– Eg er sjølvsagt veldig glad. men det er ei stund til at det skal stemmast over. Men vi er optimistar.
Det seier Anders Helliksen, som er overlevande etter Kielland-ulukka og styreleiar for Kielland-nettverket.
– Dette har vi arbeidd for lenge, seier han til NRK.
Anders Helliksen er overlevande etter Kielland-ulukka.
Foto: Per-Kåre SandbakkFor no ligg det an til fleirtal for kompensasjon etter Kielland-ulukka.
Det var 123 menneske som omkom då Alexander L. Kielland-plattforma kanta 27. mars i 1980 på Ekofiskfeltet i Nordsjøen.
– Det er vi veldig glad for, dette er eit historisk gjennomslag, også må vi halde det fleirtalet samla, seier Mímir Kristjánsson til NRK.
Dette er etter at Venstre snur og støttar forslaget.
– Behandlinga av dei overlevande og etterlatne etter Alexander Kielland-ulykka har lege der som et ope sår i årevis, og det er på tide å sette punktum, seier Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant frå Venstre.
Sveinung Rotevatn seier til NRK at Venstre no er med, og kjem til å stemme for forslaget.
Foto: William Jobling / NRKStortinget skal stemme over saka 5. juni.
Det er Senterpartiet sitt forslag om å gå inn for kompensasjon som ligg an til fleirtal.
Men dei vil fyrst kvalitetssikre informasjonen om dei to rapportane om korleis dei etterlatne har blitt følgt opp etter ulukka.
Vil kvalitetssikre rapporten
– I dei to grundige rapportane, kor den eine er frå Universitetet i Stavanger, er det kome fram nye fakta. Det er så sterkt for meg at vi må få ei offisiell vurdering av fakta for det som er grunnlaget for ein kompensasjonsordninga, seier Per Olaf Lundteigen (Sp), nestleiar i arbeids- og sosialkomiteen.
Det er riksrevisjonen som får i oppdrag å kvalitetssikre informasjonen i løpet av 2025.
– Det er eit stort ansvar for staten, og eit betydeleg kompensasjonsbeløp som må betalast. Derfor må dei to punkta i forslaget henge saman, seier Lundteigen.
Etter rapporten frå Universitetet i Stavanger vil Helliksen takke dei.
– Eg vil takke Universitetet i Stavanger for arbeidet dei har gjort for oss, det er hovudårsaka til at vi er kome der vi er i dag, seier styreleiaren for Kielland-nettverket.
Vil stemme mot forslaget
Berre Arbeidarpartiet og Høgre vil stemme mot forslaget om ei kompensasjonsordning til dei overlevande og etterlatne etter Alexander Kielland-ulukka.
Forslagsstillarane meiner Kielland-offera bør få erstatning på lik linje som nordsjødykkarane og oljepionerane.
Medan i staden for ei erstatningsordning vil Arbeidarpartiet og Høgre ifølge NTB be Riksrevisjonen vurdere om noko har endra seg frå den førre granskinga av ulykka.
Partia viser til at det i 1980-årene blei gjennomført et erstatningsoppgjer til etterlatne og overlevande i regi av Phillips Petroleum og Stavanger Drilling.
Staten beklaga til etterlatne
– Det har vore dårleg oppfølging av dei etterlatne, og det er kome fram ny kunnskap som viser ei rekke brot på avgjerder som ikkje var gode nok på tidspunktet ulukka skjedde. Staten har eit ansvar for at det gjekk så gale og den dårlege oppfølginga, seier Lundteigen.
Stortingets kontroll og konstitusjonskomite har behandla saka om Alexander Kielland-ulykka tidlegare.
– Eg har sete i arbeids- og sosialkomiteen i 13 år og har vore med på alle rundane om nordsjødykkarane. Det har ikkje vore enkelt Så har vi oljepionerane som de ikkje er i mål med. Så kjem denne saka om de etterlatne etter Alexander Kielland-ulykka, seier Lundteigen.
Dette beinet på plattforma brakk og var årsaka til at plattforma tippa rundt og forliste.
Foto: SCANPIX– Det har vore ein historisk urett, og det har vore rot og tull frå staten si side. Det kjennest bra å gjere opp for urett, seier Kristjánsson
I 2021 beklaga regjeringa og Stortinget for mangelfull oppfølging av ofre og etterlatne.
– Av og til trer Stortinget inn og etablerer kompensasjonsordningar basert på rimelegheitsvurdering, slik at de involverte kan få ro og samfunnet kan sette et verdig punktum. Det er tid for å lukke Kielland-kapittelet i norsk historie, og Venstre vil bidra til ein verdig avslutning, seier Rotevatn til NRK.
Publisert 28.05.2025, kl. 17.47