Politiet opplyser at det er gjort funn av ein død person etter ein bustadbrann i Klokkarvik på Øygarden. Politiet jobbar med å avklare omstenda rundt brannen nærare. Brannvesenet fekk melding klokka 10.17, som viste seg å vere brann i ein firemannsbustad.
Røykdykkarar kom også raskt til staden. Klokka 10.52 melde politiet at brannen var sløkt. Store mannskap frå naudetatane rykte ut til brannen. Pårørande til den omkomne er varsla.
Den omkomne er ein vaksen mann. Han er ikkje registrert som bebuar på adressa, men har tilhøyrsle til denne. Politiet har allereie sett i gang etterforsking og vil halde fram med denne, mellom anna gjennom kriminaltekniske undersøkingar.







English (US)