleddet.
Foto: Anders Skjerdingstad / NRKHan måtte reise frå stadion med ispose rundt handleddet. Det sette ein støkk i fleire av Jenssen sine lagkompisar, mellom anna for Even Northug, som rauk ut av prologen.
– Det var katastrofalt glatt, seier han.
– Eg skal gå nokre renn i vinter, så eg tok ikkje nokre sjansar her. Eg heldt på å tryne skikkeleg der, så skulle gjerne vore med her i dag, legg han til.
Gjekk sakte med vilje
Harald Østberg Amundsen valde å gå sakte på prologen for å unngå å bli skadd.
– Me har ein vinter me skal prøve å rekke i god behald. Og eit OL me skal prøve å nå. Eg har lyst til å komme til sesongstart, seier Amundsen.
Han gjekk bak, då Jenssen deisa i bakken under oppvarminga.
– Eg såg han hadde frykteleg vondt.
Fortel Amundsen som heller tar seg nokre intervalldrag.
– Eg synest jo kanskje ein kunne fokusert på å ha litt breie og trygge sprintløyper. Det ser kult ut å tryne på TV, men det er ikkje så kult for den det skjer med, legg han til.
GJEKK SAKTE: Harald Østberg Amundsen ville ikkje risikere skisesongen for rulleskirennet på Hitra
Foto: Anders Skjerdingstad / NRKMattis Stenshagen som hamna på andreplass under langløpet på fredag, kjem med nådelaus kritikk mot arrangøren.
– Skjønnar ikkje poenget med heile tida utfordre grensene på kva vi får til på rulleski. Rett og slett elendig laust av arrangøren, seier Stenshagen.
Han kom seg vidare frå prologen, men ynskjer ikkje å risikere noko.
– Det er ingenting å vinne på å gå bra her, seier han oppgitt.
Løypa skal ifølge Stenshagen, ha bratte utforkøyringar med skarpe svingar og kumlokk.
KRITIKK: Mattis Stenshagen var nådelaus i kritikken mot arrangøren.
Foto: Håvard Greger Hagen / NRKMåtte be dei ta det med ro
Landslagsleiinga måtte be utøvarane om å vere meir forsiktige.
– Det blei litt farleg. Eg synest samtidig litt synd på arrangøren. Det er litt for «sketchy» trase med to skarpe svingar med medvind, så det går ekstra raskt. Det kumlokk der også, i tillegg starta det å regne då gutane byrja å gå, seier landslagstrenar Arild Monsen til NRK.
UTE: Harald Østberg Amundsen og Even Northug tek ein prat med arrangøren, før dei drar frå Hitra før kvartfinalane.
Foto: Anders Skjerdingstad / NRKEtter kritikk frå utøvarar og trenarar, endra arrangøren sprintløypa.
– Det er tragisk Jan Thomas har skada seg. Eg håpar det går bra med han, seier arrangementsansvarleg Daniel Myrmæl Helgestad.
– Eg ser at sprintløypa er farleg. Eller at han er ueigna for ein prolog. Me har endra løypa for finalane, seier Helgestad.
Arrangøren tar sjølvkritikk, og lovar å endre løypa til neste år.
– Me skal sjølvsagt fikse ny løype til nesten år. Det skal me definitivt gjere.
Sjå Toppidrettsveka direkte her:
Publisert 23.08.2025, kl. 20.08 Oppdatert 23.08.2025, kl. 20.31