– På nyttårsaftan vil det for heile landet kome inn eit nordavindsfelt. Det blir kaldare luft, og viss det kjem nedbør vil det komme som snø, seier vakthavande statsmeteorolog Alexander Skeltved ved Meteorologisk institutt.
Han seier det vil vere ganske rolege vindforhold, og at temperaturane kjem til å ligge på minus tre-fire grader for store deler av landet.
Dette med unntak av indre strøk av Innlandet og på fjellet.
– Der vil det nok bli minus 10–15 grader. Og i Rogaland og rundt Kristiansand vil det ligge rundt null, og kanskje litt på pluss-sida. Dei vil nok få litt sludd og regn i staden for snø.
Vakthavande statsmeteorolog Alexander Skeltved ved Meteorologisk institutt.
Foto: Benjamin Dyrdal / NRKSnø over store deler av landet
Snøen kjem sannsynlegvis til å falle jamt som byger gjennom dagen i Nord-Noreg, først på dagen på Vestlandet, og jamt sist på dagen i aust.
Det er berre på kysten av Rogaland og i Agder det er venta regn eller sludd.
– Spørsmålet er om det kjem nedbør eller ikkje, og der er det større sannsyn for at det kjem snø, enn at det ikkje gjer det.
At det for nokre stader er venta snø tidleg på dagen er positivt for rakettoppskytinga.
– Sjølv om det kjem snø tidleg på dagen, kan det vere ganske fine forhold og god sikt i Møre og Romsdal og sør i Trøndelag rundt midnatt den 31.
SIKT: I 2016 var det god sikt i Trondheim. Det kan det bli også i år.
Foto: Kjartan Ovesen / NRKBåde snø og regn i helga
Statsmeteorologen har fredag også sendt ut gult farevarsel om mykje snø for deler av Nordvestlandet og Trøndelag frå sundag ettermiddag til måndag.
Dei skriv på X at det er venta lokalt 5 til 25 centimeter snø på 24 timar, og at det i kombinasjon med vind vil føre til snøfokk i fjellet.
Statsmeteorologen skriv ein bør rekne ekstra reisetid og køyre etter forholda.
Foto: StatsmeteorologeneStatsmeteorolog Saltvedt melder også om ein del vêr i Nord-Noreg i helga.
– Der har vi vind og regn i Nordland. Det er vind frå sørvest, som me har hatt lenge, som gir mild luft og vått vêr. Så då blir det ein god del regn, seier Saltvedt.
Dette gjeld spesielt i Vestfjorden, Salten og Lofoten.
– Lengre nord er det også vind, men mindre nedbør. I Troms og Finnmark fører kombinasjonen av snø og vind til eit snøfokk-varsel.
Endå lengre sør blir det tåke.
– I Rogaland, Agder, og sørlege delar av Austlandet er det venta periodar med tåke både i fredag og laurdag. Elles er det skya og regn gjennom helga. Deretter kjem overgangen til nordavind og kald luft i løpet av sundagen og inn i måndagen.
Publisert 27.12.2024, kl. 13.10 Oppdatert 27.12.2024, kl. 13.15