– Eg ber dykk om å ikkje snakke om minnet til familien min enno, skriv Ofri Bibas Levy i eit innlegg på Facebook.
– Vi har håpa i 16 månader og vi vil ikkje gi opp håpet enno.
Levy er systera til Yarden Bibas, som blei sett fri av gruppa 1. februar. Då hadde han sete fanga i Gaza i 484 dagar.
Bibas blei teken som gissel frå kibbutzen Nir Oz saman med kona Shiri og dei to raudhåra sønene deira, Ariel på fire og Kfir på ni månader.
Ofri Bibas Levy er ein av gisselfamiliane sine representantar som har teke med historiene sine til Den internasjonale straffedomstolen (ICC).
Foto: ReutersDet var lenge uvisse om Shiri og borna var i live.
Hamas har tidlegare sagt at dei vart drepne i eit israelsk luftåtak i slutten av 2023, men israelske styresmakter har sagt at dei ikkje har klart å stadfesta det sjølve.
Heldt fast i håpet
I januar 2024 fylte Kfir 1 år. Dagen blei markert mellom anna i Tel Aviv, med bilete av Kfir.
Far hans Bibas sa tidlegare i månaden han heldt fast i håpet om at det Hamas har fortalt er løgn.
– Lyset mitt er framleis der inne, og så lenge dei er der inne, er alt her ute mørke, sa han.
Det fjerde døde gisselen skal vere ein mann som var 83 år då han blei bortført under angrepet 7. oktober, seier Hamas.
Yarden Bibas blei utlevert til Israel tidlegare denne månaden.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTBHundrevis til stades for utlevering
Hundrevis av menneske har samla seg for å gjennomføre utleveringa i utkanten av Khan Younis. Mange av dei er Hamas-krigarar.
På utleveringsstaden ligg det fire svarte kister. Utleveringa blir TV-sendt.
Raude kors har torsdag morgon kome fram til staden for å ta imot kistene.
Israel skal i gjengjeld lauslate 90 palestinske fangar laurdag, ifølge AFP.
Om dei fire døde gislane, skal israelske styresmakter kontrollere identitetane og informere familiane til dei det gjeld, seier kontoret til Benjamin Netanyahu i ei utsegn.
Publisert 20.02.2025, kl. 08.22 Oppdatert 20.02.2025, kl. 08.31