Over heile landet har gamle båtar blitt byta ut med nye hybrid- og elbåtar.
I fjor var det ein av hurtigbåtane som kryssar Sognefjorden sin tur til å bli byta ut med ein hybridbåt.
Men det grøne skiftet på fjorden har ikkje vore problemfritt.
Sjølv om båten kan gå på batteri og diesel, var planen at han i hovudsak skulle bruke batteri.
Når hybridbåten MS Lysefjord legg til kai i Ortnevik er damp og eksos i skjønn foreining. Fartøyet er definert som hurtigbåt, men med plass til bilar er han òg pendlarane si bilferje.
Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRKMen då båten kom, var ikkje ladarane klare.
Som ei mellombels løysing har han ofte brukt eit dieselaggregat om bord på båten til opplading. Båten slit derfor med å halde den naudsynte farta.
Resultat: Over 180 forseinkingar på sju månadar.
I tillegg har båten tidvis vore innstilt.
– Veit aldri når forseinkingane kjem
Inge Brekke er avhengig av båten for å pendle frå sørsida til nordsida av fjorden.
Dersom båten ikkje går, må Brekke køyre ein omveg på nesten 2,5 timar – kvar veg.
Han er frustrert over alle forseinkingane.
– Vi veit aldri når forseinkingane kjem, og dei kjem gjerne på kort varsel.
Inge Brekke viser fram tekstmelding om alle forseinkingane.
Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRKKollektivselskapet Skyss erkjenner at det har vore ein markant auke i forseinkingar og innstillingar etter at den nye båten blei sett i drift.
Leiar for kontrakt i Skyss, Karl Inge Nygård, har forståing for at bygdefolket er fortvila.
– Utfordringa er at vi ikkje har fått etablert ladeinfrastrukturen og at båten må klare seg utan straum.
Årsaka er at ladestasjonen treng meir plass – og nettsituasjonen i området.
Problem fleire stader
Regjeringa gjekk i haust bort frå å innføre krav om låg- eller nullutslepp på hurtigbåtar, fordi dei meiner at ambisjonsnivået hadde sprunge framfor det som er teknisk og økonomisk mogleg å få til.
Sidan dei er raskare enn bilferjer, krev hurtigbåtane meir energi. Problema har difor tårna seg opp:
- Då den prislønte hurtigbåten «Medstraum» skulle på verkstad i sommar, måtte dei ha med dieselaggregat for å halde høg nok fart.
- Dei nye elektriske hurtigbåtane som går til og frå byøyane utanfor Stavanger treng så lang tid til å lade at kollektivselskapet Kolumbus måtte fjerne avgangar.
- I Florabassenget utanfor Florø kunne øyfolk knapt hugse sist gong båten var presis, to månadar etter dei fekk sin hybridbåt.
Pendlarar til øyene utanfor Florø på veg inn på ein hurtigbåt. Då moderne hybridbåtar tok over rutene her i mai 2024 stod problema i kø.
Foto: Steinar Lote / NRKDyrt og treigt
Å ikkje få rutetabellen til å gå opp er ei av utfordringane med å gå frå fossilt drivstoff til batteri på sjøen, forklarar Kenneth Rødseth ved Transportøkonomisk institutt.
Han har forska på utfordringane med å bruke el-hurtigbåtar, altså båtar som berre går på batteri.
– Det er betydelege rekkeviddeutfordringar med nullutsleppsfartøy samanlikna med dagens fartøy, som gjer det vanskelegare å få rutetabellen til å gå opp.
I tillegg er overgangen til elbåtar er dyre, sidan det kostar mykje å blant anna skaffe eller bygge om fartøy, og å etablere lade- og fylleinfrastruktur på land.
Han understrekar at han i hovudsak har forska på nullutsleppsfartøy og ikkje hybridfartøy.
Forskar: Moden hybridteknologi
Anders Valland ved Sintef seier at teknologen er umoden for reine elektriske hurtiggåande båtar.
Unnataket er dei aller kortaste sambanda.
For hybrid-hurtigbåtar meiner har derimot at teknologien klar til å takast i bruk.
– Vi er likevel avhengig av å bygge tilstrekkeleg kapasitet i båtane til å kunne oppretthalde drifta på eit forsvarleg nivå.
Sidan hybridbåtar både kan gå på fossilt drivstoff og batteri, bør dei klare dette så lenge det er nok motorkapasitet, forklarar forskaren.
Inge Brekke håper at det blir slutt på alle forseinkingane.
Foto: Ingeborg Grindheim SlindeLangs Sognefjorden må Inge Brekke enn så lenge belage seg på meir venting på kaia fram til Skyss har funne ei løysing på pendlarbåten hans.
– Det har ikkje vore nokre problem med båten tidlegare, så vi er jo vande til at han går når rutene seier at han skal gå.
Publisert 10.02.2025, kl. 05.11