Fiskarar fryktar konkurs – EU får fiske meir norsk torsk enn på 25 år

4 months ago 31


EU får meir av vår torsk enn dei har fått på 25 år.

Samtidig står mange norske fiskarar på randa til konkurs. Dei vil få den lågaste torskekvoten sidan 1991.

Rune Nilsen som skal greie garn.

– Forhandlinga med EU går over hovudet på mange fiskarar, seier Rune Nilsen som er fiskereiar.

Greier garn

Nilsen som bur på ei lita øy utanfor Florø, synest det er rart at han sjølv mister torsk, men torskekvota til EU aukar både i kvantum og prosenten.

Rune Nilsen som køyrer truck

– Eg vel å vere optimistisk, men kvoten vår blir redusert kraftig neste år. Vi prøver eit år til, så får vi sjå etter det, seier Nilsen

Rune Nilsen som skal greie garn

Sjølv når Nilsen ikkje er på havet, tar ikkje jobben som fiskar slutt.

Runse Nilsen som greier garn

Fleire hundre meter med garn må Nilsen greie gjennom før han og resten av mannskapet om bord på garnbåten Skjongholmen reiser på skreifiske i vinter.

Garndunge med eit par arbeidshanskar oppå

– Driv du fiske må du vere evig optimist. Du kan rett og slett ikkje vere pessimist, då er det berre å legge inn årane, seier Nilsen.

Å behalde optimismen kan for mange bli vanskeleg til neste år.

Kvart år blir Noreg og Russland einige om kor stor den totale kvoten for nordaustarktisk torsk skal vere.

Kvoten blir rekna i tonn torsk.

EU har fått 10.316 tonn torsk frå Noreg i Noregs Økonomiske Sone i Barentshavet, som er 3.16 prosent av den totale kvoten for nordaustarktisk torsk.

EU har ikkje hatt ei så høg prosentvis kvote sidan 2010. Då var Storbritannia ein del av EU.

Etter Brexit får EU og Storbritannia separate kvotar.

Samla sett utgjer EU og Storbritannia sin kvoteandel det som EU fekk tildelt før brexit, seier fiskeri- og havbruksminister Marianne Sivertsen Næss.

Fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss i Vardø

Fiskeri- og havbruksminister, Marianne Sivertsen Næss meiner alle vil merke nedgangen i torskekvota. Likevel meiner ho norske fiskarar vil bli skåna.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Men EU aleine vil prosentvis få den største kvoten sidan 2010.

EU og Storbritannia samla, vil i 2025 ha nesten ein halv prosent høgare andel enn det dei fekk i 2020. Siste året Storbritannia og EU fekk kvote saman.

Likevel meiner Næss at norske fiskarar ikkje vil tape på den auka torskekvoten til EU.

Kjelder: Havforskningsinstituttet, Regjeringa.no, Regjeringa.no, og Regjeringa.no

Tøffe år i vente

Sidan 2016 er den norske torskekvoten meir enn halvert, og den har ikkje vore så låg sidan 1991.

– Det er veldig mange som slit. Vi blir nok å sjå eit betydeleg konkursras langs kysten om det ikkje blir gjort tiltak, seier Tom Vegar Kiil, leiar i Kystfiskarlaget.

Då er det sært at regjeringa gjev ytterlegare meir fisk til EU, påpeiker han.

Tom Vegar Kiil 3. kandidat SV

Tom Vegar Kiil meiner det er kysten som må betale rekninga.

Foto: Inghild Eriksen

Kiil er redd for at fisken er blitt brukt som forhandlingsmiddel for at Noreg skal få tilgang til EU sitt marknad.

Kysten betaler prisen

Noreg har ein folkerettsleg plikt å tilby EU 4,14 prosent av den totale kvoten på nordaustarktisk torsk.

Som kompensasjon for at Noreg gjev EU fiskekvotar, får vi kvote på fleire fiskeartar frå EU.

Mellom anna reke, blåkveite og uer i Grønnlandssona, og kolmule i EU-sonen.

– Det er jamt over Havfiskeflåten som kan gjer nytte av kvotane vi bytter til oss frå EU, og det er vi ved kysten som betaler prisen, seier Kiil.

Kiil påpeiker også at Storbritannia har hatt dei viktigaste områda for fiske. Dermed bør kvotane til EU reduserast, og iallfall ikkje auke.

– Alle som fiskar på torsk i nord, vil merke ein nedgang. Norske fiskarar vil tene på at vi stadig forbetrar forvaltninga av våre viltlevande ressursar, seier fiskeri- og havbruksminister, Næss.

Av 5478 norske fiskebåtar, er det eit fåtal som har moglegheit til å fiske desse artane, og som dermed tener på kvotane frå EU, meiner Kiil.

Rune Nilsen som viser kordinater for kor han setter garn

– Det går på marginar. Eg har over 30 år studert kart, og skreve ned notat for kor dei gode fiskeplassane kan vere, seier Nilsen.

Foto: Katarina Trymsdatter Vatnvåg

Rune Nilsen er på mange måtar ein av dei heldige.

– Vi fiskar både torsk i Nordsjøen og i Barentshavet. Dei som bur nordpå er mykje meir avhengig av torskefiske der oppe, og har ikkje moglegheit å reise til Nordsjøen slik vi gjer.

Hei!

Har du tips til meg om denne saka?
Eller kanskje til ein anna sak?  

Send meg gjerne ein e-post då! 

Publisert 30.12.2024, kl. 16.22

Read Entire Article