Frp fossar fram i ny måling – gruser all motstand i Sylvi-land

2 hours ago 2


– Dette er veldig gledeleg. Det er eit tydeleg signal frå veljarane at dei ønskjer Frp-politikk.

Joakim Myklebost Tangen kan juble over veljarane sin dom. Frp fossar fram i Møre og Romsdal med 30,5 prosent i målinga som Norstat har gjort for NRK.

23-åringen er kampkandidaten til Frp i Møre og Romsdal. Han er rekna som eit stort politisk talent No kan han vere på veg mot ein fast plass på Stortinget.

– Eg er veldig klar til å kjempe for god Frp-politikk som er viktig for både folk og næringsliv i fylket vårt dersom eg kjem inn.

en person som sitter ved et bord med en bærbar datamaskin

Joakim Myklebost Tangen er tredjekandidaten til Frp i Møre og Romsdal. I den nye målinga som er gjort for NRK, er han inne på Stortinget.

Foto: Trond Vestre / NRK

Stor framgang i heile landet

Frp er størst på borgarleg side i denne målinga. Partiet går kraftig fram i alle delar av landet. I mange av fylka er oppslutninga dobla frå stortingsvalet i 2021:

Meningsmåling mai 2025 Hvordan ville Norge stemt?

Vis i tillegg

Forrige måling Valget i 2021 Feilmargin

PartioppslutningPartiOppslutningEndring

29,4 %

+1,0

20,6 %

+0,3

18,4 %

−0,7

6,5 %

−0,6

5,5 %

+0,2

5,4 %

−0,1

4,0 %

0,0

3,5 %

+1,2

3,1 %

0,0

0,2 %

0,0

Partimåling fra Norstat for mai 2025 med 15 200 spurte. Viser endring fra tidligere måling i mai.

I Sp-bastionen Sogn og Fjordane kjem Frp inn på Stortinget på bekostning av Senterpartiet som fell ut.

Men aller størst er oppslutninga i Sylvi Listhaug sitt heimfylke Møre og Romsdal.

– Vi har eit veldig godt utgangspunkt. Så er det grunn til å minne om at det er lenge igjen til valet. Men vi skal kjempe heile vegen inn.

Meningsmåling mai 2025 Hvordan ville Møre og Romsdal stemt?

Vis i tillegg

PartioppslutningPartiOppslutningEndring

30,5 %

0,0

23,7 %

0,0

15,2 %

0,0

7,5 %

0,0

6,0 %

0,0

5,4 %

0,0

4,4 %

0,0

2,3 %

0,0

1,9 %

0,0

Partimåling fra Norstat for mai 2025 med 800 spurte.

Sylvi Listhaug smiler til en annen kvinne

Frp-leiar Sylvi Listhaug er godt fornøgd med partiet sin oppslutning i målinga.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Frp-veljarane har blitt meir stabile

Valforskar Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda er ikkje overraska over at veljarane peikar på Frp i Møre og Romsdal. Frp har i mange år hatt ei oppslutning i fylket som ligg skyhøgt over det nasjonale nivået.

Sidan 2021 har Frp vore det største partiet i Møre og Romsdal, og målinga stadfestar Frp sin posisjon, meiner valforskaren.

– Dette viser jo at Møre og Romsdal er eit annleisfylke i norsk politikk.

Men Folkestad seier det meste interessante med denne målinga er at Frp sine veljarar har blitt langt meir stabile enn før.

– Av dei som stemte Frp ved førre stortingsval er det heile 85 prosent som seier at dei vil stemme på Frp igjen. Det er veldig høge tal. Det vitnar om at Frp har klart å byggje opp ein solid og lojal veljarmasse.

Valgforsker Bjarte Folkestad smiler stort til kamera. Bak han ser du trær og en bil.

Valgforsker Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda er overraska over den høge lojaliteten som Frp sine veljarar viser.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Støre: Ap mot Frp

Arbeidarpartiet har for lengst peika ut Frp som sin hovudmotstandar i valet. Oppslutninga om Ap gjekk rett i vêret etter regjeringsskiftet i slutten av januar.

Senterpartiet gjekk ut av regjeringa og Ap heldt fram på eigen hand med Jens Stoltenberg som ny finansminister.

No ser Arbeidarpartiet 29,4 prosent på NRK sin måling og er suverent størst i landet. Statsminister Jonas Gahr Støre seier han er motivert og meiner partiet har meir å gå på inn mot valet.

– Hovudspørsmålet er om vi vil ha ei regjeringa som er leia av Arbeidarpartiet eller ei regjeringa som på denne målinga er leia av Frp. Det er dette valet handlar om.

en mann i dress og slips

Statsminister Jonas Gahr Støre meiner Ap har meir å gå på inn mot valet.

Foto: Javad Parsa / NTB

Tydelege

Erna Solberg må innsjå at Høgre berre er nest størst på borgarleg side. Partiet blir slått av Frp og Sylvi Listhaug i NRK si måling.

– Det er nok nokre av dei sakene som har vore i vinden der dei blir oppfatta som meir tydelege enn oss. Så må vi berre jobbe med å vere tydelege på samanhengen i politikken og kvifor folk bør stemme på oss.

en person som sitter i en stol

Erna Solberg håpar at Høgre skal gjenvinne posisjonen som det største borgarlege partiet.

Foto: Mathea Hallingstad Laugen / NRK

Publisert 22.05.2025, kl. 06.30

Read Entire Article