Gjorde dette på direkten – nå røper han den skjulte bodskapen

1 hour ago 5


– Eg er sjølvsagt skuffa over resultatet, men det var kult å få den første skåringa, seier Schelderup til NRK etter Noregs 1-2-tap borte mot Nederland fredag kveld.

At det var nettopp han som viste seg skikkeleg fram mot dei nederlandske stjernene, er ikkje tilfeldig.

Målet mot Nederland var hans første for A-landslaget og er nemleg sjølve prikken over i-en på ein svært formsterk periode for den unge bodøværingen.

Nederland vann 2–1 over Noreg i privatlandskampen fredag kveld.

– Kjente livet var over

Vi må ikkje lang tid tilbake for at situasjonen var han stikk motsett.

I desember blei han dømt til 14 dagars fengsel på vilkår for å ha delt ein 27 sekund lang video med seksuelt innhald av personar under 18 år på Snapchat. Han var då 19 år, og spelte i Danmark.

– Eg kjente livet var over, sa han nyleg til TV 2 om den tøffe tida.

Også sportsleg lugga det lenge. Men frå å vere ute i kulda i Benfica, der eit klubbskifte verka meir og meir sannsynleg, har Schjelderup dei siste månadene slått tilbake, spelt seg inn på José Mourinhos lag og imponert stort.

«Hear no evil, fear no evil, speak no evil»

Og då han skåra Noregs mål i Amsterdam fredag kveld, kom det ei spesiell feiring.

21-åringen seier til NRK at det var noko han hadde planlagt saman med kompisane sine.

– Det betyr «hear no evil, fear no evil, speak no evil», som er eit ordtak. Det seier seg vel sjølv kva det betyr, seier Schjelderup.

– Ja, kva du legg i det?

– Det betyr eigentleg berre det eg seier. Ein bryr seg ikkje om kva som blir sagt, kva som skjer. Ein har eit fokus, og forsøker å halde seg til det, forklarar han.

– Korleis har du klart å stå i alt som har blitt sagt?

– Det har sjølvsagt vore litt vanskeleg, men eg er på ein fin stad nå og har det bra, seier han.

Til TV 2 seier han det rett ut. Dommen og Snapchat-hendinga er noko han ikkje er stolt over.

Korleis har gjenreisinga vore?

– Den har vore veldig bra. Eg er på ein fin stad nå, seier 21-åringen.

Schjelderup

GOD: Andreas Schjelderup var frisk for Noreg, særleg før pause.

Foto: Peter Dejong / AP,NTB

Nyland: – I livet gjer ein feil

I landslagsmiljøet har han blitt godt varetatt. Målvakt Ørjan Nyland, som er ein av dei mest rutinerte på laget, forbarmar seg over den norske juvelen.

– I livet gjer ein feil. Han har fått ein dom og har heilt sikkert lært av det, seier Nyland.

– Det viser styrke at han har gjort det såpass bra i Benfica og har snudd ein situasjon der han eigentleg var på veg ut, til å bli ein av dei klart viktigaste spelarane i det laget. Han presterer kamp etter kamp, så det er veldig bra for oss, meiner målvakta.

– Kan bli ein fin joker

For talentet hans har alltid vore heva over tvil.

Landslagssjef Ståle Solbakken har tidlegare fortalt at han sette «himmel og jord i rørsle» for å signere den då 16 år gamle Schjelderup til FC København, men lukkast ikkje.

Nå har han fått dra nytte av talentet som landslagstrenar.

– Han kan bli det våpenet han viste. Det er ein Schjelderup spesial, det målet han skårar. Det har han også skåra i Benfica. Han kan bli ein fin joker for oss (i VM), seier Solbakken til NRK.

Publisert 28.03.2026, kl. 09.48

Read Entire Article