Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_4a6a84699326617e97643971a7d6876c, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Hamna midt i valkaos i Qatar: – Dei slo i lufta og skreik - NorwayToday

Hamna midt i valkaos i Qatar: – Dei slo i lufta og skreik

1 day ago 11


– Det var jo eigentleg ein veldig bra kongress fram til valet starta.

Det seier president i Noregs Bordtennisforbund Christian Ibenfeldt på telefon frå Doha i Qatar.

Ibenfeldt sin svenske kollega Petra Sörling fekk hjelp frå ambassaden til å kome seg vekk og har allereie hasta heim til Europa.

– Det var så aggressiv stemning, seier Petra Sörling til Dagens Nyheter.

– Slo og skreik

Tysdag var det val av president for dei neste fire åra i Det internasjonale bordtennisforbundet. Der stod det mellom to kandidatar: sitjande president Petra Sörling frå Sverige og Khalil Al-Mohannadi frå Qatar.

Valet vart jamt, men Sörling stakk av med sigeren med 104 mot 102 røyster.

– På den eine sida kjennest det veldig fint å ha blitt attvalt, men det er ikkje morosamt når slike uheldige scener skjer etterpå. Det var ikkje særleg roleg og ordentleg, seier Sörling til Dagens Nyheter.

Noregs president Ibenfeldt var også til stades under kongressen Doha og stadfestar at det braut ut kaos da røystene var talt opp.

– Det var ikkje noko triveleg stemning. Svenskane forlét vel først. Eg reiste også ganske tidleg, eigentleg, seier Ibenfeldt.

– Kva var det som var så ubehageleg?

– Eg vil vere litt forsiktig, eg er framleis i Doha, seier Ibenfeldt som fortel at han vart redd under kaoset.

to menn som håndhilser

IBENFELDT: Christian Ibenfeldt (til høgre) har vore president i Noregs bordtennisforbund i seks år. Her saman med Sveriges generalsekretær Thomas Buza.

Foto: Privat

Han held fram:

– Det var jo 30–40 stykke som berre tok over møtet. Dei berre tok mikrofonen, og slo i lufta og skreik på dei som organiserte dette.

– Var det valdeleg?

– Nei, ingen slag. Berre vifting med armen, men det var høglydt, til dels skriking ved nokre høve, seier Ibenfeldt.

På opptaket direkteoverføringa frå kongressen kan ein sjå at fleire personar reiser seg og byrjar å gripe mikrofonen og prate høglydt mot scena da valet var avgjort. Det heile gjekk føre seg i ein times tid før overføringa stoppa.

Dei siste sakene som stod på agendaen vart stoppa og kongressen vart avslutta da bråket oppstod.

Delegat kom til undervegs

Ibenfeldt fortel at den nyleg attvalde svenske presidenten fekk hjelp frå Sverige si ambassade i Qatar for å kome seg bort frå kongresslokalet.

Sjølv tok han beina fatt, og er no på veg heim att til Noreg. Ibenfeldt har også fått råd frå Sveriges ambassade om å halde ein låg profil til han kjem heim.

Likevel tykkjer han det er på sin plass å fortelje om kva som skjedde tysdag.

Ibenfeldt oppfatta at grunnen til opprøret kom på grunn av måten valet vart heldt på.

Valet vart gjennomført i ei hybridform, det vil seie at ein kunne både stemme i salen og via ei digital avstemmingsteneste.

Gjennom dagen kom det ifølgje Ibenfeldt til fem ekstra delegasjonar online som hadde rett til å stemme.

Da dagen starta var det 201 som var til stades. 16 av dei digitalt. Da valet var over hadde totalt 206 av 208 av dei som kunne røyste, røysta ved valet. Totalt 21 digitalt.

Ein av dei som først tok mikrofonen ropte høglydt ut:

«Det var 16 online da vi starta. Kvifor er det no 21?» sa vedkommande og repeterte bodskapen sin ved eit titals høve.

– Ifølgje regelverket er det heilt innanfor. Det er 208 land som har vorte påmelde til Kongressen, fysisk og online. Viss ein ikkje kjenner reglane 100 prosent, så kan eg jo skjønne at når ein plutseleg går frå 201 registrerte delegatar til 206, og så tapar med to røyster – eg forstår jo kvifor ein kan reagere.

Ibenfeldt legg til at fleire opplevde problem med å logge seg på den digitale løysinga av å delta på kongressen.

Petra Sörling

PRESIDENT: Petra Sörling har vore president i det internasjonale bordtennisforbundet i fire år. Tysdag var ho attvalt.

Foto: Ludvig Thunmann / Bildbyrån

– Grunnlaust

Dagens Nyheter har snakka med den nyvalde presidenten Petra Sörling.

Ho har sin teori på kvifor valet var så jamt.

– Eg trur valresultatet er knytt til at vi er her i Qatar. Ein skal aldri halde val på nokon sin heimebane. Du har veldig mange fordelar når du er på heimebane, og eg ganske overtydd om at resultatet hadde vore tydelegare viss vi hadde vore ein annan stad. Eg trur ikkje bordtennisverda er splitta, men eg trur vi må sjå over vedtektene.

– Korleis ser du på kritikken?

– Eg kan forstå at ein blir skuffa når ein tapar med to røyster i forskjell og kanskje vil prøve å finne på noko. Men for meg er det heilt grunnlaust. Eg ser ingenting som strid imot våre vedtekter, og det seier også den juridiske ekspertisen som var til stades, seier Sörling.

NRK har forsøkt å få ein kommentar frå det Qatarske bordtennisforbundet og presidentkandidat Khalil Al-Mohannadi. Vi har foreløpig ikkje fått svar.

Går av hengslene når de får se supermanageren 00:45

Publisert 28.05.2025, kl. 10.55 Oppdatert 28.05.2025, kl. 11.01

Read Entire Article