Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norsk Polarinstitutt - les mer.
– No er det åra med lite is som dominerer, seier forskar etter feltarbeid i Kongsfjorden på Svalbard.
Havisflak og små isfjell i indre Kongsfjorden. (Foto: Sebastian Gerland / Norsk Polarinstitutt)
Årets feltarbeid for overvaking av havis i Kongsfjorden ved Ny-Ålesund er no avslutta.
Undersøkingane vart gjennomførte i ein sesong med svært lite havis. Den var kun å finne i dei inste områda av fjorden.
Mildver og regn førte til snøfrie og svært glatte isoverflater der isen framleis låg att.
– Dette året fell tydeleg inn i kategorien med svært lite havis i Kongsfjorden, seier havisforskar Sebastian Gerland ved Norsk Polarinstitutt.
Han kom nyleg heim frå årets feltarbeid i fjorden.
Boring for måling av havistjukkleik. (Foto: Sebastian Gerland / Norsk Polarinstitutt)
Klimaendringer påverkar fjordsystema på Svalbard
Forskarane har målt istjukkleik og samla inn iskjerner.
Seinare analyser vil gje innsikt i dei fysiske, kjemiske og biologiske eigenskapane til isen.
Slike målingar er viktige for å forstå korleis klimaendringar påverkar fjordsystema på Svalbard.
Havisforskar Dmitry Divine pakkar iskjerner for seinare analyse. (Foto: Sebastian Gerland / Norsk Polarinstitutt)
År med lite havis vorte langt vanlegare enn før
Kongsfjorden har stor betydning som forskingsområde.
Fjorden ligg i overgangen mellom kaldt arktisk klima og varmare atlantiske vassmassar.
Variasjonane i havisdekket her gir difor tidlege indikatorar på klimaendringar i Arktis. Ifølgje Gerland har år med lite havis vorte langt vanlegare enn før.
– Sjølv om vi av og til óg ser år med meir havis, er det no åra med lite is som dominerer. Dette har i aukande grad vorte den nye normalen, seier han.
Naturlege variasjonar versus klimaendringar
Under årets feltarbeid, med base ved Ny-Ålesund forskingsstasjon, observerte forskarane både havisflak og små isfjell i inste delar av fjorden.
I Raudvika, heilt inst i Kongsfjorden, låg det framleis fastis, men også her var snødekket i stor grad borte, eller omdanna til is.
Resultata vil inngå i langsiktige dataseriar som blir brukte til å dokumentere utviklinga i Arktis over tid.
Slike tidsseriar er avgjerande for å kunne skilje mellom naturlege variasjonar og langsiktige klimaendringar.
Fastis i Raudvika i indre Kongsfjorden, sett frå lufta. (Foto: Sebastian Gerland / Norsk Polarinstitutt)
Kongsfjorden, Svalbard
- Kongsfjorden ligg på nordvestlege Spitsbergen.
- Fjorden er ein av dei best studerte fjordane i Arktis og eit viktig referanseområde for klimaforsking.
- Ny-Ålesund ligg ved breidda av fjorden og er ein av verdas nordlegaste forskingsstasjonar.
- Området ligg i overgangen mellom kaldt arktisk vatn og varmare atlantisk vatn, noko som gir store årlege variasjonar.
- Kongsfjorden har brefrontar innerst i fjorden, mellom anna Kongsbreen og Kronebreen.
- Havis og fastis har tidlegare vore vanleg om vinteren, men har dei siste åra blitt stadig meir sjeldan.
- Fjorden er rik på dyreliv, med isbjørn, sel, kval, sjøfugl og eit mangfald av marine artar.
- Området er verna gjennom Svalbard miljøvern og blir brukt til forsking framfor næringsverksemd.

1 day ago
3













English (US)