Første offisielle besøk av ein fransk president på 41 år

3 hours ago 3


Det er 41 år sidan sist ein fransk president var på offisielt besøk i Noreg.

Støre og Macron skal ha eit møte på Statsministerens kontor, før dei skal ha ein felles pressekonferanse på Nasjonalmuseet.

Dei skal også delta på eit arrangement med næringslivet.

Frankrikes president Emmanuel Macron blir teken imot av statsminister Jonas Gahr Støre på Akershus slott i Oslo.

Blant tema dei to skal snakke om er fransk-norsk samarbeid, det grøne skiftet, energi og kultur. I tillegg vil nok også verdssituasjonen med krig i Midtausten og Ukraina og forsvarssamarbeid stå på agendaen.

– Samarbeidet mellom Noreg og Frankrike blir stadig nærare, djupare og breiare. Vi har i løpet av det siste året styrkt samarbeidet om grøn industri og grøn omstilling, og om forsvar og sikkerheit.

Brigitte Macron deltek også på besøket, og følger eit eige program saman med dronning Sonja.

Måndag kveld har kongeparet invitert ekteparet Macron til gallamiddag på slottet.

Publisert 23.06.2025, kl. 17.00

Read Entire Article