Hizbollah i intervju med NRK: – Vil ikkje gi frå oss våpena

5 days ago 15


Over ein million menneske er drivne på flukt i Libanon etter kampar mellom Israel og Hizbollah.

No varslar Israel ein «sikkerheitssone» i sør for å stanse Hizbollah-angrep.

For dei som har flykta, betyr det éin ting: Dei kjem ikkje heim med det fyrste.

En familie sitter tett inne i et telt. En kvinne steller et lite barns hår. En mann sitter foran i bildet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Ein familie på flukt frå israelske angrep i Sør-Beirut bruker eit telt som tilfluktsstad i Beirut. Bilete frå 25. mars 2026.

Foto: Emilio Morenatti / AP,NTB

NRK har fått i tale Hizbollah, ein av dei sentrale aktørane i konflikten.

Ein vanskeleg mann å få tak i

Mahmoud Komati er tidlegare minister og nestleiar i det politiske rådet i Hizbollah.

Det finst få offentlege bilete av han.

Han blir rekna som ein av grunnleggarane av rørsla, og er i dag ein del av den øvste politiske leiinga.

Svar frå han kjem ikkje på telefon. Dei kjem ikkje ansikt til ansikt.

NRK sine spørsmål går gjennom ein mellommann.

Så blir det stille. Før svara kjem skriftleg.

Et sladdet bilde av en tekst i forbindelse med et Hizbollah-intervju

Det skriftlege svaret frå Hizbollah-nestleiar Mahmoud Komati. Biletet er sladda av tryggleiksomsyn.

Foto: Privat

Sidan våpenkvila mellom Israel og Libanon i november 2025, har Israel halde fram med målretta angrep mot Hizbollah-medlemmer.

Fleire hundre skal vere drepne i drone- og flyangrep, ifølge The New York Times.

Også tidlegare har Israel gått etter leiinga i rørsla.

I 2024 gjennomførte dei såkalla «personsøkarangrepa», der personsøkarar eksploderte fleire stader i Libanon.

Personsøkar-angrepet mot Hizbollah 17. september 2024.

Jakta på Hizbollah

Bustader, leilegheiter og hotell i Beirut er ramma i jakta på medlemmer av rørsla, ifølge Times of Israel.

Også journalistar har blitt drepne i slike angrep, ifølge Committee to Protect Journalists.

For å unngå digitale spor blir telefonar lagde bort, opplyser Hizbollah til NRK.

Beskjedar går via bodberarar. Direkte kontakt kan avsløre kvar han er.

Angrepa mot Hizbollah heng tett saman med kampane langs grensa i sør.

Sidan våpenkvila i 2006 har det vore ein skjør ro langs grensa mellom Israel og Libanon.

En kvinne står med en hund ved et rekkverk. To små barn står på en brosteinsbelagt sti. Bak dem ses en by på en fjellskråning. Landskapet er preget av fjell og vegetasjon. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Israelske turistar ved eit utsiktspunkt i den alawittiske landsbyen Ghajar. Landsbyen ligg på grensa mellom Libanon og dei israelsk-annekterte Golanhøgdene. Bilete frå 14. oktober 2022.

Foto: Tsafrir Abayov / AP,NTB

Etter krigen i Gaza som følgde terrorangrepet 7. oktober 2023, byrja Hizbollah å skyte rakettar mot Israel frå Sør-Libanon, for å støtte palestinarane.

Israel svarar med angrep mot mål i Libanon, og seier dei vil hindre nye rakettangrep mot sivile i nord.

Etter at USA og Israel gjekk til angrep på Iran, tok kampane seg opp igjen.

No vil Israel ta kontroll over området sør for Litani-elva for å opprette ein «sikkerheitssone», ifølge forsvarsminister Israel Katz.

Det gjer at menneska som har flykta frå Sør-Libanon, ikkje får vende heim.

Komati meiner kampane vil halde fram.

– Bakkeinvasjonen gjer at motstandsbevegelsen kjempar vidare og er i stand til å halde ut lenge, skriv han.

Han omtalar Israels framferd som aggresjon, og seier Hizbollah vil halde fram med det han kallar motstand.

Flyktningkrise pregar landet

Samstundes blir sivile hardt ramma av angrepa.

Over ein million menneske er internt drivne på flukt i Libanon, ifølge FN.

Rundt om i landet bur familiar i mellombelse løysingar, i skular, tomme bygg og provisoriske telt.

Barn sitter i og utenfor provisoriske telt. En tanke med gass står ved siden av et telt. Skyene er mørke. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Born som er fordrivne frå Beirut-forstaden Dahieh, søker ly for regnet i telta sine langs kysten i Beirut, Libanon. Bilete frå 26. mars 2026.

Foto: Emilio Morenatti / AP,NTB

Når NRK spør kva Hizbollah gjer for dei som er drivne på flukt, svarer Komati:

– Humanitære og sivile organisasjonar som Raude Kors og Raude Halvmåne yter bistand. Vi i Hizbollah tilbyr alt vi kan til vårt folk. Alle bidreg til å hjelpe dei fordrivne: allmenta, staten, Hizbollah, Amal-rørsla og nasjonale parti.

Han svarer ikkje konkret på kva Hizbollah sjølv gjer.

Samstundes meiner fleire i Libanon at rørsla si rolle er med på å utløyse israelske angrep.

Likevel framstiller Komati krigen som nødvendig.

– Målet vårt er å frigjere Libanon fullstendig, få fangane sette fri, stanse krenkingane av landet og sørge for at innbyggarane kan vende tilbake til landsbyane og heimane sine.

Frykt for ny borgarkrig

Libanon er også prega av djupe indre motsetningar.

Makta i Libanon er delt mellom 18 forskjellige religiøse sekter. Primært kristne og muslimar

Det skaper jamleg politisk uro.

Mellom 1975 og 1990 blei landet rive sund av borgarkrig.

Rundt 150.000 menneske blei drepne, og om lag éin million måtte flykte.

En soldat står langs et rekkverk ved sjøen, mens to gutter sitter på rekkverket. Soldat har på seg hjelm og vest, og holder et våpen. Været er grått og himmelen er uten skyer. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

To gutar sit ved sidan av ein soldat på strandpromenaden i Beirut i november 1976. Biletet er frå borgarkrigen i Libanon, som varte frå 1975 til 1990.

Foto: XAVIER BARON / AFP,NTB

På spørsmål om Hizbollah no fryktar ein ny borgarkrig, svarer Komati.

– Vi fryktar ikkje ein borgarkrig, og vi ønskjer det heller ikkje. Libanesisk dialog er løysinga.

Hizbollah: – Vil ikkje gi frå oss våpena

Krigen mot Israel og dei indre motsetningane i Libanon møtest i eitt spørsmål: Kva rolle Hizbollah skal ha.

Styresmaktene i landet meiner berre staten skal ha våpen.

Statsminister Nawaf Salam har bedt Hizbollah om å levere frå seg våpena, og vil forby dei militære aktivitetane til gruppa, ifølge Reuters.

En mann holder et Hizbollah-flagg over en by med ødelagte bygninger. En gravemaskin er synlig i forgrunnen, og det ligger mye jord og rusk i gatene. Flere personer er synlige i bildet, og en bil står veltet i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Ein mann set opp eit Hizbollah-flagg på balkongen til ein bygning som blei øydelagd i eit israelsk angrep 7. mars 2026. Biletet blei tatt under ein medierunde i regi av Hizbollah.

Foto: FADEL ITANI / AFP,NTB

President Joseph Aoun åtvara om at rakettangrep kan trekke Libanon djupare inn i ein regional krig.

Det avviser Hizbollah.

– Vi vil ikkje gi frå oss våpena våre, seier Komati.

Han opnar for samarbeid med staten om ein «defensiv strategi», men held fast på at rørsla må vere væpna.

Han avviser også at rørsla handlar på vegner av Iran.

– Vi forsvarer vårt eige land mot pågåande aggresjon, seier han.

Interessert i utanriks? Lytt til denne podkasten:

Publisert 28.03.2026, kl. 16.58

Read Entire Article