USA og Russland møttest tysdag Riyadh i Saudi-Arabia for å diskutere ein mogeleg fred i Ukraina.
Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj kritiserte møtet fordi det blei gjennomført utan at Ukraina eller andre europeiske land var til stades.
Møtet var kjærkome for russarane, som gjorde at dei kunne forhandle med USA over hovudet på Ukraina og Europa, meiner Russland-forskar Karen-Anna Eggen ved Institutt for forsvarsstudium.
– Dei ser at dei etter tre år framleis ikkje har klart å vinne over Ukraina militært. Og dei har gått på enorme tap. Når Trump legg dette på bordet, får Putin det nest beste, og mange av ønska sine oppfylte.
Russland-forskar Karen-Anna Eggen.
Foto: Ismail Burak Akkan / NRKRussland stilte med utanriksminister Sergej Lavrov i spissen, og med klassisk russisk forhandlingsteknikk, seier Eggen.
– Dei stiller harde krav. Dei ber om meir enn det styrken deira skulle tilseie. I tillegg har Putin jobba målretta opp mot Trump for å spele på egoet hans. Dette er ein kjent russisk forhandlingstaktikk, som eg er usikker på om amerikanarane klarer å forstå.
Historisk lite lurt
Både etter første og andre verdskrig møttest stormaktene for å ordne opp. Historia har vist at dette er veldig lite lurt, seier forskar og direktør ved Fridtjof Nansens institutt. Iver B. Neuman
– For det første er det veldig moralsk problematisk å utelate alle andre enn nokre få makter. Men det er også praktisk ganske teit, fordi det betyr at dei avtalane dei kjem fram til, ikkje blir fundert. Her gjer USA ei stor tabbe.
Neumann fryktar konsekvensane om
Foto: Ismail Burak Akkan / NRKUSAs president Donald Trump har sagt at USA skal få kontroll over ukrainske ressursar. Neumann meiner dette er ein dårleg ide, og samanliknar dette med det som blei gjort med Tyskland etter første verdskrigen.
– Her legg eg hovudet på blokka, og kjem med ein klar prediksjon. Dersom denne typen avtale blir gjort, og han treng ikkje vere så heftig som den gongen, får vi eit høgreradikalt Ukraina som er rasande på både Russland og Vesten i årevis framover.
Kan tillate ukrainsk EU-medlemskap
Etter møtet i Saudi-Arabia tysdag, seier Kremls pressetalsmann Dmitrij Peskov ein langvarig avtale for Ukraina ikkje er mogeleg utan ein breiare debatt om europeiske sikkerheitsspørsmål.
Russland kan godta ukrainsk EU-medlemskap, men går ved Nato, seier han til AFP.
– Om Ukraina vil bli medlem i EU, har dei ein suveren rett til det. Ingen kan diktere eit anna land, og vi har ingen planar om å diktere. Men det er annleis når det kjem til sikkerheitssaker og militære alliansar.
Pressetalsmann for Kreml. Dmitry Peskov.
Foto: Maxim Shemetov / Reuters / NTBNeumann forklarar dette skiljet med at Russland aldri har klart å ta EU heilt på alvor.
– Først og fremst fordi EU ikkje har ein sikkerheitspolitisk samansveisa politikk. Men dersom vi ser på dette i eit lengre historisk perspektiv, ser vi at EUs sikkerheits- og forsvarspolitikk blitt sterkare og sterkare, og no hjelper både Trump og Putin Europa til å få eit skikkeleg forsvar. Men prisen for ukrainarane er enormt høg no.
Publisert 18.02.2025, kl. 21.00