I svak vind og nesten skyfri himmel slepast det 117 meter lange, rustbrune skroget inn fjorden på Sunnmøre.
Litt under ein månad har det tatt frå Tyrkia til Noreg.
Dronebilde av hydrogenferja «Moskenes» under slep frå Tyrkia til Myklebust verft i Gursken i Sande kommune på Sunnmøre.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKLitt under ein månad har slepet frå Tyrkia til Noreg tatt.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKSlik ser ferja ut frå oven.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKMyklebust verft og Torghatten nord trur ferja vil vere i trafikk på Vestfjorden i løpet av siste kvartal i 2026.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKDen 117 meter lange nyferja «Moskenes» ruver i terrenget, 20 meter lenger enn ferjene som i dag går mellom Bodø og Lofoten.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK
Dette skal bli ein av dei fyrste og største hydrogendrivne ferjene i verda, som skal trafikkere ei av dei lengste og mest vêrharde strekningane her til lands.
– Det er ein milepæl at ferja har komme til Noreg. No tar Myklebust sitt team over den vidare utviklinga og ferdigstilling av ferja, skriv Marius Hansen i ein SMS.
Marius Hansen er administrerande direktør i Torghatten Nord og trur den fyrste ferja vil vere i trafikk i slutten av 2026.
Foto: Petter Moen Nilsen / NRKHan er administrerande direktør i Torghatten Nord. Selskapet kom med det lågaste tilbodet og vann anbodet om å drive ferjene som skal gå mellom Bodø og Lofoten fram til 2040.
Det var i 2020 politikarane bestemte at hydrogen skulle overta for flytande naturgass på ferjene i Vestfjorden.
Dei nye ferjene «Røst» og «Moskenes» skal gå på hydrogen i Vestfjorden, mellom Bodø og øykommunane i Lofoten. Reisa tar mellom tre og fire timar.
Grafikk: NRKDei ynskja å bla opp for å drive fram den nye teknologien, for å gjere sambandet meir miljøvenleg og få ned utsleppa av CO₂. Verdien på kontrakten er 5 milliardar kroner.
– Vi meiner dette er eit skikkeleg startpunkt for hydrogensatsing i Noreg, sa daverande statsminister Erna Solberg (H) til NRK.
Eigentleg skulle ferjene ha vore i drift frå 1. oktober 2025, men ifølge Torghatten Nord har det vore fleire årsaker til at ferjene blei forseinka.
– Eg står på den tidlegare uttalen min om at eg trur at den er i trafikk i løpet av siste kvartal av 2026, skriv Hansen i Torghatten Nord.
Ein årsak til forsinkelsane er at det blei langt dyrare å bygge ferjene. Reiarlaget har peika på krigen i Ukraina, og at det blant anna blei vanskeleg å få tak i stål for å bygge skroga.
Men det er ikkje det einaste skjæret i sjøen for ferjene.
NRK og SVT har tidlegare skrive at teknologien som skal bli brukt, kan slutte å fungere tidlegare enn lova.
Dette er den nye prestisjeferja. Det rustbrune skroget slepast inn til Gursken på Sunnmøre av den greske slepebåten Dionysios Z.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKDet er svenske Powercell som skal levere hydrogenteknologien som skal drive ferja. Dei seier at den grøne teknologien fungerer som den skal.
Selskapet avviste opplysningane i saka, og publiserte eit omfattande utsegn på eigne sider, som du kan lese her.
Trur dei er klar om eit halvt år
Skroget, altså skalet til ferja, er bygd på eit verft i Tyrkia, men no skal verftet på Sunnmøre gjere dei ferdig.
– Det er godt å endeleg få første ferje på plass her, seier administrerande direktør ved Myklebust verft, Leiv Sindre Muren.
Etter planen skal det andre skroget komme til Noreg i løpet av sommaren. For Muren er det ein viktig dag.
– Det er to prosjekt som er spennande å vere med på og ta del i. Og for våre tilsette sikrar dette at vi har arbeid i ei tid framover, seier Muren.
Leiv Sindre Muren ved Myklebust verft seier det er ein viktig dag når fyrste ferja endeleg kjem til land.
Foto: Arne Flatin / NRKNo startar jobben med å få på plass alt utvendig og innvendig. Han håper dei skal bruke rundt eit halvt år på å få den fyrste ferja klar for Vestfjorden.
– Vi planlegg for å levere den første ferja i fjerde kvartal. Så det er det vi jobbar mot no.
Hydrogenfabrikk under bygging
Når ferja er ferdig, skal dei teste at alle system fungerer, men dei siste kontrollsjekkane vil ifølgje Torghatten Nord skje på Vestfjorden.
Prosjektleiar Øystein Bauge følgde med når den fyrste ferja kom til Gursken.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK– Typisk med hydrogen, så må nok den kommisjonen gjerast der oppe, seier Øystein Bauge, som er prosjektleiar for Torghatten.
For hydrogenet som skal drive ferjene skal leverast frå ein splitter ny fabrikk like ved innseglinga til Bodø.
Dette er tomta fabrikken skal byggjast på. Bildet er tatt 12. mai 2026.
Foto: Thomas Fredrik Kristensen / NRKDet er selskapet Green H som skal levere hydrogenet, og fabrikken kjem til å koste over 1,2 milliard kroner. Dei får over 128 millionar kroner i støtte frå staten.
Målet er å produsere opp til 8,5 tonn såkalla «grønt» hydrogen, kvar einaste dag.
– Vi jobbar med å få anlegget klart i tide til ferjene er klare, og har ein tett og god dialog med Torghatten Nord om dette, skriv regionsjef i Green H, Petter Olsen Bertheussen.
Petter Olsen Bertheussen i Green H seier dei jobbar med å få fabrikken klar til ferjene er på plass.
Foto: Beth Mørch Pettersen / NRKMen i tillegg til hydrogen, så kan ferja drivast med alternativt drivstoff.
– Om fabrikken ikkje er ferdig, så kan ferjene gå i rute med biodiesel, seier Bauge i Torghatten.
Hei!
Vi kommer til å jobbe videre med hydrogenferjene, anbudsrunden og prosessen. Har du noen tanker rundt dette, eller konkrete tips vi bør se på? Gjerne ta kontakt på e-post.
Publisert 14.05.2026, kl. 07.44
















English (US)