Seksjonsoverlege ved Hormonlaboratoriet på Oslo Universitetssjukehus, Per Medbøe Thorsby, reagerer på produksjonsfeilen hjå Felleskjøpet, som førte til for mykje D-vitamin i egg.
– Det er oppsiktsvekkande at ein har gjort så grov feil ved tilsetjing i fôr at eitt egg kan innehalde heile 300 mikrogram vitamin D, seier Thorsby.
Han opplyser at dette er 20–30 gonger den tilrådde daglege dosen og kan få alvorlege konsekvensar for helsa.
Per Medbøe Thorsby, førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo og seksjonsoverlege ved Hormonlaboratoriet.
Foto: Fathia Mahmoud Farah / NRKFelleskjøpet har fått slakt, mellom anna frå Nortura, som krev at liknande feil ikkje skjer med andre fôrprodukt.
Felleskjøpet skriv til NRK at dei ser alvorleg på saka og sat umiddelbart inn beredskap då feilen vart oppdaga.
– Dette skuldast ei rutinesvikt hjå oss. Vi har ansvaret og må lære av dette, skriv Sigbjørn Vedeld, seniorrådgjevar i Felleskjøpet.
Ta ein enkel blodprøve
Vitamin D er eit vitamin og prohormon som spelar ei sentral rolle i regulering av kalsiumbalansen og bevaring av skjelettet.
Vitaminet er viktig, særleg om vinteren når sola ikkje gir nok tilskot.
Likevel kan for høgt inntak bli eit problem, ifølgje hormonlegen.
Han peikar på at mange nordmenn får i seg mykje vitamin D, òg utover eggeskandalen dei siste vekene.
Her blir prøvene førebudde for analyse og registrerte før dei blir sende vidare til laboratoriet.
Foto: Fathia Mahmoud Farah / NRKFor dei som er bekymra for om dei har fått i seg for mykje av vitaminet, har han eitt råd:
– Ta ein enkel blodprøve hos fastlegen.
Dersom nivåa er over det som er normalt, rår han folk til å unngå vitamin D-tilskot for ei stund.
Kva er D-vitamin?
- D-vitamin har fleire viktige, hormonliknande funksjonar i menneskekroppen.
- Det er eit feittløyseleg vitamin som blir lagra i kroppen og ikkje utskilt i urinen.
- Det kan føre til opphoping ved for høgt inntak.
Symptom på D-vitaminforgifting
- Magesmerter, kvalme, dårleg matlyst
- Hovudpine, svimmelheit, trøyttheit
- Muskelveikskap, auka tørste og vasslating
Dette gir seg i løpet av nokre veker
Alvorlege tilfelle kan føre til:
- Trøyttleik
- Forvirring
- Psykose
- Nyreskade
- I verste fall koma
Dette bør du hjere viss du har for høge nivå:
- Ta kontakt med fastlegen og få målt nivået ditt
- Unngå tilskot om du alt har eit høgt inntak gjennom kosthald
- Ved alvorlege symptom, kontakt Giftinformasjonen på 22 59 13 00
Kjelder til D-vitamin:
- Sollys
- Matvarer som fisk, egg, tran og berika mjølkeprodukt
- Kosttilskot
Auka D-vitaminverdiar på Austlandet
Blodprøver frå Hormonlaboratoriet ved OUS viser at mange nordmenn har for høge verdiar.
Hormonlegen meiner dette kjem av både kosttilskot og berika matvarer.
Her blir prøvene analyserte for å sjekke D-vitamin-nivået.
Foto: Fathia Mahmoud Farah / NRKI januar 2025 vart det registrert 60 prøver med for mykje D-vitamin, mot 45 i januar året før.
Sidan november 2023 har om lag 700 pasientar for høge D-vitamin-nivå, ifølgje OUS.
Av desse hadde rundt 30 personar «ekstremt høge» nivå.
– Vi ser ei auke, men førebels ikkje ei eksplosiv utvikling. Likevel vil vi overvake dette nøye framover, seier Thorsby.
I dette laboratoriet blir prøvene analyserte for å måle D-vitamin-nivået i blodet og vurdere om det ligg innanfor normalområdet. Analysen kan avdekke både mangel og overskot av vitaminet.
Foto: Fathia Mahmoud Farah / NRKHaukeland universitetssjukehus rapporterer til NRK at dei ikkje har sett ei tilsvarande auke.
Ifølgje Kristin Viste, seksjonsoverlege ved Haukeland, hadde 2,7 prosent av prøvene frå januar i år forhøgja D-vitamin, mot 3,4 prosent året før.
– Vi ser med andre ord ikkje nokon auke, seier Viste.
Ho legg til at dei ikkje har informasjon om kva som har forårsaka dei høge verdiane, eller om dette kan knytast til eggskandalen.
Brukar du D-vitamin tilskot?
Kan gi alvorlege helseproblem
Thorsby fortel at Vitamin D er et feittløyseleg vitamin og hopar seg derfor opp i kroppen når man får for mykje over lang tid.
– Mange trur at jo meir vitamin ein får i seg, jo betre er det, men det stemmer ikkje for D-vitamin. Fordi det ikkje blir skilt ut i urinen, kan store dosar hope seg opp i kroppen over tid og bli farlege.
Dette kan gi alvorlege helserisikoar.
– Viss ein har for høgt nivå over lang tid, kan enkelte pasientar utvikle nyresvikt på grunn av kalknedslag i nyrene, opplyser Thorsby.
Kalknedslag kan skade nyrene, redusere funksjonen og i verste fall føre til nyresvikt.
Sjølv om legen fortel at dette er sjeldan, seier han at det er veldig alvorleg når det fyrst oppstår.
Bør ein vere forsiktig med tilskot?
Hormonlegen fortel at det vanlege er mangel på D-vitamin.
Han meiner likevel at folk bør kjenne D-vitamin-nivået sitt før dei tek tilskot utover det tilrådde, spesielt ved dosar over 20 mikrogram dagleg.
– For dei fleste er eit variert kosthald nok. Dersom ein får i seg D-vitamin frå fisk, egg og berika mjølkeprodukt, kan det vere lurt å sjekke nivået før ein tek ekstra tilskot, seier han.
For dei som har høge nivå, er rådet klart:
– Dropp tilskotet ei stund og la kroppen justere seg naturleg, seier han.
Publisert 14.02.2025, kl. 18.38