Hege Thoresen i Kristiansund har hatt problem med helsa i lang tid og har ikkje vore i arbeid på mange år. Nyleg søkte ho om plass ved det distriktspsykiatriske senteret i Kristiansund – men fekk nei.
Då bestemte ho seg for å klage.
– Eg kjennest ut som eg er sjuk, får influensaliknande symptom og er full i angst, seier ho når ho skal skildre ein vanskeleg kvardag.
– Kvifor klaga du på avslaget?
– Det var jo fordi eg hadde fått så mykje avslag på avslag, seier ho.
Thoresen er ufør og har slite med angst i årevis. På dei verste dagane kjem ho seg knapt opp av senga eller sofaen. Den unge kvinna meiner ho har blitt ein kasteball mellom kommunen og helsevesenet.
Hege Thoresen går tur med hunden Rocky. Ho fekk hjelp frå Pasient- og brukarombodet til å klage på avslaget i psykiatrien.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKBehandla nesten 9 000 klager
Hege Thorsen sin situasjon er ikkje unik.
Det er mange som er misfornøgde og som meiner dei burde fått meir og betre behandling i helsevesenet. Slike klager går til statsforvaltarane.
Berre i fjor svarte statsforvaltarane ut nesten 9 000 klager av denne typen. Klagene kjem frå nordmenn over heile landet som seier dei ikkje har fått det dei har krav på, såkalla rettigheitsklager. Dette er nesten 50 prosent fleire enn i 2022.
– Det er krevjande økonomiske tider, store innsparingar og nedskjeringar i tenestetilbod i kommunane og helseføretaka, og det gjer at vi får auka pågang. Det skjer over heile landet, seier fylkeslege Kristin Cotta Schønberg i Vestland.
Fylkeslege i Vestland, Kristin Cotta Schønberg.
Foto: Hedvig KolboholenDobling i talet på saker
Men det er store regionale forskjellar på kor mange fleire som klagar.
- I Innlandet og i Agder er det ein auke dei siste to åra på 20 og 22 prosent
- I Rogaland er veksten på 61 prosent og i Møre og Romsdal på 82
- Ingen har så stor auke i talet på behandla klagesaker som Vestland: her er veksten på 128 prosent – altså meir enn ei dobling på to år
Fylkeslege Kristin Cotta Schønberg i Vestland klarer ikkje forklare kva som er årsaka til at talet på klagesaker varierer så mykje. Ho seier Vestland har tatt unna ein del av klagesakene for Agder og Troms og Finnmark, men har inga enkel forklaring på dei høge tala.
På spørsmåla om pasientane er meir misfornøgde eller om det blir gjort meir feil i helsevesenet, er svaret hennar det same.
– Det har vi ikkje grunnlag for å seie.
– Alt for lenge å vente
Men det er også stor variasjon i kor raskt klagarane får svar.
Statens helsetilsyn har sagt at 90 prosent av klagene på dei fleste saksområda skal ha svar før det har gått tre månader.
- Dette målet klarte berre Statsforvaltaren i Innlandet og i Vestfold og Telemark å nå i 2023.
- Dårlegast ut kom Statsforvaltaren i Oslo og Viken der 14 prosent fekk svar i tide.
Dette uroar pasient- og brukarombod Jannicke Bruvik.
– Det er alt for lenge å vente for menneske i sårbare situasjonar.
Ho seier dei blir kontakta av urolege innbyggjarar som er redde for at dei ikkje skal få den hjelpa dei treng og har rett på.
Pasient- og brukarombod Jannicke Bruvik er uroleg over at pasientar må vente lenge på svar når dei klagar.
Foto: Arne Stubhaug / NRKEtterlyser meir ressursar
Rett før jul trekte Valgerd Svarstad Haugland seg som statsforvaltar. Ho kalla det ei varsla katastrofe, og sa dei i lang tid hadde sagt frå om manglande ressursar.
Også fleire av dei andre statsforvaltarane har etterlyst meir pengar og klarare prioritering.
Statsforvaltaren i Vestland, Liv Signe Navarsete, var i fjor haust i møte med departementa for å varsle om konsekvensane. Før det hadde ho sendt brev til Helsetilsynet, Helsedirektoratet og Barne, ungdoms- og familiedirektoratet om situasjonen.
I brevet skreiv Navarsete at dei er nøydde å omprioritere etter å ha fått krav om innsparing: «Vi vil også her gjere merksam på at konsekvensane av omprioriteringane kan få direkte konsekvensar for tenestemottakarar sin rettstryggleik. Det kan også få konsekvensar for borgaranes tillit til velferdstenestene».
Statsforvaltaren i Vestland, Liv Signe Navarsete, er ikkje fornøgd med løyvingane frå styresmaktene.
Foto: NRK– Tek forholda på alvor
NRK har stilt helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) fleire spørsmål om kva han vil gjere for å rette opp i situasjonen.
Statssekretær Ellen Moen Rønning-Arnesen svarar i staden for Vestre, og skriv mellom anna at ressurssituasjonen ikkje skal gå ut over pasientane. Ho legg til at budsjettbehov vil bli behandla i dei ordinære budsjettprosessane.
– Helse- og omsorgsdepartementet tek forholda hos statsforvaltarane på alvor, skriv Rønning-Arnesen.
Hunden Rocky hjelper Hege Thoresen ut på tur.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKBer fleire om å klage
Hunden Rocky gjer at Hege Thoresen har ekstra draghjelp ut av huset på dei tyngste dagane. Ho trur at eit betre behandlingstilbod mot angsten ville hjelpt henne og at ho burde fått det på det distriktspsykiatriske senteret.
Nyleg fekk ho svar på klagen. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er einig med sjukehuset i Kristiansund at det ikkje er grunn til å tru at eit slikt tilbod vil gjere at ho får det betre.
30-åringen meiner det er feil, og gir seg ikkje.
– Dersom du ikkje gjer noko så blir det jo ikkje endring, så fleire må jo berre gjere det for at det faktisk skal bli ei endring, seier ho.
Publisert 17.02.2025, kl. 18.14