Nesten 450 dagar har gått sidan deira verste mareritt blei ein realitet.
– Eg har grått mykje det siste året fordi eg saknar han sånn. Eg vil berre høyre latteren hans.
Det seier mor Yael Alexander til nyheitsbyrået Reuters.
Ho går i ein svart hettegenser med eit bilete av sonen og skrifta «få Edan heim no».
Den 7. oktober i fjor blei sonen hennar Edan Alexander (20) teken til fange av Hamas under terrorangrepet på Israel.
Yael Alexander har tatovert datoen for terrorangrepet på armen.
Foto: BRENDAN SMIALOWSKI / AFPI over eitt år fekk familien på fem ingen livsteikn.
– Det er veldig tøft for meg å snakke om, beklagar, seier mor og held seg for hjarta.
– På feil stad til feil tid
Edan er født i Tel Aviv, men vaks opp i Maryland og New Jersey i USA.
Familien omtalar 20-åringen som ein flott fyr med mange vennar.
– Edan er sjølve hjarta i familien. Han er kjærleg, omsorgsfull og morosam, seier Yael.
Mor Yael saman med syster Mika i heimen deira i Tenafly, New Jersey.
Foto: STEPHANI SPINDEL / ReutersEtter enda vidaregåande skule i 2022, reiste Edan til Israel for å verve seg til Det israelske forsvaret.
På det tidspunktet var foreldra stolte og ikkje det minste bekymra fordi det var fredstid.
Den unge soldaten var stasjonert nær grensa til Gaza og blei kidnappa frå basen under terrorangrepet 7. oktober.
– Han var på feil stad til feil tid. Over 400 dagar seinare kjempar vi for at han skal kome attende, seier far Adi Alexander.
Mor Yael og far Adi på plass i Kongressen for samtalar om ein gisselavtale i november i fjor.
Foto: J. Scott Applewhite / APLivsteiknet
30. november i år publiserte Hamas ein propagandavideo av eit gissel som sit på ein stol i eit mørkt rom.
Guten er bleik, blikket livlaust og personen tek seg til ansiktet medan han gret.
Han presenterer seg sjølv som Edan Alexander. Foreldra er ikkje i tvil. Det er sonen deira.
– Det var avgjerande for alle å sjå at han framleis sit i fangenskap. Han er framleis i live og tryglar for livet sitt. Eg vil berre halde han og seie at alt kjem til å bli bra, sukkar mor.
Mor Yael får ein klem under ein gisselmarkering i New York. Sonen har no fylt 20 år i fangenskap.
Foto: Stephani Spindel / ReutersI den over tre minutt lange videoen ber han Israel sin statsminister Benjamin Netanyahu og USA sin påtroppande president Donald Trump om å handle raskt for å sikre ein gisselavtale.
– Statsministeren skal ta vare på sine borgarar og soldatar, men du svikta oss, seier Edan i videoen.
Netanyahu omtalar videoen som «brutal psykologisk krigføring».
Besteforeldra til Edan held opp plakatar av barnebarnet same månad som han blei teken til fange av Hamas.
Foto: JACK GUEZ / AFPSet si lit til Trump
Det siste året har foreldra kjempa hardt for sonen sin.
Seinast i november i år møtte dei Joe Biden og Donald Trump i Washington, D.C.
Yael, Adi og andre gisselfamiliar utanfor Det kvite hus etter eit møte med president Joe Biden.
Foto: Evan Vucci / APDer blei dei fortalt at den sitjande presidenten har informert den påtroppande presidenten om saka, og at dei to skal samarbeide framover.
– Vi er veldig heldige og glade for dette samarbeidet, seier far.
Han fortel vidare at det var viktig å offentleggjere videoen av sonen slik at Donald Trump fekk sjå innhaldet.
– Trump såg videoen saman med kona si. Det var veldig viktig for oss å vise han videoen, seier Adi.
Donald Trump saman med familien til Edan i New York 7. oktober i år.
Foto: MICHAEL M. SANTIAGO / AFPVidare har foreldra ei klar oppfordring til den påtroppande presidenten.
– Du må få til ein avtale og du må handle raskt. Vinteren kjem og det er tøffe kår der, seier mor bestemt.
Mor Yael snakkar under ein pressekonferanse i den amerikanske kongressen i mars i år.
Foto: KENT NISHIMURA / AFPStore tapstal
1200 personar blei drepne og om lag 250 tekne til fange under Hamas sitt terrorangrep på Israel 7. oktober i fjor.
Framleis sit om lag 100 gislar i fangenskap på Gazastripa.
Ifølgje Reuters har truleg halvparten av desse mista livet.
Gisselfamiliar held opp plakatar av sine kjære under ein demonstrasjon i Tel Aviv.
Foto: AHMAD GHARABLI / AFPI underkant av 45.000 palestinarar er drepne i israelske angrep mot Gaza, ifølgje helsedepartementet.
Halvparten av desse er kvinner og barn.
Besteforeldra til Edan talar under ein demonstrasjon nær grensa til Gaza i august i år.
Foto: JACK GUEZ / AFPPublisert 29.12.2024, kl. 15.12