MDG foreslår å etablere 11 nye nasjonalparkar innan 2030 for å skape «ein renessanse for norsk naturvern».
Sjå heile ønskelista under.
Partiet la fram forslaget i Politisk kvarter torsdag morgon, i forkant av landsmøtet som startar same dag.
– Miljødirektoratet meiner det er fagleg grunnlag for mange nye parkar, men det verkar som regjeringa har lagt rapporten deira i ei skuffe, stikk i strid med Naturavtalen som forpliktar oss til å verne langt meir, seier Une Bastholm til NRK.
Sjå tilsvar frå regjeringa lengre ned.
Ny nasjonalpark? Masfjordfjella i Alver og Masfjorden kommune
Øystesefjella i Kvam, Samnanger og Vaksdal kommune
Sunnmørsalpene, Ørsta kommune
Nordmarka-Krokskogen
Bynasjonalpark, Trondheim kommune
Lyngsalpan, «oppgradert» frå landskapsvernområde til nasjonalpark
Preikestolen, Hjelmeland og Strand kommune
Utvide Rondane nasjonalpark med store deler av Hedmarksvidda
Utvide Jotunheimen nasjonalpark mot Bygdin og Tyin, Langsua og Fanaråken og Hurrungane
Utvide Østmarka nasjonalpark til å omfatte heile marka
– Bør følge opp dei nasjonalparkane vi allereie har
Forslaget om å etablere fleire nasjonalparkar set i spel ei rekke konfliktar knytt til eigedomsforhold og lokal sjølvråderett.
Andre argumenterer med at Noreg allereie har eit omfattande nettverk av verneområde, og bør konsentrere seg om desse framfor å etablere enda fleire.
– Hovudfokus no må vere å følge opp dei nasjonalparkane vi allereie har etablert, seier stortingsrepresentant for Senterpartiet, Erling Sande.
Sande, som var kommunal- og distriktsminister inntil nyleg, legg til at nasjonalparkane må komme lokalsamfunna til gode.
Noreg har i dag 48 nasjonalparkar, som totalt utgjer rundt 17 prosent av fastlandet.
– Fleire utvidingar kan skape utfordringar for viktige samfunnsinteresser som kraftproduksjon, framkomme og tradisjonelle jakt- og fiskerettar, seier Terje Halleland (Frp), som er medlem og Energi- og miljøkomiteen på Stortinget.
Foto: Håkon Mannsåker– Vi får dette tredd ned over hovuda våre
Da Miljødirektoratet peika på nye moglege nasjonalparkar i 2021, stegla fleire av grunneigarane i dei verneaktuelle områda.
I Bergens Tidende protesterte bønder i Romarheimsdalen i Nordhordland mot planane:
– Vi får dette tredd ned over hovuda våre. Som grunneigar risikerer du å vere den som sit igjen med minst rettar på eigen grunn, sa Hans Magne Haukeland.
Ideen om at nasjonalparkstatusen kan vere eit (for) tungt smykke rundt halsen, har også meldt seg i tilfella Sunnmøre, Trollheimen og Østmarka.
I Oslo sitt tilfelle blei det gjort eit poeng av at kommunen ville bli nøydd til å søke om dispensasjon frå fredingsreglane for å felle London-grana.
Bjørn Gimming, leier i Noregs bondelag, åtvarar mot å gjere naturvern til eit spørsmål om symbolske grenser på kartet.
– Det handlar ikkje berre om å etablere fleire område, men om korleis vi faktisk forvaltar og varetar naturen.
Han legg til:
– Bønder og grunneigarar er blant dei viktigaste forvaltarane av naturen i Noreg, og mange ønsker å bidra aktivt i naturvernarbeidet. Derfor er det heilt avgjerande at dette ikkje skjer over hovudet på dei som bruker og kjenner areala best.
Sjå fleire reaksjonar på MDG-forslaget under.
Eirik Pessl-Kleiven / NRK
Alfred Bjørlo, Venstre
Vi bør opprette fleire nasjonalparkar – både til lands og til havs. For å få opp tempoet i vernearbeidet i Noreg etter stillstanden dei fire siste åra, trengs det først og fremst ei ny regjering der eit miljø- og naturparti har handa på rattet. All røynsle tilseier at Arbeiderpartiet, som MDG vil at skal sitje ved makta også etter valet, er ein bremsekloss i arbeidet med å verne meir norsk natur.
Sabima
Einar Wilhelmsen, Generalsekretær i Sabima
Vi treng fleire nasjonalparkar. Det er heilt nødvendig for å ta vare på naturmangfaldet vårt. I dag er det veldig skeivt fordelt med mykje fjell, vi manglar særleg vern i låglandet, langs kysten og i havet. Veldig mange av dei trua artane i Noreg er i skogen, men vi er langt unna Stortingets mål om 10 % vern.
Gina Aakre / Gina Aakre / Skog
Per Skorge, adm.dir. i Norges Skogeierforbund
Lokal aksept må vere ein føresetnad, og kommunane må få ei tydeleg rolle i prosessen. Forskinga viser at det biologiske mangfaldet best blir varetatt ved å verne mange område framfor nokre få og store. Det er akkurat slik vi gjer det i dag, gjennom frivillig vern av skog.
Stine Mari Velsvik
Dag Sandvik, naturvernansvarleg i Bergen og Hordaland turlag
Nye nasjonalparkar og verneområde er kjærkomme for alle som er glad i naturen. Det er eit av fleire grep som er naudsynt dersom ein skal gjere alvor av dei politiske måla om å ta betre vare på naturen. Verneområda set klare grenser for kvar vi ikkje kan bygga ned naturen – bit for bit – med vegar, hyttelandsbyar og kraftverk.
MDG
Une Bastholm, parlamentarisk leiar i MDG
Naturen blir bygd ned bit for bit, fordi ansvaret er pulverisert. Staten må derfor ta meir ansvar for å bevare naturen for framtida, ved å gi natur- og matjord eit sterkt nasjonalt vern. Vi vil la staten gripe inn oftare for å stoppe nedbygging, stanse ulovlege dispensasjonar frå reglar og påskjønne kommunar som tar vare på naturen sin – ikkje dei som raserer han.
NRK
Erling Sande, Senterpartiet
Vi meiner hovudfokus no må vere å følge opp dei nasjonalparkane vi allereie har etablert. Det handlar om oppsyn og skjøtsel for å ta vare på verdiane der, og det handlar om formidling og berekraftige aktivitetar. Det er viktig for at folk og lokalsamfunn i områda der nasjonalparkane ligg, kan ha utvikling og verdiskaping knytt til aktivitetar i nasjonalparkane.
Joe Urrutia / Norsk Friluftsliv
Hans Erik Lerkelund, fagsjef for naturforvaltning i Norsk Friluftsliv
Verda står midt i ei natur- og klimakrise og det er eit akutt behov for å ta betre vare på naturen, også i Noreg. Vi meiner det må sikrast eit tilstrekkeleg vern av alle typar natur, i tråd med naturavtalen. Vi støttar derfor forslaget om å opprette fleire nasjonalparkar i Noreg. Det vil vere bra for naturmangfaldet, klimaet og friluftslivet, på både kort og lang sikt.
Alexander Nordby / NRK
Bjørn Gimming, leiar i Noregs bondelag
Når grunneigarar blir involverte tidleg og reelt, får vi betre løysingar, mindre konflikt og større naturgevinstar. Vi meiner det gir meir effekt for klima og natur å styrke tiltak i eksisterande skog- og verneområde enn å utvide med ytterlegare regulering. Naturmangfald og karbonlagring kan forbetrast gjennom aktive grep, ikkje berre gjennom restriksjonar.
NRK
Line Lillebø Osfoss, Norges Jeger- og Fiskerforbund
Nedbygging og inngrep i natur er den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg. NJFF meiner ulike former for områdevern er viktig for å ta vare på natur, og nasjonalparkar har ei naturleg rolle i dette. Formålet med naturmangfaldlova gir eit godt grunnlag for at vern som forvaltningsverktøy blir akseptert og har god oppslutning i befolkninga.
Ole Berg-Rusten / NTB
Terje Halleland (Frp), medlem og Energi- og miljøkomiteen
Prinsippet om «vern gjennom bruk» står sentralt i tilnærminga vår til naturforvaltning. Vi vektlegg også den private eigedomsretten sterkt i slike spørsmål. Derfor meiner vi at naturvern primært bør konsentrerast om offentleg eigde naturområde, eller baserast på frivillig avståing av grunn frå private grunneigarar.
– Best om initiativet er lokalt
Da regjeringa oppretta Svanøya naturreservat i fjor haust, understreka statsministeren at vedtaket ikkje var for ein hermetiserande «osteklokke» å rekne – men ein barriere for å legge til rette for god og lokal arealforvaltning.
Line Lillebø Osfoss i Norges Jeger- og Fiskerforbund seier det er «best om initiativet for å etablere eller utvide nasjonalparkar kjem frå lokalsamfunna».
– Dette for å sikre ei brei lokal forankring av verna.
– Det er også viktig at historisk og kulturell bruk av områda blir ein del av verneformålet.
Naturvernforbundet
«Buffersone» rundt Jostedalsbreen nasjonalpark
Onsdag aksjonerte Naturvernforbundet for å utvide Jostedalsbreen nasjonalpark til å omfatte Tverrfjellet i Jølster, der lokale krefter ønsker å bygge ein gondol opp til breen. Planane har skapt hissig debatt om behovet for ein «buffersone» rundt nasjonalparken. Ein symbolsk tur opp til Jostedalsbreen via Lundeskaret i Kjøsnesfjorden blei leidd an av nestleiar i Naturvernforbundet, Helene Ødven.
Ole Berg-Rusten / NTB
Ikkje aktuelt å «vengeklippe» det lokalet sjølvstyret
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen har presisert at det ikkje er aktuelt å «vengeklippe» det lokalet sjølvstyret, som andre har karakterisert som ein «akilleshæl» og «heime aleine-fest» i den norske arealplanlegginga. Presiseringa kom etter auka press – blant anna frå Naturrisikoutvalget – om å løfte meir av ansvaret over på høgare plasserte forvaltningsnivå.
Miljødirektoratet
Romarheimsdalen i Vestland
Da Miljødirektoratet peika på nye moglege nasjonalparkar i 2021, stegla fleire av grunneigarane i dei verneaktuelle områda.
Det grønfarga området er foreslått verneområde. Grensene kan bli endra i ein mogleg verneplanprosess. Dei raudstripete områda er nåverande naturreservat.
Publisert 08.05.2025, kl. 05.41