Førar av motorsykkel omkom i ulykke i Rauma

4 hours ago 2


Ulykka skjedde mellom midnatt og klokka 01 natt til tysdag. Den hadde skjedd på fylkesvegen mellom Isfjorden og Åndalsnes i Rauma.

Politiet fekk melding at ein lettmotorsykkel og føraren låg i grøfta. Det blei tidleg varsla at det var ei alvorleg ulyukke, og det blei utført hjarte- og lungeredning, medan luftambulansen blei tilkalt.

Luftambulanse og flere nødetater på plass etter ulykke.

Luftambulansen blei tilkalt.

Foto: Arnt Morten Olsen / NRK

Klokka 03 meldte politiet av ein person omkom i ulykka, og at pårørande var varsla.

Vegen stengt

Operasjonsleiar Jørgen Molnes ønskjer i 05-tida ikkje å seie noko om kvar vedkomande kjem frå. Heller ikkje alder eller kjønn på den omkomne er førebels frigitt.

– Både politiets teknikkarar og vegvesenets undersøkingsgruppe har starta undersøking på staden. Vegen har vore stengt sidan ulykka, og førebels er det usikkert når den opnar igjen, seier Molnes.

Publisert 17.06.2025, kl. 05.27

Read Entire Article