Filmaktuelle Jamie Lee Curtis samanliknar brannane med Gaza

4 months ago 32


No får skodespelar Jamie Lee Curtis kritikk for å ha samanlikna brannen i Pasific Palisades med krigen i Gaza, skriv Independent.

– Det ser dessverre ut som Gaza, eller eit av desse krigsherja landa kor forferdelege ting har skjedd, sa Curtis.

Uttalen kom da ho deltok på eit pressemøte om filmen The Last Showgirl saman med tidlegare skodespelar og modell Pamela Anderson.

Skodespelar Jamie Lee Curtis i The Tonight Show.

Innlegget går viralt på sosiale medium og samanlikninga vekker harme hos fleire, ikkje minst på X.

Ein brukar skriv:

«Jøss dette er ingenting som Gaza! Ikkje samanlikn ein naturkatastrofe med eit folkemord!»

Jamie Lee Curtis, som bur i Pasific Palisades var blant mange som måtte evakuere frå heimane sine.

Ho har også donert 1 million dollar til hjelpearbeid etter brannane

Under ein opptreden i The Tonight show fortalde ho gråtkvalt at brannane er katastrofale.

Ho har ikkje kommentert kritikken som kjem.

Branntomta til Mel Gibson

Her budde Mel Gibson og familien. No er det berre ruinar igjen.

Foto: Backgrid USA

– Hjarteskjærande

Ei rekke kjende menneske har mista heimane sine i brannane, blant dei Mel Gibson, Adam Brody, James Woods, Jennifer Garner og Paris Hilton.

– Det er hjarteskjerande og emosjonelt, sa Gibson på NewsNations Elisabeh Vargas Report, skriv BBC.

Gibson fortel vidare at han har budd på eigedommen i Malibu 15 år, og at heimane til nokre av naboane hans også hadde blitt tatt av flammane.

Blant anna eigedommen til skodespelar Ed Harris.

JJ Redick, hovudtrenar for NBA-laget Los Angeles Lakers, fortalde fredag at familiens heim gjekk med i brannane som herjar byen.

– Det er mange år sidan eg har gråte så mykje. Alle tinga som betydde noko for oss, er borte, sa han etter treninga til laget fredag.

JJ Redick

JJ Redick møter media 10. januar. Der fortalde han om brann-sjokket.

Foto: Damian Dovarganes / AP

Dødstala kan stige

Laurdag blei det meldt om ein ny brann i Mandeville Canyon som truar bydelen Brentwood.

Området ligg nokre få kilometer aust for Pacific Palidades i retning Beverly Hills og Hollywood.

Dødstala etter brannane i California har no stige til 11, ifølge rettsmedisinaren i Los Angeles.

Fem av dei er lokaliserte i brannen i Palisades og seks i Eaton-brannen rundt Altadena.

Myndigheitene seier at dei ikkje har høve til å fastslå kor mange som har mista livet før det er trygt for etterforskarar å gå inn i brannområda.

John Shaver

Pastor John Shaver leitar fortvilar i ruinane etter kyrkja han leda i Palisades-området. Pastoren mista både kyrkja og heimen sin.

Foto: MARIO TAMA / AFP

Vinden aukar igjen

Det er førebels vanskeleg å seie noko om kor store verdiar som har fått tapt i brannane, men det blir spekulert i skadar og tapte verdiar for over 50 milliardar dollar.

Brannmannskap frå store område og fleire statar er i aksjon i kampen mot flammane.

Vinden som har spreidd flammane har løya, men er venta å ta seg opp igjen.

Det gir likevel eit pusterom for brannmannskapa.

– Vinden kjem til å auke igjen dei kommande dagane, seier Deanne Criswell, administrator i Federal Emergency Management Agency (FEMA).

(Kjelder: NTB, Yahoo, BBC)

Publisert 11.01.2025, kl. 12.41

Read Entire Article