– Inne i kyrkja ville me sjå ansikta til folk, ikkje mobilane deira, seier nygifte Line Røneid Hagen og Vegard Hanssen.
Dei bad gjestane legge vekk mobilane då dei gifta seg i Bergen tidlegare i sommar. Ideen fekk dei frå eit anna bryllaup dei var i.
– Me ville at folk skulle vere til stades, at augeblikket skulle vere i fokus og ikkje skjermen.
Og stadig fleire ønsker det same.
– Me kan ikkje talfeste det, men eg høyrer frå prestar i heile landet at det blir meir og meir vanleg, seier Emil Tan Engeset, kommunikasjonsdirektør i Den norske kyrkja.
Han trur det handlar om å ta notida tilbake etter mange år med mykje skjermbruk i samfunnet.
I kyrkja fekk ikkje gjestane lov til å ta eigne bilde.
Fotograf Susann Taline- Her kan du lese om ein dings som skal hindre folk i å bruke mobil under konsertar og arrangement.
– Gir ei anna ro
Også i Human-Etisk Forbund merkar dei trenden.
Vigslar Andreas Bjørnstad har leia seremoniar for fleire par som har hatt mobilforbod. Han opplever at det gir nærleik og ei ekstra ro under vigsla.
– Eg er jo mest opptatt av at dagen skal bli akkurat slik para ønsker, men personleg synest eg det er veldig fint at dei som er til stades under vigsla, ser vigsla med eigne auge.
Bjørnstad har verv som vigslar i Human-Etisk Forbund.
Foto: Nicolai Solbakk WillumsenHan har fått tilbakemeldingar på at det kan vere forstyrrande at gjestar veivar med mobilane for å filme og ta bilde under seremonien.
Stort sett respekterer dei fleste mobilforbodet.
Fotografar har sett trenden lenge
– Dei fotografane eg har snakka med fortel at åtte til ni av alle bryllaupa dei skal fotografere i sommar, har mobilfrie vigslar, seier dagleg leiar i Noregs Fotografforbund, Linda Dyrnes.
I programmet som blei delt ut i kyrkja stod det at gjestane var velkomne til ein mobilfri vigsel.
Fotograf Susann TalineDet er ikkje ein ny trend, men ei utvikling som har gått føre seg dei siste 10-15 åra, meiner ho.
– Gjer det at det blir fleire oppdrag på medlemmane dykkar?
– Det er vanskeleg å seie om det har blitt fleire oppdrag, men det har blitt vanlegare å bruke ein profesjonell fotograf gjennom heile bryllaupsdagen.
Då kan gjestar som knipsar eigne bilde under vigsla kome i vegen for den innleigde fotografen.
– Mobilskjermar, lys og ein onkel eller tante som går i vegen for å ta eigne bilde kan øydelegge for dei profesjonelle bilda.
Motsett trend på rådhuset i Bergen
Men på rådhuset i Bergen ser dei ikkje same trenden – heller tvert i mot, seier vigslar Heidi Johannessen.
Ho har sett bryllaupsgjestar i Facetime-samtalar under sjølve vigsla og trur det er minst like mykje mobilbruk no som før.
– Det har ikkje forstyrra. Eg synest det er fint at teknologien gjer verda mindre. Det er litt rørande at ei mor eller ei bestemor på andre sida av verda får ta del i opplevinga, seier ho.
På rådhuset i Bergen ser vigslar Heidi Johannessen ikkje noko til den mobilfrie trenden.
Foto: Odd Arne OlderbakkGjestane i Line og Vegard sitt bryllaup i sommar respekterte mobilforbodet og overheldt det.
– Mor fekk først litt panikk for at ho ikkje skulle få foreviga noko som helst av det som skjedde inne i kyrkja, at ho skulle gå glipp av det. Men det gav seg då ho fann ro i at det kom til å bli tatt bilde uansett, seier Vegard.
Publisert 31.07.2025, kl. 11.07