Hamas kunngjorde på måndag at dei utset den planlagde utleveringa av gissel på laurdag på ubestemt tid. Grunngjevinga var at dei meiner at Israel har brote våpenkvila.
Dette har fått den amerikanske presidenten Donald Trump til å reagere. No krev han at Hamas lauslèt alle attverande gissel på Gaza på laurdag, melder Reuters.
Den amerikanske presidenten Donald Trump ynskjer fortgang i gisselutvekslinga i Midtausten.
Foto: AP– Om ikkje alle Gaza-gissela er lauslatne innan laurdag klokka 12, tar eg til orde for å avslutte våpenkvila og sleppe helvete laus, seier Trump.
Han understrekar likevel at det er opp til Israel å eventuelt avbryte våpenkvila.
– Eg snakkar for meg sjølv. Israel kan overstyre det, seier Trump.
Våpenkvila er delt inn i tre fasar. Fase 1 er ikkje ferdig før 2. mars. Etter planen skulle gissel- og fangeutvekslinga bli fullført i den andre fasen fram til 12. april.
Trump sitt ultimatum om at alle Gaza-gissela må utleverast innan laurdag 15. februar er difor ikkje ein del av planen for våpenkvila.
Ord mot ord
Hamas skuldar Israel for å ikkje i tilstrekkeleg grad tillate palestinarar å returnere til Nord-Gaza. Dei skuldar også Israel for å utføre luftangrep og for å ikkje legge til rette for tilkomst av nødhjelp.
Hamas har skulda Israel for å ikkje sleppe inn nok naudhjelp etter at våpenkvila tredde i kraft.
Foto: AFPI ein seinare uttale sa Hamas at gisselutleveringa på laurdag likevel kunne skje, men ber meklarane om å legge press på Israel for å rette seg etter våpenkvila.
Israel ser på planen om å utsetje gisselutveksling som eit brot på våpenkvila.
Med dette har både Israel og Hamas skulda kvarandre for brot på våpenkvila.
Som ein respons på uttalen frå Hamas varslar Israel natt til tysdag at dei trappar opp det militære nærværet rundt Gazastripa, ifølgje Haaretz. Det israelske militæret aukar beredskapen og utset planlagd permisjon for soldatar sør i Israel.
– Våpenkvila må bli respektert
Det norske Utanriksdepartementet (UD) ber partane om å rette seg etter våpenkvileavtalen.
– Oppmodinga vår til partane er heilt klar: Denne avtalen må respekterast og vi oppmodar alle til å gjere det dei kan for å rette seg etter avtalen, seier statssekretær Andreas Kravik (Ap) til NRK.
– Avtalen er ein føresetnad for at krigshandlingane har stoppa og som følge av den har det også komme inn humanitær hjelp i Gaza. Det vil vere sivile palestinarar som først og fremst blir ramma dersom våpenkvileavtalen ikkje blir respektert av partane, legg han til.
Publisert 11.02.2025, kl. 07.02 Oppdatert 11.02.2025, kl. 07.24