Går vidare med planar om omstridd fabrikk

2 months ago 17


Eit australsk selskap har planar om å bygge ein stor fabrikk i Bremanger i Vestland.

Produktet dei skal lage er ammoniakk – eit kjemisk stoff som mellom anna blir nytta i kunstgjødsel.

Fabrikken kan ende opp med å bruke nær fire gonger så mykje straum som Alta-kraftverket produserer.

Torsdag sa formannskapet i Bremanger kommune ja til å gå vidare med reguleringsplanane – trass i sterk fråråding frå Statsforvaltaren.

I området finst det tre som er 2–300 år gamle. Dette er ein av dei eldste kystskogane i Vestland.

– Heile området kan bli industri. Det vil bli heilt grått, seier Silje Dyrstad.

Ho bur rett på andre sida av fjorden og fryktar at skogen vil bli rasert.

Silje Dyrstad fryktar ammoniakkfabrikk

Søstrene Silje (t.v.) og Sissel (t.h) Dyrstad kjempar mot den nye ammoniakkfabrikken.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Får kritikk

Kommunen har plikt til å undersøke om andre stadar er betre eigna.

Men det har dei ikkje gjort skikkeleg i denne saka, ifølge Statsforvalteren.

På grunn av den gamle skogen kan statsforvaltaren sette ein stoppar for prosjektet. Men statsforvaltar Liv Signe Navarsete vel å ikkje sette ned foten.

– På den eine sida ser vi store naturverdiar og miljøinteresser. På den andre sida ser vi store samfunnsinteresser gjennom å redusere klimagassutslepp ved å produsere grønt drivstoff som avløyser dagens fossile drivstoff, seier Liv Signe Navarsete.

Liv Signe Navarsete

Statsforvaltar Liv Signe Navarsete let det vere opp til Bremanger kommune om dei vil stoppe planane. No får ho kritikk for å ikkje gripe inn.

Foto: NRK

Miljøjurist Nikolai Winge er kritisk til Statsforvaltaren si vurdering.

Han har skrive doktoravhandling om arealforvaltning, og halde tallause førelesingar og kurs om jussens betydning for arealbruk.

I denne saka synest fag å vere erstatta med politikk.

Winge seier oppgåva til Statsforvaltaren er å sikre nasjonale interesser og verdiar – som til dømes skogen på Holmaneset.

Milliardstøtte

Fortescue har fått ja av Statnett til å forsyne seg av 300 MW straum. Målet til selskapet er å lage 225.000 tonn ammoniakk årleg.

Fortescue meiner dette er god bruk av den fornybare krafta vår.

– Det er effektivt å bruke norsk energi til dette. Vi kan bygge ein norsk verdikjede for å erstatte fossilt drivstoff i maritim industri i Noreg, uttalte Noregs-sjefen for Fortescue, Thor Magnus Rovik, i fjor haust.

Selskapet har fått 2,3 milliardar kroner frå EU i støtte.

– Det kan bety mykje for Bremanger. Det er nye arbeidsplassar, det er ein ny industri som vil kunne vere med å løfte kommunen vår, seier ordførar Anne Kristin Førde (Ap).

Bremanger har 3361 innbyggarar. For 25 år sidan budde det nesten 1000 fleire i kommunen.

Må ha godkjenning

Siste skanse er kommunestyret 20. mars. Så skal Fortescue komme med ei endeleg avgjerd innan juli om dei vil gå for planane.

– Vi er veldig glade for at fleirtalet i formannskapet støttar planforslaget, skriv selskapet torsdag.

Publisert 28.02.2025, kl. 09.28

Read Entire Article