Glimt-sjefen om suksess, sex-kritikk og supporterbråk: – Følast litt sårt og leitt

1 hour ago 5


Han smiler breitt, Thomassen. Mellom viktige kampar, viktige møte, og anna har han tid til ein prat med NRK.

Glimt-toppen har ekstremt hektiske dagar:

  • Kontrakten til suksesstrenar Kjetil Knutsen går snart ut. Han har framleis ikkje signert ny kontrakt.
  • Bodø/Glimt er så godt som klare for meisterligaen. Det vil bety fleire hundre millionar rett inn i kassa.
  • Sjølv om klubben tok seg til semifinale i Europaligaen sist sesong, fekk dei skarp kritikk frå mange hald – også frå eigne supporterar.
  • Bodø by er splitta i saka om ny stadion. Samtidig som Glimt tener millionar er dei på friarferd for å få pengar til ny heimebane.

Kanskje det er bra at vi ikkje reflekterer så mykje over kor vi er. Eg må møte dagen som det er og utfordringane som er der, seier Frode Thomassen.

Må legge det bort

Utanfor fotballstadion Aspmyra skin sola. Medan Thomassen pratar startar det å regne. Like etter skjener sola igjen.

August betyr meisterliga-kvalifisering. Men det betyr også 11 grader, regn, vind og sol. Nokre gonger samtidig.

Onsdag blei Sturm Graz slått 5-0, kampen føydde seg til i rekka av utrulege Europa-kveldar i Bodø. Her på stadion har dei gulkledde feia store internasjonale klubbar av banen i all slags vêr.

Dei har både større ressursar og større arenaer. Men det blir etter kvart ein del av normalen vi er i. Da blir det meir ein tryggleik vi tar med oss. Vi snakkar om «vårres måte» å gjere ting på, så vi ønsker å tenke at vi er litt annleis.

Han meiner at forskjellen ikkje er så stor på Bodø/Glimt og Manchester United. Heile befolkninga i Bodø hadde fylt halve Old Trafford.

En stor folkemengde på et stadion

GULE TILHENGARAR: Bodø/Glimts supporterar avbilda på Old Trafford i 2024.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Det som skjer på banen, eller når du møter folk, så handlar det berre om å møte menneske. Dei er ikkje så ulike frå oss. Dei trenar, dei òg. Du må fjerne deg frå kulissane og legge bort den «wow, dette var svært».

Fiskekaker og sex-kritikk

«Bodø/Glimts leiing har drite på draget». Det melde kommentator i Avisa Nordland, Stein Sneve da Bodø/Glimt tok seriegull sist sesong.

Festen med supporterane svikta. Inga open buss eller markering i byen. Fleire Bodø/Glimt-tilhengarar blei svært såra over avgjerda. Eit svik mot supporterane, meinte Sneve.

Etter ein VAR-protest og bruk av pyroteknikk på Aspmyra blei fleire supporterar straffa. Andre klubbar gav samfunnsstraff, medan Frode Thomassen gav fleire supporterar 30 kampars utestenging. Det betyr to sesongar borte frå stadion til fleire av dei mest lojale supporterane til klubben.

«Barnestrekar».

«Direkte øydeleggande.»

«Det er å drepe fotball.»

Det var litt av ingrediensane i ein kraftig tirade frå Thomassen mot eigne supporterar, direktesendt på TV 2.

en gruppe fotballspillere på en bane med et publikum som ser på

FISKEBOLLAR: Dei små kvite prikkane på kunstgraset er fiskebollar. Bodø/Glimts supporterar kasta fiskebollar på banen i protest mot videodømming i norsk fotball i fjor sommar.

Foto: Mats Torbergsen / NTB

Før sommarferien fekk dei kritikk for å spele musikk som speler på sex på stadion. «Glimt, musikk og likestilling: Confident eller Thunderstruck?», skreiv Wanja J. Sæther, dagleg leiar Krisesenteret i Salten i eit debattinnlegg i Avisa Nordland.

Frode Thomassen presiserer at han ikkje er på sosiale medium, men han får med seg noko gjennom kollegaer.

Vi har veldig stor merksemd. Det må ein leve med at folk meiner noko om, og at du har eit offentleg ordskifte rundt det. Så er det nokon ting som er meir fornuftige enn andre ting, innleier han.

Han har merka at klubben har hamna i fleire saker av den typen.

Mange ønsker å sette ein del politiske saker på dagsordenen gjennom å bruke Bodø/Glimt, for da får ein type diskusjon og merksemd. Det er vel litt sånn som medieverda fungerer. Klarer du å lime ein del av desse problemstillingane opp mot klubben Bodø /Glimt, så blir dei iallfall skrive om, seier han.

en mann som snakker med en annen mann

ENGASJERT: Frode Thomassen gestikulerer i løpet av intervjuet med NRK.

Foto: Per-Magne Steen / NRK

Thomassen seier også at han kjenner at klubben tar samfunnsansvar og kjenner også at dei tar del i det offentlege ordskiftet. Men han liker dårleg å bli angripen.

Det følast litt sårt og leitt når vi blir angripne. Så trur eg det er rett at folk korrigerer oss òg, seier Thomassen og utdjupar:

Vi kan ikkje alt og veit ikkje alt. At folk har litt argusauge på oss, det er rett. Det er skjerpande rundt dei avgjerdene vi tar og måten vi opptrer på.

Knutsen ferdig?

Når dei klarer å få det til alle andre stader i landet, så må vi få det til i Bodø òg.

Det sa trenar Kjetil Knutsen på spørsmål om det nye stadionet i byen. Han er svært engasjert i temaet, og meiner fleire må inn og bidra for å realisere draumen til klubben om ei ny storstue med kapasitet til rundt 10.000 tilskodarar.

Foreløpig er det ikkje nok pengar på plass til at stadion er spikra, men det ser veldig lyst ut. Førre veke var fleire gravemaskiner på plass i området for å starte arbeidet.

Når står han klar?

Sommaren 2027, svarer Frode Thomassen.

Du er så sikker?

Det er ikkje berre eg som skal bestemme det, men det hjelper å vere ganske sikker.

grafisk brukergrensesnitt, nettside

SUKSESSTRENAR: Kjetil Knutsen har tatt Bodø/Glimt til topps i norsk fotball.

Foto: Mats Torbergsen / NTB

Det vil å så fall vere gode nyheiter. Kanskje fortset Kjetil Knutsen karrieren på Aspmyra i 2026. Trenaren står framleis utan ny kontrakt. Den går ut ved årsskiftet.

Er samtalane i gang?

Vi snakkar kvar einaste dag om Kjetil Knutsen. Det er litt annleis enn andre. Det handlar ikkje så mykje om ... begynner Thomassen før han skyt inn:

Vi ønsker jo sjølvsagt Kjetil vidare. Eg trur Kjetil ønsker det òg. Den tilliten som er mellom det vi er og det vi ønsker å skape, det handlar ikkje om kva som står på eit stykke papir. Det handlar om korleis vi er saman som folk, og at vi ønsker å jobbe saman vidare framover.

Publisert 25.08.2025, kl. 11.39

Read Entire Article