Fryktar NRKs nye VM-grep: – Nei! Meiner du det? Det er krise

2 months ago 14


Torsdag kveld skal dei første VM-medaljane bli delt ut i Trondheim sentrum under ski-VM.

Der vil TV-sjåarar, tilskodarar og ikkje minst utøvarane bli kjend med eit nytt grep som skal bli eit fast innslag under heile VM.

Under medaljeseremonien på kvelden ventar nemleg ein gullmikrofon midt på scena, etter initiativ frå NRK.

– Nei! Meiner du det? Det er krise faktisk, seier langrennsstjerna Kristine Stavås Skistad da ho får høyre om kva som skal skje midt på torget i Trondheim.

– Det er kritisk

Har du vunne gull, skal du gå aleine fram til mikrofonen og seie akkurat det du har på hjartet framfor tusenvis av publikummarar, mens det heile blir sendt direkte på TV.

Delar av bodskapen bli framført på engelsk ettersom TV-signalet også blir sendt ut til andre land.

– Det er kritisk. Det tenker eg er krise fordi engelsken min er forferdeleg dårleg. Den tid, den sorg, seier Skistad.

 I Trondheim sentrum.

GULLMIKROFONEN: I Trondheim sentrum.

Foto: Pia Rivelsrud / NRK

Med siger på VM-sprinten, som er Skistads store mål, vil ho bli den første langrennsutøvaren som skal prøve konseptet.

– Eg har ikkje vore så interessert i engelsk. Eg er generelt ikkje så fan av framandspråk. Eg får igjen for det no, seier ho og tar det likevel med eit smil.

Kristine Stavås Skistad var svært ordknapp da ho fekk spørsmål på engelsk under pressekonferansen onsdag:

Svenske-stikk i vente?

I den svenske langrennsleiren reagerer dei annleis på nyheita.

Maja Dahlqvist, som er blant Skistads største sprintutfordrarar på VMs første dag, stiller betre førebudd. Ho er kjærast med den amerikanske langrennsutøvaren Kevin Bolger.

– Det går bra for meg. Hadde du spurt meg for fem år sidan, hadde eg ikkje ønskt å prate engelsk, men no er det ikkje noko problem, seier ho.

Edvin Anger

IKKJE BESTEVENNER: Edvin Anger og Johannes Høsflot Klæbo. Svensken varslar eit show dersom han vinn.

Foto: Bildbyrån / NRK

Den svenske supersprintaren Edvin Anger har i forkant av VM vore den som har bidratt mest til å fyre opp i rivaliseringa mellom Noreg og Sverige.

Blant anna har han uttalt at han og Johannes Høsflot Klæbo ikkje er bestevenner, og at han kjenner seg ignorert av trønderen.

Nå ønsker Anger å bli lagt merke til om han får høve til å gripe gullmikrofonen.

– Det går an å få til noko skikkeleg morosamt der da. No må eg opp og skrive noko for å planlegge. Det er kult med så mange norske i publikum òg, gliser Anger lurt – og dermed kanskje varslar eit stikk.

NM på ski Hamar 2025

LIKER VARIASJON: Weng fryktar det kan stokke seg framfor gullmikrofonen, men har trua på konseptet.

Foto: NTB

Weng: – Alle er kjedelege på pallen

Heidi Weng er ein medaljekandidat i fleire øvingar. Skulle ho gå til topps, spår ho at ho at det kan stokke seg litt og at ho står fast, men at ho er betre i ein slik setting der det er liv og røre.

– Når det er støy i bakgrunnen kjenner eg at ikkje alle tenker på at eg pratar. Eg kjenner det kan gå bra, men det kan gå veldig dårleg òg, seier Weng.

– Det slår sikkert an. Eg kjenner alle er kjedelege når dei står på pallen, så ein burde kanskje gjere noko sånt for å få litt liv.

Ho får støtte av svenske Jonna Sundling, som har vist skremmande god form tidlegare denne sesongen.

– No veit eg at det kjem til å eksistere, så no skremmer det meg ikkje like mykje. Går det bra, så kjem det på kjøpet. Da får ein berre gjere det, smiler ho.

Spådommen fra 2011 skaper latter: - En knallhard melding 01:31

Publisert 26.02.2025, kl. 15.17

Read Entire Article