Her køyrer dieselbåten i den «utsleppsfrie» verdsarvfjorden

12 hours ago 2


Allereie i 2024 var regjeringa tydeleg på korleis kravet om nullutslepp i verdsarvfjordane skulle oppfyllast.

  • For større skip, til dømes cruiseskip, vil kravet gjelde frå 2032.
  • For turistskip og ferjer under 10.000 tonn gjeld kravet frå 1. januar 2026.

Eit unntak i lovverket, som vart innført i fjor, har likevel blitt redninga for fleire «dieseltravarar» i verdsarvfjordane.

Verdsarvfjordane omfattar dei fem fjordane Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden, Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Tafjorden. Desse er ein del av vestnorsk fjordlandskap, som er oppført på UNESCOs verdsarvliste.

Sjøfartsdirektoratet stadfestar til NRK at dei fleste båtane som har fått unntak er fossile og går på ulike variantar av diesel eller MGO. Det skuldast mellom anna at det ikkje er bygd anlegg for landstraum.

– Vi ser at det til dømes er infrastruktur som ikkje er på plass knytt til nullutsleppsløysingar på kort sikt. Då er det viktig å ha ei slik moglegheit, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus.

  • Keiser Wilhelm

    MS "Keiser Wilhelm". Har dispensasjon fram til nytt fartøy blir levert, seinast 2028.

    Foto: Cruise Service AS
  • MF Veøy og MF Bolsøy

    MF "Veøy" og MF "Bolsøy". Har fått tidsavgrensa dispensasjon ut oktober 2026

    Foto: Fjord1
  • Gabriele

    MS "Gabriele". Har dispensasjon fram til nytt fartøy blir levert, seinast 2028

    Grafikk: Cruise Service AS
  • MF Skånevik

    MF "Skånevik". Har fått dispensasjon av Klima- og miljødepartementet.

    Grafikk: Vestlandske Trafikk AS
  • MS Fjærlandsfjord

    MS "Fjærlandsfjord". Dispensasjon til 31. desember 2027

    Foto: Lustrabaatane AS

Hamnesjefen reagerer

Hamnesjefen i Flåm, Tor Mikkel Tokvam, reagerer på prosessen og seier unntaka kom «veldig overraskande» – rett før kravet om nullutslepp i 2026 skulle innførast. Han har sjølv ikkje vore involvert i prosessen, heller ikkje som høyringsinstans.

Han trekk fram at slik reglane er forma ut så har fleire dieselbåtar fått unntak, medan ein hybridbåt med langt lågare utslepp har fått avslag.

– Eg synest det høyrest klønete ut, og er uheldig. Det er jo viktig at dei som tør å gå føre, også blir premierte med å kunne segle i ettertid.

Selskapet The Fjords gjekk i bresjen med hybridbåten «Vision of the Fjords» i 2016, før selskapet kjøpte to heilelektriske båtar i 2018 og 2020. Selskapet har også investert stort i eige landstraumanlegg.

"Vision of the fjords" er endeleg i rutetrafikk.

«Vision of the Fjords» fekk avslag, medan fleire dieselbåtar fekk unntak til å køyre.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Hybridbåten fekk avslag fordi det i unntaksreglane står eit punkt om at passasjerskipet må ha operert i verdsarvfjordane i 2024, og fram til søknaden om unntak er levert.

Hybridbåten har operert meir eller mindre samanhengande i Nærøyfjorden sidan 2016, men ikkje i 2025. Det var nok til å få avslag.

– Det er jo ein rein formalitet. Det er viktig å utvise eit skjønn ved behandling av dei ulike sakene, seier hamnesjefen.

Tor Mikkel Tokvam

Hamnesjef i Flåm, Tor Mikkel Tokvam, er ikkje nøgd med korleis unntaksreglane vart forma ut.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Hybridbåten sendt til Oslo

Reiarlaget The Fjords opplyser til NRK at avslaget førte til at båten vart sendt til Oslo. Dagleg leiar, John Vonli, seier tanken i utgangspunktet var å få ein tredje heilelektrisk båt, men det vart forseinkingar i leveransen.

– Då prøvde vi å løyse det med å køyre hybridbåt i staden for, der utsleppa er i underkant av 40 prosent samanlikna med ein fossil båt.

Men søknaden førte altså ikkje fram. I staden må han sjå på andre fossile båtar som får køyre akkurat som tidlegare år, gjennom sommarsesongen.

– Vi må jo forhalde oss til regelverket. Men det er eit tankekors at vi kunne gjort dette på ein måte som er betre for miljøet enn den løysinga som eksisterer no.

Vision of the fjords på Sognefjorden

Hybridbåten «Vision of the Fjords» fekk ein internasjonal pris som «Årets skip» i 2016.

Foto: Sverre Hjørnevik / Fjord Norge

Han stadfestar at båten har operert i verdsarvfjorden i dei fleste av dei siste 10 åra, men ikkje i 2025.

Kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet ønsker ikkje å kommentere for detaljert på det han kallar ei enkeltsak.

– Kvifor er det så viktig at ein må drive lokalt etter 2024 og fram til ein søker om unntak?

– Eg kan ikkje kommentere alle enkeltsakene her. Det er sett ein del kriterium. Kva som gir grunnlag for dispensasjon, og kva som ikkje gir grunnlag.

Han legg til:

– I hovudsak er dette ei ordning som er tiltenkt dei som har operert i området frå 2024 og fram til i dag, og som ikkje har kome heilt i mål av ulike grunnar med ei omlegging til nullutslepp.

– Men har ikkje direktoratet moglegheit til å bruke større grad av skjønn i slike tilfelle, slik at båtar som faktisk har mindre utslepp, får løyve?

– Vi kan ikkje bruke skjønn utover det som ligg i kriteria som er sett.

En gruppe mennesker som står på en båt

«Geirangerfjord II» er ein av fleire fossile båtar som har fått løyve til å køyre i verdsarvområde i 2026. Også båtane «Geirangerfjord» og «Geirangerfjord III» har fått dispensasjon.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Forsvarar unntak

Lustrabaatane fekk unntak for to båtar og ei ferje. Dei to båtane går på anleggsdiesel og vart bygde i 1952 og 1968. Dagleg leiar i selskapet, Per Magne Sviggum, seier unntaket er heilt avgjerande.

– Vi vil jo ikkje vere noko bremsekloss i det grøne skiftet. Men realiteten er at det ikkje er tilgjengeleg kapasitet i Gudvangen, eller Flåm, på det tidspunktet der dei har bede om nullutslepp.

Han snakkar om manglande ladekapasitet og landstraumanlegg.

– Vi er prisgitt at kraft og infrastruktur er tilgjengeleg. Og det tek tid å bygge.

Han er tydeleg på at dei har klare planar for å køyre utsleppsfritt den dagen landstraumanlegg er på plass.

"Lady Elisabeth" på kaia i Flåm

Fossilbåten «Lady Elisabeth» blir operert av Lustrabaatane. Selskapet er avhengig av unntak så lenge ikkje landstraumanlegg er på plass.

Foto: Arne Veum / Aurlendingen

Også hamnesjefen i Stranda kommune, Rita Berstad Maraak, er godt kjent med det nye unntaksregelverket. Ho viser til at fire ferjer og tre andre fartøy har fått lov til å køyre med utslepp i verdsarvfjordane på Sunnmøre.

Også her har det vore utfordringar i å få ladestraumanlegg på plass i tide.

– Vi har vore tydelege på at vi støttar vedtak om nullutslepp. Men fram til ladestraumen er på plass, så er det riktig med dispensasjon.

Ho kan ikkje love når eit nytt anlegg er på plass.

– Eg kan ikkje garantere nokon ting, fordi vi har møtt på store utfordringar i planlegging og saksbehandling. Ting tek tid, særskild i to verdsarvfjordar. Men det vi har fått førespegla er januar 2027.

Rita Berstad Maraak

Hamnesjef i Stranda kommune, Rita Berstad Maraak, forsvarar at dieselbåtar får unntak så lenge landstraumanlegg ikkje er på plass.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Publisert 12.06.2026, kl. 11.52

Read Entire Article