Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_28671f96e1813c777dc5344f86a0acd6, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Framleis ikkje kontroll på terrengbrannen i Ålesund – to brannhelikopter står klar - NorwayToday

Framleis ikkje kontroll på terrengbrannen i Ålesund – to brannhelikopter står klar

2 hours ago 2


SISTE: Nær 300 personar er evakuerte på grunn av skogbrann i Ålesund. Brannvesenet har natt til onsdag prøvd å få kontroll på brannen på fjellet Sukkertoppen, men har ikkje lykkast med det.

Like før klokka 07.00 seier Linn Haugen i Brannvesenet at det no er færre opne flammar å sjå på Sukkertoppen i Ålesund. Dei har sendt opp drone for å få oversikt, og meiner brannen har roa seg noko.

Haugen seier regnet som har kome natt til onsdag kan ha bidrege til dette.

Meteorologen seier samtidig at det no ikkje kjem til å kome meir regn, og at vinden kjem til å ta seg opp igjen.

Brannvesenet har i heile natt forsøkt å sløkke brannen, og dei har følgt nøye med på bevegelsane til flammane på fjellet Sukkertoppen i Ålesund.

Rett over klokka 06.00 seier Eivind Klokkersund i politiet at naudetatane har fullt fokus på at brannen ikkje skal nå hus.

– Foreløpig så har vindforholda spelt på lag, men vi kan ikkje utelukke at den kan kome ned mot bebyggelsen så vi har full merksemd på det, at brannen ikkje skal nå bustadområde på sørsida, seier Klokkersund.

Sløkkeaktiviteten vil ta seg opp når det blir lyst, då har dei også to brannhelikopter klare.

– Når det blir lyst har vi fått melding om at vi har tilgang på to brannhelikopter, så då blir det tatt ei vurdering om vind og vêrforhold tillèt at dei blir sett inn i sløkkingsarbeidet.

Vurderer evakuering

Nesten 300 personar blei evakuerte tysdag kveld, og fleire har baggane sine ferdig pakka i tilfelle også dei må evakuere. Dette har blitt fortløpande vurdert i heile natt, fortel Klokkersund i politiet.

– Vi tek høgde for at det kan bli fleire som blir evakuerte, så det blir fortløpande tatt stilling til på staden.

Flammer og røyk stiger fra en skogkledd bakke om natten, og lyser opp området. I forgrunnen sees et hvitt hus med balkong, som ligger nær brannen. Omgivelsene er mørke, med bare flammene som gir synlig lys. Brannen kan indikere en skogbrann, noe som skaper bekymring for nabohusene. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Brannen har fleire gongar vore nær hus.

Foto: Remi Sagen / NRK

Dei evakuerte har fått beskjed om å møte opp på Scandic parken hotell i Ålesund.

Kommunen skriv at fleire hotell er tatt i bruk. Dei seier at ny informasjon til dei evakuerte vil bli gitt klokka 07 onsdag morgon.

Ålesund kommune melder at både skular, barnehagar og Odane idrettshall opnar etter planen onsdag. Desse bygga har blitt følgt opp i løpet av natta, og endeleg vurdering blir gjort onsdag morgon.

Flammar på sukkertoppen

Det har brunne på fjellet gjennom heile natta.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Uviss brannårsak

Første melding om brannen kom rundt klokka 14:30 tysdag. Store mannskap jobba heile tysdag og natt til onsdag med å få kontroll på brannen, men vind og utfordrande terreng har gjort jobben vanskeleg.

Tysdag kveld var skogbrannhelikopter sett inn, men den jobben måtte avsluttast like før klokka 20.00 på grunn av mørket.

Brannvesenet jobba med førebyggande tiltak gjennom heile dagen og kvelden tysdag. Mellom anna spylte dei hus med kaldvatn.

Brannvesenet har folk frå ni stasjonar utanfor Ålesund, og innsatsleiar Kjartan Molvær seier dette er det verste han har vore med på av skogbrann.

Det er uvisst korleis brannen starta.

Brann nær hus på Hessa

Brannvesenet har spylt hus med kaldt vatn for å unngå at dei skal gå med i brannen.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Publisert 18.03.2026, kl. 05.38 Oppdatert 18.03.2026, kl. 06.51

Read Entire Article