Har vore tomt for pengar sidan januar: – Heilt forferdeleg

3 days ago 3


– Det er noko av det beste som har skjedd meg i løpet av livet, fortel ei lykkeleg Merete Linde Nielsen.

Ho snakkar om noko så kvardagsleg som ein sykkel.

Endeleg kan ho gjere som «alle andre», og sykkelen gir henne ei kjensle av fridom, fellesskap, meistring og forelsking.

Nielsen er opprørt over at ikkje fleire i hennar situasjon, får same moglegheit.

– Eg synest det er heilt forferdeleg at ikkje fleire får hjelp, seier ho, svært engasjert.

Tomt for pengar

57-åringen blei adoptert frå Vietnam da ho var seks månader gammal. Ho var polioskadd, noko som gav henne eit stivt bein, men ved hjelp av ei spesialskjene kunne ho likevel vere aktiv i barndommen.

– Eg var alltid med på ski, eg har gått på jazzballett, eg har spelt badminton, eg har drive med kajakk og friidrett, ramsar ho opp.

– Kva betydde idretten for deg i oppveksten?

– Det betydde veldig mykje, for da kjente eg meg inkludert. Eg kunne vere med vennene mine og gjere akkurat det same som dei.

Et diplom som viser at Merete Linde Nielsen var aktiv som barn

AKTIV: Nielsen var med på blant annet friidrett (diplom) og jazzballett (fremhevet) som barn.

Fram til ein fyller 26 år, kan alle med varige funksjonsnedsettingar få hjelpemiddel til eit aktivt liv. Det finst inga maksgrense.

Men etter fylte 26 år er det ikkje sjølvsagt at Nielsen eller andre med funksjonsnedsettingar skal kunne vere i fysisk aktivitet.

Dagens ordning er nemleg at det blir sett ein årleg pott til alle over 26 år, uavhengig av når funksjonsnedsettinga har oppstått. Når potten er tom, må ein vente til året etter.

I år blei potten tom allereie 6. januar.

– Ein mistar jo motivasjon. Det er lett å tenke at «det er jo ikkje noko vits å søke – eg har jo ikkje sjanse», seier Nielsen.

Ho blei sjølv møtt av tom pott det første året ho søkte på sykkelen – i godt vaksen alder. Året etter var ho heldig og kom seg gjennom nålauget, så i 50-åra fekk ho sykkelen som skulle vise seg å endre livet hennar.

– Ville ikkje sjå handikappa ut

Nielsen har visst heile livet at ho kom til å bli svakare og svakare med åra, og at behovet for hjelpemiddel derfor kom til å bli større i vaksen alder.

Andre hamnar i ulykker eller blir utsett for sjukdom etter at dei fyller 26 år.

Mange treng tid til å akseptere at dei i det heile treng eit hjelpemiddel.

Alle må konkurrere om midlar frå den same potten.

– Eg ville ikkje sjå handikappa ut, erkjenner Nielsen, om kvifor ho venta så lenge med å søke.

– Det er sånne teite ting ein har for seg. Eg måtte blir klar.

Etter at ho fekk sykkelen ho søkte om, har ho blitt fullstendig frelst. Nielsen har etablert og leier ei gruppe for parasykling i Kongsberg. Ho er også ambassadør for parasykling for Noregs Cykleforbund, og ho trur dagens løysing gjer at idretten går glipp av mange talent.

– Det blir prata om mangfald og inkludering, men det blir jo ikkje gjort nokon ting. Eg synest det er synd.

Fram til fylte 26 år, er det ingen pott å forhalde seg til. Da kan ein få utstyr til å komme seg i aktivitet, uavhengig av kor mange som har søkt tidlegare same år.

Nå krev både Noregs idrettsforbund (NIF) og Stiftelsen Vi drastiske endringar.

– Vi kjem ikkje til å gi oss

Bjørnar Erikstad, leiar for Vi-stiftinga, er sjølv tidlegare paralympisk utøvar i segling, og har mange medaljar frå nasjonale og internasjonale meisterskapar, blant dei fem i VM.

Han er svært bekymra over konsekvensen over størrelsen til potten.

– Fleire blir stillesittande, slår han fast.

Bjørnar Erikstad holder opp det norske flagget i Rio.

FLAGGBERAR: Erikstad var flaggberar under Paralympics i Rio i 2016.

Foto: NRK

Tala er tydelege:

  • 2020: 52,1 millionar kroner (styrka med 48 millionar ekstra i revidert) – pengane brukte opp i mars, tilleggsløyving heldt til september.
  • 2021: Totalt nær 104 millionar kroner etter ekstra tilførsel i revidert budsjett – pengane rakk til august.
  • 2022: 55,1 millionar kroner – pengane brukte opp i februar.
  • 2023: Rundt 59 millionar kroner (styrka med 20 millionar ekstra i revidert budsjett) – potten tom i februar.
  • 2024: Rundt 59 millionar kroner (styrka med 20 millionar ekstra i revidert budsjett) – pengane brukte opp innan 26. januar.
  • 2025: 62 millionar kroner – tomt 6. januar.

Erikstad trekker fram at prisauken på hjelpemiddel gjer at det blir tomt for pengar tidlegare og tidlegare, og at menneske over 26 risikerer inaktivitet, utanforskap og dårlegare fysisk og mental helse.

– Løysinga, meiner vi, det er å fjerne aldersgrensa. Rett og slett at alle som har lyst til å vere aktive, bør kunne få eit aktivitetshjelpemiddel. Slik at fleire blir aktive i samfunnet og bidrar til samfunnet.

– Vi kjem ikkje til å gi oss på denne saka, lovar han.

Vi-leiaren trur ordninga også gjer at Noreg går glipp av mange idrettstalent.

– Så i tillegg til at dette er om folkehelse, så handlar det også ein gong i framtida om at vi går glipp av kanskje toppidrettstalent. Og Noreg, som alltid er stolt av å ha mange olympiske, burde vere like stolte av kor mange paralympiske gull vi tar.

en mann med briller

VI-LEIAR: Bjørnar Erikstad.

Foto: Sebastian Eielsen / NRK

– Ikkje mogleg med «idrettsglede for alle»

Arne Bård Dalhaug, 1. visepresident i NIF, er heilt einig.

– Det er sjølvsagt slik at jo fleire som får høve til å prøve ein idrett, jo større er sjansane for at nokon blir veldig flinke i dette, og som kanskje også kan gjere det godt i større meisterskap, seier han.

Dalhaug understrekar likevel at det viktigaste er å få fleire ut i aktivitet.

– Og om nokon av dei kanskje også går i retning av toppidretten, så er jo sjølvsagt det også gledeleg.

en mann i sportsuniform

NIF-TOPP: Arne Bård Dalhaug.

Foto: Sebastian Eielsen

NIF har lenge engasjert seg for å endre dagens ordning for aktivitetshjelpemiddel.

– Vi opplever at stadig fleire ikkje får aktivitetshjelpemidla. Og så er jo da situasjonen at vi ser at det ikkje lenger er mogleg for dei å leve livet dei ønsker seg. Det blir ikkje mogleg å nå «idrettsglede for alle». Og det er også eit inkluderingsaspekt ved dette.

– Kva meiner de burde endrast med den ordninga som er i dag?

– Det enklaste er jo at dette rettsfestast for alle som er over 26 år. Det vil gi alle moglegheitene for å få dei hjelpemidla dei treng for å leve det livet dei ønsker seg, svarer Dalhaug.

Forstår kritikken

– Eg forstår at dei er kritiske, og regjeringa er open for å sjå på om vi kan gjere dette på andre måtar, slik at det kan gi meir føreseielegheit for brukarane og dei som treng å nytte ordninga.

Det seier Edvin Søvik, statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Han kan ikkje seie noko konkret om kva endringar regjeringa eventuelt vil gjere.

– Det må vi kome tilbake til, det er ting vi vurderer å sjå på.

Edvik Søvik, statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet

SVARAR: Edvin Søvik.

Foto: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Søvik understrekar at ordninga er viktig, og at han har forståing for at det er krevjande for søkjarar som får beskjed om at potten er tom tidleg på året.

– Dette er ei viktig ordning for brukarane, og då er det synd at potten går tom 6. januar.

Fram til 2014 fanst det inga ordning for folk over 26 år. Då vart ho utvida til også å gjelde brukarar over 26 år, men med ei årleg ramme.

– Kvifor er grensa sett til 26 år?

– Det er fordi ein har tenkt at det er viktigast for unge under 26 år å vere i aktivitet. Difor er grensa 26 år. Så har ein utvida ordninga over tid, slik at ho også gjeld dei over 26 år.

– Vil det seie at god folkehelse berre er viktig for dei under 26?

– God folkehelse er viktig for alle, og difor har vi også utvida ordninga. Ein har tenkt at det er aller viktigast for dei under 26 år å kome seg i aktivitet.

– Det er val til hausten. Kan de love at det blir ei endring her, eller vil de behalde ordninga slik ho er i dag?

– Regjeringa er open for å sjå på alternative måtar å gjere dette på, slik at det skal bli meir føreseieleg for dei som har behov for å bruke ordninga, svarar Søvik.

Er det greit å jogge i baris? 01:18

Publisert 31.07.2025, kl. 11.06 Oppdatert 31.07.2025, kl. 11.56

Read Entire Article