Gir bort show-billettar til dei som ikkje har råd: – Det er trongare tider no

4 hours ago 4


– Det gagnar jo ingen at folk sit heime og har lyst til å gå og ikkje har råd, seier Trine Lise Olsen.

Fredag la komikaren ut eit innlegg på Facebook der ho oppfordra til å ta kontakt dersom ein ville ha billett til showet hennar i Bergen eller Trondheim.

Responsen lét ikkje vente på seg.

– Eg har fått kjemperespons. Også av folk som ikkje ville kome, men berre synest det er fint.

Trine Lise Olsen sitt innlegg på Facebook

Foto: Skjermdump / Facebook

– Eg mista litt oversikt

Laurdag ettermiddag har innlegget fått over 4400 likarklikk og meir enn 200 kommentarar.

Komikaren fortel at det er mange som har tatt kontakt og har lyst på billett.

– Eg trur eg gav bort rundt 60 billettar i går og rundt 60 i dag.

– Men eg mista oversikt, så eg måtte stoppe det litt.

Fredag spelte Olsen showet sitt «Feil dame» i Bergen. Laurdag kveld står Trondheim og Olavshallen for tur.

grafisk brukergrensesnitt

Olsen fortel at ho sjølv blir glad av at dei som får billettar blir glade.

Foto: Lise Åserud / NTB

Olsen seier det er fint å kunne tilby billettar til dei som ikkje har råd til å betale for å kome.

– Det er trongare tider no og da veit ein jo at show gjerne er det første som går.

– Også er det jo mykje gøyare å spele for full sal for min del, så det er jo egoistisk også.

Etter at ho gav bort billettar blei det nesten fullt i Store Ole Bull-sal i Bergen, fortel komikaren.

– Eg hadde stor sjølvtillit da eg booka den salen. Så den fikk eg jekka litt ned, ler ho.

– Men det blei bortimot fullt, så det var stas.

– Meir enn berre ein billett

– For mange kan slike opplevingar verke helt utanfor rekkevidd, fortel Marthe Øyangen.

Ho er leiar for den frivillige organisasjonen «Hjelp mæ å hjelpe» som arbeider for å hjelpe vanskelegstilte familiar i Trøndelag.

Dei var ein av fleire som delte Olsen sitt innlegg.

– Eg må innrømme at eg blei rørt, seier Øyangen.

Marthe Øyangen er Årets hverdagshelt 2024.

Marthe Øyangen blei kåra til årets kvardagshelt i 2024. Kåringa er eit samarbeid mellom NRK Trøndelag og Adresseavisen.

Foto: Bent Vidar Lindsetmo / NRK

– Drøymen er jo at dette skal lage skape ringverknadar.

Ho håper fleire lar seg inspirere og opne for fleire gratis tilbod.

–Slik kan eit initiativ utløyse ein positiv kjedereaksjon i kulturlivet der fleire får moglegheita til å delta.

– Når økonomien er trong, blir kultur, konsertar og andre aktivitetar ofte det første ein må kutte bort.

Dette gjer at mange står på utsida av fellesskapet, fortel ho.

– Det handlar om meir enn berre ein billett. Det handlar om følelsen av å høyre til, å kunne dele minner, glede og fellesskap på lik linje med andre, seier Øyangen.

Publisert 23.08.2025, kl. 15.30 Oppdatert 23.08.2025, kl. 15.47

Read Entire Article