Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_aa8f3291735fdd09d26f31370bedd795, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Flaum fleire stader i Rogaland: – Lenge sidan det har vore så gale - NorwayToday

Flaum fleire stader i Rogaland: – Lenge sidan det har vore så gale

3 days ago 3


– Vi tilrår å parkere bilane på ein sikker stad i høgda, då vassmengdene er stigande, skriv Sokndal kommune.

Det har kome store mengder nedbør i Rogaland i løpet av natta, og det vil komme meir i løpet av dagen.

Frå søndag kveld fram til natt til tysdag er det venta mellom 80–100 mm regn.

Dette har ført til svært høg vasstand fleire stader, og spesielt kommunesenteret Hauge i Sokndal er råka.

Sokndal - vatn

I delar av kommunen er vasstanden no på 70 mm

Foto: Privat

– Det flyt med vatn på fotballbana, på torget og på kyrkjeplassen. Dei som kan la bilen stå, bør gjera det, seier teknisk sjef i Sokndal kommunen, Dagfinn Mydland.

– Det er lenge sidan det har vore så gale.

Det er berre ein månad sidan den flaumråka kommunen sist opplevde at elva flaut over.

Stengd ungdomsskule og krisestab

– Frå klokka 8 blir det sett krisestab i kommunen på grunn av høg vasstand, fortel ordførar i Sokndal, Bjørn-Inge Mydland.

Ordføraren oppmodar alle foreldre om å halde ungane heime frå skulen i dag.

Bilde viser en oversvømt landsby med flere hus synlige i vannet. Trær står delvis nedsenket i flomvann, mens grønne områder også er synlige. Omgivelsene inkluderer åser i bakgrunnen og vannrefleksjoner fra belysningen i bygningene. Skyene er grå, noe som kan indikere dårlig vær.

Slik såg det ut då elva gjekk over breddene tidlegare i desember.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Det er veldig mykje vatn i sentrum akkurat no, og vi trur det er best å halde fokus på det vi skal, seier ordføraren.

– Det er veldig uoversiktleg no. Det handlar om at det er mørkt, og når vi no set stab, så vil vi få ei statusoppdatering på korleis vi ligg an, held han fram.

I Stavanger har Hinna ungdomsskule vore nøydd til å stenge.

– Eg står i et av klasseromma, og her er det et par centimeter med vatn på golvet, det er ikkje så lett å ha elevar her nå, seier rektor på Hinna ungdomsskule, Stian Rege.

Hinna ungdomsskule flaum, maskin

Frå Hinna ungdomsskule.

Foto: Privat

Då NRK prata med han, fortel han at det var eit par elevar som hadde måtte snu i døra.

– Dette har vi ikkje vore borti før. Vi har hatt nokon lekkasjar og litt flaum i kjellaren før. Men det har ikkje vore fare for elevar og tilsette. Dette er nytt, for å seie det sånn.

Fleire oppdrag på vent

Vaktleder ved 110-sentralen, Peter Malde, fortel at dei har vore ute på ein del oppdrag, men at ein del oppdrag også er på vent.

– Det er store mengder vatn i Sandnes-området. Vatn i kjellarar er hovedproblemet, seier han og held fram:

– Vi tar ein ting om gongen, og prioriterer ressursar.

– Kva er oppfordringa til folk?

– Folk må sjekke slukar og tomta rundt bustaden sin. Så eventuelt gjera tiltak for å unngå problem med vatn. Har du hatt flaum før, er det sjanse for at det skjer igjen.

Omringa av vatn

Per Inge Hansen bur like ved elva Sokna i Sokndal og har fått store vassmengder rundt eigedommen sin.

Eg har nå vatn i kjellaren i huset og rundt heile eigedommen. Det er som å bu i ein innsjø, seier Hansen.

Han tippar det er om lag ein halvmeter vatn i kjellaren.

Dette blir nok ein av dei største flaumane eg har opplevd. Det ser slett ikkje bra ut. Nå må eg ha båt eller svømma for å komma med av garde.

Kjelleren til Hansen flom

Garasjen til Per Inge Hansen måndag morgon.

Foto: Privat

Det er noko jækla drit, men det er ikkje meir å gjera enn å sitja stille og roleg, seier Hansen, som peiker på at så lang ikkje er fare for liv og helse.

Lars Kristian Eikeland, som jobbar på Kiwi på Hauge, har akkurat målt vatnet som ligg på 29 centimeter ved partiet for varelevering.

Eikeland fortel at dei har fått berga dei fleste varene ved å flytta dei opp i høgda

– Det renner i strie straumar utanfor inngangspartiet, så foreløpig er det litt kaos. Eg trur heller ikkje det er så mange som er interessert i å handle, fortel Eikeland.

Publisert 15.12.2025, kl. 07.39 Oppdatert 15.12.2025, kl. 09.00

Read Entire Article