Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_507726d17c17bc04eddcfd19e2f0e30a, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Humler: Eit mangfald av livsstilar - NorwayToday

Humler: Eit mangfald av livsstilar

9 hours ago 2


Ei berghumle kosar seg med belønningen i dvergbusken melbær. (Foto: Stein Joar Hegland)

Dei flyg frå tidleg vår til sein haust, og lar seg ikkje stoppe av temperaturar nærare null. Dei besøker eit utal blomster av ville vekstar, bærbuskar, frukttre og grønsaker. Humlene er våre klart viktigaste og tøffaste pollinatorar.

Men ei humle er ikkje berre ei humle. Visste du at det finst eit mangfald av artar der ute i hagen, skogen og fjellet? Alle har sine særeigne trekk og sin eigen måte å leve livet på.

Ein kjappis i hagen

I hagen ein tidleg vårdag går eg mellom busker av rips, stikkelsbær og solbær, som er blant dei første vekstane som blomstrar. Alt på fleire meters avstand kan eg høyre humlene summe. Mest sannsynleg er det markhumla eg høyrer, britane kallar dei «the early bumblebee». Det er ei lita humle som er lett å kjenne att med gult band på framkroppen og oransjebrun bakstuss. Lyden er kjappare og meir høgfrekvent enn mange andre humler. Ho har liksom litt ekstra fart i seg; eg kallar ho ADHD-humla.

Dei sosiale humlene er alle veldig arbeidsame og målretta. Dei jobbar hektisk for å samle pollen og nektar til bolet så dei kan bygge opp kolonien sin. Utan å vite det er dei også blitt lurte til å jobbe for plantene. Nektaren og pollenet blomstrane gladeleg delar ut til dei flygande kurérane, er eit effektivt lokkemiddel for å få til transport av pollen.

Dei pollinerande insekta er sex-arbeidarar for stilleståande plantar, heilt utan å vite det sjølve. Når humla flytter pollen frå pollenberar på éin blomst til arret på ein annan, skjer det nemleg noko vi alle skal vere djupt takksame for: pollinering. Dette eineståande fenomenet er grunnlaget for vidare liv i planteverda, og for at menneske og dyr har noko å ete.

Ho er sjef

Det er ikkje berre det norske kongehuset som legg ut på vårbesøk til fjern og nær. Om våren er det nemleg dronninga vi ser fly rundt i hagen eller nærskogen vår. Ho har overvintra åleine i bakken, og om våren er ho svolten. Ho leitar både etter næringsrik blomstermat og ein ny stad å bu.

Dronningane flyg lågt mellom gras og lyng, på leit etter eit holrom. Som leigetakarar er dei litt kresne. Mange humler er sekundære holerugerar; dei vil berre ha eit hus som er brukt og ferdigbygd, oftast eit musebol. Dei liknar slik sett på mange fuglar som helst vil ha eit hakkespetthol i eit gammalt tre. Vi kan bygge humle- og fuglekassar for å etterlikne desse bustadane, men humlekassane må lukta mus skal det bli suksess.

Det er ei heil gruppe med humler vi kallar jordhumler nettopp fordi dei bur i holrom i bakken. Desse humlene har alle dei særmerkte gule banda framme og midt på kroppen og ein kvit bakstuss. Dersom du ber ein kunstig intelligens-robot lage ei teikning av ei humle, er det nok ei slags jordhumle du får opp på skjermen.

Dronninga er sjefen i heimen. I bolet undertrykker ho dei andre hoene sin fruktbarheit gjennom kjemisk kastrering. Slik får ho arbeiderhumlene til å jobbe for kolonien sitt beste. Utpå sommaren blir det likevel laga nye dronningar som flyg ut for å pare seg med hannar frå andre bol. Det er den «nykrona» og drektige dronninga som går i dvale og overvintrar.

Ei jordhumle besøker tyttebærblomster. Ho har kroppen dekka av pollen, nok til både mat for sine eigne og pollinering for planta. Foto: Stein Joar Hegland

Skulle ei dronning døy i bolet, kan ei av arbeidarane ta over rolla. Slike revolusjonar er like sjeldne i humleverda som hos oss folk, men krigar er meir vanlege (meir om det seinare).

Det betyr noko kor lang den er

Hos humler betyr lengda på reiskapen noko. Tunga, altså. Dei aller fleste humlene vi ser tidleg om våren har korte tunger og held seg til opne blomstrar slik som hos selje, blåbær, bærbuskar, frukttre og løvetann. Å få tak i godsakene til raudkløveren og andre sommarblomstrar, krev ofte ei lengre tunge.

Åkerhumla, med sin tigeroransje framkropp og bakstuss, er ein kløppar på raudkløver. Ho har ei middels lang tunge, og har dreis på både opne og meir innfløkte blomstrar. Du kan få auge på ho gjennom heile sommaren, og eg tør påstå at ho er den aller viktigaste pollinatoren vår.

Noregs viktigaste pollinator? Åkerhumla besøker eit utal av blomsterartar. Her humleblom, kvitkløver og raudkløver. Foto. Stein Joar Hegland

Dei verkeleg lange humletungene finn vi likevel i underslekta Megabombus. Det talande namnet lyg ikkje. Desse humlene er ekstra store, og tungene deira er gjerne tre firedelar av kroppslengda. Samanlikna ville då ein gjennomsnitts nordmann vore utstyrt med 135 cm tunge!

I norske blomsterbed er hagehumla den vanlegaste av dei langtunga. Ho liknar jordhumla med sine fargeband i gul, gul og kvit. Men ho er større, har eit lengre ansikt, og altså ei utruleg lang tunge. Ho kjem først ut på sommaren, når nektaren til dei fiolette favorittblomstrane – raudkløver, revebjølle og tyrihjelm – er å få på blomstermenyen.

Den uoffisiell verdsrekorden i lang humletunge har nok lushatthumla. Eit par millimeter lengre enn hagehumla si, og då gjerne tre gongen så lang som jordhumlene. Lushatthumla er ein av våre få ekte spesialistar og hentar mesteparten av maten sin frå tyrihjelmen sine flotte fiolette hatteblomster. Lushatthumla er såpass avhengig av mat frå tyrihjelmblomstrar at humla berre finst der vi finn planta.

Denne fjellhumla er sjeldnare å finne i hagen din. Om du er heldig, kan du likevel oppleve ho på ein av sommarens turar i bjørkeskogen eller på ein setervoll der tyrihjelmen trivst.

Humleverdens parasittar

Mange skapningar vil gjerne leve på eller av humler, slik er no verden ein gong innretta. Dei får midd i pelsen og sopp på honningen sin, og kjøtmeiser kan prøva å ete dei. Den største trusselen kjem likevel frå ein nær slektning: dei frykta gjøkhumlene. Sju av 35 humleartar i Norge er slike parasittar. Utpå våren, når dei sosiale humlene har laga seg bol, slår dei til. Bolet dei invaderer må ha nok arbeidarar til å passe på gjøkhumla sine nyklekte barn, men ikkje så mange at det set ein stoppar for sjølve invasjonen.

Gjøkhumlene er fryktinngytande som profesjonelle krigarar: store kroppar, kraftig panserskjelett og forstørra kjevar. Dei er laga for å få overtak på arbeidarane, som forsvarer heimen sin med livet sitt om det trengst.

Desse gjøkhumlene er altså ikkje heilt som namnesøstera, den ko-koande fuglen. Gauken smett jo egga sine i ei anna fuglemor sitt reir og stikk av. Gjøkhumlene, derimot, driv med drap, slaveri og full overtaking. Som ei aggressiv okkupasjonsmakt, bruker ho både kjemiske våpen og aggresjon for å halde kontroll over det invaderte bolet.

Ei jordgjøkhumle fanga for inspeksjon under ei humlevandring i Kaupanger Foto. Stein Joar Hegland

Vandrehistorier om humler

Visstnok har det blitt rekna på at det eigentleg skal vera fysisk umogeleg for humler å fly. Humler skulle vera for store og vengene for små til å skape oppdrift. Det er så klart tull, sidan det er opplagt at humler flyg. Dei er til og med gode flygarar som jo nesten stå stille i lufta framfor ein blomster. Vandrehistoria oppstod ved at nokon brukte aerodynamisk teori på humler. Den levande verda er jo meir kompleks enn den reint fysiske. Humlene slår nemleg vingane sine superraskt i eit åttetals mønster, og skaper dermed eit undertrykk som løfter dei opp, som eit naturens helikopter.

Ei anna vandrehistorie er at Albert Einstein skal ha sagt at utan bier (som omfattar humlene), ville menneskeheita gå under i løpet av fire år. Sjølv om det er oppspinn, peiker det på bienes sentrale posisjon som verdas viktigaste pollinatorar. Utan dei vil vi få færre blåbær, bringebær, eple, tomat, kaffi og mykje anna som gjer livet verdt å leve. Pollinatorane sikrar dessutan at vi har eit mangfald av både ville og dyrka vekstar. Men vi hadde nok klart oss likevel, livet hadde berre vore mindre godt å leve.

Det som ikkje er ei myte, er at humler kan kople frå vengemuskulaturen og vibrere musklane så fort at dei får varma opp kroppen til 30 grader. Når det er for kaldt for dei fleste andre insekt, kan dei difor fly rundt og pollinere bærbuskene og frukttrea dine.

Markhumla, humleverdens ADHD-kandidat, besøker ein blåbærblomst. (Foto. Stein Joar Hegland)

Om du vil høyre fleire humlehistorier eller lære meir om dei små, flygande venene våre, kan du bli med på gratis humlevandring på Kaupanger eller ein annan stad i landet gjennom organisasjonen La Humla Suse sine opplegg.

Read Entire Article