Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_58f28acba21824f9f2c8bdc49d1d9f91, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Ho blir NRK sin nye korrespondent i London - NorwayToday

Ho blir NRK sin nye korrespondent i London

2 days ago 3


Solberg tek over for Gry Blekastad Almås, som har vore i London sidan 2021. Den nye korrespondenten skal vere på plass i London i august.

reporter

Gry Blekastad Almås har vore NRK sin korrespondent i London sidan 2021. No er det Kristin Solberg sin tur.

Foto: Havard Blekastad Almas

– Eg trur det blir veldig spennande å dekke Storbritannia nærmare. Eg har til no fokusert mykje på Midtausten og Asia, så det skal bli fint å flytte fokuset til Europa.

Lova seg sjølv å komme tilbake

Solberg er glad i Storbritannia frå før. I fire år studerte ho nemleg journalistikk og internasjonal politikk i både Sheffield og London.

Ho treivst så godt at ho vurderte å bli verande.

– Eg hadde likevel eit behov for å dra ut i verda. Men eg lova meg sjølv at eg ein dag skulle kome tilbake.

No, 20 år seinare, vert løftet innfridd.

– Eg gler meg spesielt til å dekke korleis høge levekostnadar pregar kvardag og politikk, og korleis Storbritannia navigerer sin plass i ei uroleg verd.

Ei kvinne med solbrille på hovudet har eit kamera i handa. Bygget ho står ved sidan av er i ruiner.

Solberg har lang erfaring med å arbeide som korrespondent.

Foto: Privat

Erfaring frå Midtausten og Asia

Solberg har tidlegare vore korrespondent for NRK i Midtausten.

– Det er viktig i dag når verda heng så tett saman, seier utanriksredaktør i NRK, Sigurd Falkenberg Mikkelsen.

Portrett av en mann i dress med grått skjegg som smiler

Utanriksredaktør Sigurd Falkenberg Mikkelsen har trua på den nye korrespondenten.

Foto: Truls Skram Lerø / NRK

Mikkelsen fortel vidare at Solberg er ein svært god utanriksjournalist og ein god forteljar.

– Ho beherskar alle plattformer, skriv godt og veit kva som skal til for at journalistikken vår når fram til publikum.

Solberg tek med seg erfaringane frå då ho var korrespondent i Midtausten, men arbeidsforholda blir nok litt annleis.

– Det blir nok færre situasjonar der eg rapporterer med skotsikker vest og hjelm

Men ho trur likevel at mykje av arbeidet i London vil vere likt som før.

– Ein korrespondent skal formidle til eit norsk publikum korleis det er ute i verda. Og det er akkurat det same uansett kvar ein er.

Ho ser fram til å vere ute i felt igjen.

– Å vere ute, å følgje ei historie frå byrjing til slutt. Det gler eg meg mest til.

Publisert 06.05.2026, kl. 13.03 Oppdatert 06.05.2026, kl. 13.57

Read Entire Article