– Jørgen Graabak er diska grunna noko asymmetrisk med ei binding. Vi forstod eigentleg ingenting. Vi legg inn protest, varslar Noreg sin sportssjef Ivar Stuan.
Noreg må etter disken starte 1,42 minutt bak leiande Austerrike.
I utgangspunktet skulle Noreg ha starta først – 20 sekund før Austerrike.
RENNDIREKTØR: Lasse Ottesen.
Foto: NTB– Kort fortalt så har Jørgen Graabak, altså startnummer 82, blitt diskvalifisert, noko som sjølvsagt er veldig beklageleg. Men utstyrskontrollørane våre gjer jobben sin. Og når utstyr ikkje er i samsvar med reglement, så er det dessverre sånn det er, seier FIS sin renndirektør for kombinert, Lasse Ottesen, til NRK.
Han utdjupar:
– I dag er det bindingar, som vi i utgangspunktet trudde alt skulle vere i orden. Dei er produserte frå produsentar og det er veldig enkle og klare reglar. Dei må vere symmetriske og like på begge sider. Det var ikkje bindingane til Jørgen, som betyr at dei er manipulerte.
Disken gjer at lagkonkurransen i kombinert er snudd på hovudet etter hoppinga, der Noreg trass i litt smårusk gjorde det veldig bra.
SLAKTA SEG SJØLV: Jarl Magnus Riiber.
Foto: Torstein Georg Bøe / NRKMisnøgd Riiber
Jarl Magnus Riiber slakta rett nok seg sjølv etter hoppinga, trass i eit hopp på 134,5 meter.
– Det er dårleg, altså. Eg slaktar mitt eige hopp. Eg burde ha vore rutinert nok til å stå imot presset, men det var litt rusk. Det var ikkje det eg hadde sett føre meg, sa Riiber til NRK.
Hoppet hans var uansett lang nok til at Noreg hadde ei klar leiing på 20 sekund på Austerrike – før Noreg vart deplassert.
Det var altså ikkje nok til at Riiber var nøgd sjølv,
– Eg vart rett og slett svimmel. Eg klarte ikkje å handtere det på ein god måte. Eg må puste med magen.
– Svimmel? Det høyrest litt ubehageleg ut?
– Det er ofte det skjer når stresset aukar. Eg har vore borti det før, men det var i det minste ikkje totalhavari, seier Riiber.
– Ikkje nervøs
Ein som derimot handterte preset var Noreg sin første hoppar, Simen Tiller.
DEBUTANT: Simen Tiller.
Foto: NTB– Det høyrest heilt dust ut, men eg var ikkje nervøs. Eg har hoppa ekstremt mykje bra på ski i det siste, sa Tiller til NRK etter superhoppet.
– Simen trivest veldig når det er trykk. Eg er veldig, veldig nøgd med han, sa lagkamerat Jørgen Graabak.
Simen Tiller hoppa nemleg 136 meter og fekk 18,5, 18.5 og 19 som teljande stilkarakterar.
Berre Franz-Josef Rehrl frå Austerrike hoppa lengre.
Tiller sørga for at Noreg leia med 10,3 poeng ned til Tyskland allereie etter første runde.
– Eit fantastisk godt hopp av Tiller. Han får god kontakt med skia. Han sette eit perlenedslag, sa NRK-ekspert Magnus Moan.
– Trur vi har kontroll
29 år gamle Tiller hadde aldri tidlegare delteke i ein lagkonkurranse for Noreg i verdscup eller meisterskap.
Under Tiller sin meisterskapsdebut i 2023 vart han diska etter hoppdresskontrollen – i det eine individuelle rennet han fekk delta i.
– Det er cocky å seie at ein har kontroll, for ein veit jo aldri. Men eg trur vi har bra kontroll. Det har vore bra dei siste åra, sa Tiller til NRK etter fredagens hopp.
Tiller har ein 17. plass som beste plassering i verdscupen denne sesongen. Den kom i Seefeld i januar.
Han har derimot vunne to renn i kontinentalcupen.
SKUFFA: Jørgen Graabak fekk det ikkje heilt til i hoppbakken.
Foto: Torstein Georg Bøe / NRK– Litt rusk
Jørgen Graabak var andre nordmann ut og hoppa 126.5 meter.
– Han har eit betre hopp inne, meinte Magnus Moan.
Noreg heldt likevel på leiinga – grunna Tiller sitt gode hopp.
Vidare hoppa Jens Lurås Oftebro 132,5 meter og Jarl Magnus Riiber 134,5 meter.
– Det er ei nyting å sjå på, sa Magnus Moan om Riiber sitt hopp.
Riiber var altså ikkje heilt einig.
SLAKTA SEG SJØLV: Jarl Magnus Riiber.
Foto: Torstein Georg Bøe / NRKVart utsett
Lagkonkurransen skulle eigentleg gått torsdag.
Etter fire kortare utsetjingar vart det bestemt at ein måtte vente til fredag med å hoppe.
Då hadde forholda i bakken blitt langt betre.
UTSETT: Mykje vind gjorde at lagkonkurransen vart flytta frå torsdag til fredag.
Foto: NTBTredje Riiber-gull?
Jarl Magnus Riiber har allereie to gull denne meisterskapen, eitt individuelt i kompaktøvinga og eitt i blanda lagkonkurranse.
Også Jens Lurås Oftebro var med på det gullet.
Han tok sølv i den individuelle konkurransen.
Riiber legg opp etter sesongen.
Publisert 07.03.2025, kl. 12.43 Oppdatert 07.03.2025, kl. 13.43