Her lærer dei å meistre livet, men Nav seier nei til nesten annankvar søkar

3 hours ago 3


– Alle er så snille her. Vi får vere med på så mykje, seier Camilla Halsten Solås.

Ho og venninna Anna Bjånes er to av dei som har gått på den tilrettelagde linja ved Sunnmøre folkehøgskule i Ulsteinvik dette skuleåret.

På romma sine på skulen må jentene rydde, støvsuge, ordne sengene og halde alt i orden.

Og nettopp slike basisferdigheiter er viktige for desse elevane når dei skal vidare i livet. På Bo aktiv-linja på folkehøgskulen får Camilla trene på å bu åleine samtidig som ho er saman med andre ungdommar.

Camilla Halsten Solås

Camilla Halsten Solås har nettopp rydda rommet sitt på folkehøgskulen og kan ta seg ei lita pause.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Eg har hatt hybelmat som valfag og har både lært meg å lage steikt ris og å lage pizza, seier Camilla, som har planar om å jobbe i barnehage når ho er ferdig med skulegangen.

Nesten 40 prosent får nei

Tal frå Nav viser at rundt 40 prosent av dei som søker om støtte til å få tilrettelagde plassar på folkehøgskule får avslag.

I landet er det rundt 80 folkehøgskular. Av desse er det om lag 25 av dei som har ulike linjer for tilrettelagde plassar.

Ein tilrettelagd plass kostar rundt 400 000 kroner meir enn ein vanleg plass, blant anna fordi dei treng fleire lærarar på kvar elev. Støtta denne elevgruppa får frå Nav er derfor avgjerande.

– Utan den støtta er det ikkje mogleg for oss å gje dei eit godt nok tilbod, seier rektor Arnt Ole Grimstad ved Sunnmøre Folkehøgskule.

Arnt Ole Grimstad er rektor ved Sunnmøre Folkehøgskule

Arnt Ole Grimstad er rektor ved Sunnmøre Folkehøgskule

Foto: Arne Flatin / NRK

Han seier at dei sender rekning til Nav for dei ekstra kostnadene per elev så snart støtta er innvilga.

Foreldre reagerer på avslag

I desse dagar er det fleire som vurderer om dei skal ta eit år på folkehøgskule. For dei som treng tilrettelagde plassar er dette ofte vanskeleg fordi det er kompliserte søknadsprosessar for å få støtte frå Nav.

På kjøkenet på Sunnmøre Folkehøgskule

På kjøkenet lærer elevane korleis dei skal lage til måltid.

Foto: Arne Flatin / NRK

NRK har hatt kontakt med fleire pårørande som ikkje ønsker å stå fram, men som stadfestar at dei har sendt søknader, men fått avslag.

Både foreldre og leiinga ved folkehøgskulane meiner det vert praktisert for strengt.

Meiner Nav praktiserer for strengt

Anne Tingelstad Wøien er dagleg leiar for Folkehøgskulerådet på landsplan. Ho arbeider opp mot dei politiske partia for å få betre vilkår for folkehøgskulane. Ho er ikkje fornøgd med svara som Nav gir.

Anne Tingelstad Wøien, daglig leder Folkehøyskolerådet

Anne Tingelstad Wøien er dagleg leiar for Folkehøgskulerådet

Foto: Svein Finneide

– Vi synest Nav praktiserer dette alt for strengt. Det er krevjande å skrive slik søknader og å få dei gode nok, seier ho.

Søknadsprosessen kan skape mykje frustrasjon, ifølge leiaren.

Tingelstad Wøien seier til NRK at dei vil arbeide opp mot partia på Stortinget for å få endra på dette slik at det vert lettare å få gjennomslag før søknadene.

Sunnmøre Folkehøgskule har aktivitetar utandørs

Sunnmøre Folkehøgskule har mange aktivitetar utandørs.

Foto: Arne Flatin / NRK

Nav avviser at det har vorte strengare

Fylkesdirektør Stein Veland i Nav i Møre og Romsdal avviser at det har vorte vanskelegare å få støtte til å gå på slike linjer.

Stein Veland Fylkesdirektør i NAV Møre og Romsdal.

Stein Veland er fylkesdirektør i Nav

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

– Tala vi har for dei siste åra viser at i overkant av 60 prosent av dei som søker får innvilga støtte.

–Men likevel er det rundt 40 prosent som ikkje får gjennom søknaden sin. Kvifor?

– Det er strenge krav for å få innvilga ein slik søknad, så det kan vere ein indikasjon at søknadene i enkelte tilfelle ikkje er gode nok eller presise nok, seier Veland.

Sunnmøre Folkehøgskule

Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik

Foto: Arne Flatin / NRK

– Heilt avgjerande for utviklinga

Therece Herstad har ein son som går på den tilrettelagde linja på Sunnmøre Folkehøgskule.

Therece Herstad er foreldrerepresentant ved SUFH

Therece Herstad er foreldrerepresentant og talsperson ved SUFH.

Foto: Arne Flatin / NRK

For henne er det heilt avgjerande at han får høve til å vere saman med jamaldringar på skulen.

– Vår son har ikkje sjansen til å utvikle seg på same måte som funksjonsfriske. Så det å vere i eit fellesskap med funksjonsfriske på same alder er veldig viktig, seier ho.

Publisert 14.05.2026, kl. 17.24

Read Entire Article