Høgre vil halde pubane opne lenge: – Viktig at folk får lov til å kose seg

22 hours ago 6


Tysdag kunne regjeringa melde at dei vil sikre at det kan bli ein folkefest under VM.

No kjem også Høgre på banen og baren.

Vi ønsker å legge til rette for ein skikkeleg fotballfest i Noreg, og vi vil vere med å legge til rette for utvida skjenking under VM, seier Erlend Svardal Bøe, stortingsrepresentant for Høgre.

Vil servere overtid – også i tappekrana

– Det at eit lite land som Noreg gjer det bra i verdas største idrettsarrangement, er grunn nok til å feire, held Svardal Bøe fram.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) sa at regjeringa skal sjå på kva som må bli gjort, «om det blir regelendringar eller andre tiltak som trengst».

Arbeidarpartiets parlamentariske leiar Tonje Brenna følgde opp på Facebook.

– Klart folk skal få sjå fotball-VM. Også på pub. Også når kampane blir spelte på natta. Om vi har reglar som hindrar dette, må vi løyse det, skreiv ho.

Jonas Gahr Støre står utenfor og inni baren Scotsman i Oslo sentrum iført blå dressjakke, grønn genser og en hvit skjorte.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) sa at regjeringa skal sjå på kva som må bli gjort for å sikre ein folkefest, men Høgre meiner regjeringa er vage.

Foto: Markus Olsen / NRK

– Men det seier no, er vel omtrent det regjeringa sa i går?

Eg synest regjeringa var veldig vage. No skal Noreg spele fotball-VM og vi vil sikre tidenes folkefest, så da må vi faktisk utvide skjenketida, seier stortingsrepresentanten frå Troms.

Partiet vil no ta dette opp i Stortinget.

Det er kommunane sjølv som bestemmer skjenketid, og i dag har dei fleste utestader skjenkestopp rundt klokka 02–03.

En mann i dress spiller med en fotball mens han holder en øl i hånden.

Henda fulle med å love ein folkefest.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre seier mange gleder seg til å sjå herrelandslaget spele i USA neste år, og at løysingar vil vere på plass i «god tid før VM».

– Vi går i gang med å jobbe med dette nå. Korleis dette skal løysast, kva de løsningene vil innehalde, og om det må gjerast eventuelle regelendringar eller ikkje må vi komme tilbake til når det er klart, seier Vestre.

Jan Christian Vestre står inne på marienlyst og ser i kamera. Han har mørkeblå dress, hvit skjorte, og rødt og hvitt slips.

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre seier løysingar vil vere på plass i god tid før VM.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

Avviser ein «bakveg» inn i liberalisering

Alkohollova har vore nesten uendra i mange år, og fleire parti blant anna Høgre har tidlegare tatt til ordet for å liberalisere den.

Er dette ein måte for Høgre å opne døra for liberalisering av alkohollova?

– Vi har sagt at dette skal skje i samband med fotball-VM. Men vi har også peikt på at den generelle alkoholpolitikken i Noreg treng ein gjennomgang, og at alkohollova må bli modernisert.

En mann i dress spiller med en fotball mens han holder en øl i hånden.

Stortingsrepresentanten fekk også vist fram litt triksing.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

På spørsmålet om pils er viktig for Høgre, svarar Svardal Bøe:

– Det er viktig at folk får lov til å kose seg i kvardagen, spesielt når vi skal spele fotball-VM og litt modernisering trur eg berre er bra.

Kan bli seine netter

VM blir spelt i USA, fleire timar bak norsk tid. Det betyr at fleire av kampane går seint på kvelden eller midt på natta.

Noreg skal møte Senegal og Frankrike i gruppespelet under VM i USA. Motstandar nummer tre blir klar til våren.

Senegal-kampen startar klokka 02 norsk tid, midt i den lovpålagde skjenkestoppen.

En mann i dress spiller med en fotball mens han holder en øl i hånden.

Svardal Bøe og Haaland på Proud Mary ved Stortinget.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Nokre av kampane går svært seint, og då må vi ikkje vere så firkanta at vi ikkje kan utvide grensene litt når vi feirar store idrettsarrangement.

Svardal Bøe peikar på Erling Braut Haaland og seier at han ville vore einig med han.

Haaland, ta kontakt med NRK viss du vil uttale deg.

Publisert 10.12.2025, kl. 23.00

Read Entire Article