Vi nordmenn er ganske dårlege til å formulere oss.
Når eg er i utlandet, opplever eg at språket flyt ut av munnane på dei som snakkar. I ein taxi i London, på stranda i Spania, langs ein bulevard i Paris ... Ja, sjølv i våre kjære naboland Sverige og Danmark renn setningane ut som sildrande fjellbekkar.
I Noreg, derimot, snakkar vi ofte slik som dette: «Det eg lurte på var ... altså, ehm, jo ... korleis, kva, jo ... jo, det eg lurer på ... kva skal vi sjå på TV i kveld?»
Vi stotrar, famlar etter orda, avbryt oss sjølve, fullfører ikkje setningane, og snakkar med masse grammatiske feil, heile tida.
Men er vi verre enn andre?
Sniklyttaren
Filmskaparen Dag Johan Haugerud blir rosa opp i skyene for å skildre korleis vi nordmenn faktisk snakkar saman.
Og ja, dei prisvinnande filmane hans er fulle av stotring og ufullstendige setningar.



SEX: Torbjørn Harrs rollefigur stotrar i veg om ein draum han hadde om David Bowie i filmen «Sex» av Dag Johan Haugerud.
– Det er viktig for meg at språket kjennast kvardagsleg og attkjennande. Da må eg prøve å lage samtalar som i stor grad består av halve setningar, utan klar retning, der folk ombestemmer seg midt i samtalen.
Om du nokon gong har møtt Dag Johan ute på byen, så er sjansen stor for at han har analysert samtalane dine. Det har nemleg den 61 år gamle filmskaparen gjort heile livet. På bussar, trikkar og kafear ...
– Gjer ikkje alle det?
– Nei, eg trur ikkje det.
PRISVINNAR: Dag Johan Haugerud er ein av Noregs største filmskaparar. For filmen «Drømmer» vann han Gullbjørnen under filmfestivalen i Berlin, som første nordmann i historia.
Foto: RONNY HARTMANN / Pool,NTB– Eg synest det er så morosamt å høyre korleis folk uttrykker seg. Korleis vi brukar ord feil og prøver å finne ut korleis vi skal seie noko. Korleis vi leitar etter dei mest presise orda.
– Har du tenkt over at nordmenn er dårlegare til å formulere seg enn andre folkeslag?
– Nei, eg har ikkje det. Eller jo, eg har vel tenkt at det er ein skilnad når eg har sett dokumentarfilmar frå utlandet. Da har eg tenkt at dei formulerer seg veldig bra i til dømes England og Frankrike.



DRØMMER: Ane Dahl Torps rollefigur stotrar i veg om dottera si bok i filmen «Drømmer» av Dag Johan Haugerud.
Men stopp en hal!
I dette intervjuet ser det jo ut som at både eg og Dag Johan snakkar ganske rett og presist? Ingen ufullstendige setningar her. Tilsynelatande ser det slik ut, men dette er berre juks og bedrag, dessverre.
Norske journalistar står nemleg bak ein stor konspirasjon som skal få oss nordmenn til å tru at vi er flinkare til å snakke enn det vi eigentleg er.
Den særnorske sitatpraksisen
Om du blir intervjua av ein journalist i USA, Frankrike, Tyskland eller England, så kan du føle deg ganske trygg på at det du seier til journalisten, faktisk blir sitert ordrett.
Mange trur sikkert at det også fungerer slik i Noreg. Men beklagar, min venn. Det gjer det ikkje.
Forfattar Simen Sætre er ein av Noregs største ekspertar på den norske sitatpraksisen. I 2019 var han med på å skrive ein lang rapport om temaet. Han fann raskt ut at Noreg hadde ein mykje friare praksis enn mange andre land.
Simen Sætre
SITATEKSPERT: I Noreg er det viktigast å få fram meiningsinnhaldet i det som blir sagt. Å sitere ordrett er mindre viktig, forklarer Simen Sætre.
– Internasjonale kvalitetsmedium som New York Times, Le Monde og The Guardian har same praksis: Alt som blir skrive som sitat, må vere sagt, seier Simen Sætre.
Nei da. Det var ikkje akkurat det Simen Sætre sa. Det han faktisk sa, var dette:
Hadde eg jobba i utlandet, måtte eg ha skrive nøyaktig det Simen Sætre sa, men fordi eg jobbar i Noreg, skriv på nynorsk og syntest det han sa, var litt langt og kronglete, har eg tatt meg ganske store fridomar og korta sitatet kraftig ned.
Slike ting gjer norske journalistar heile tida, og tru det eller ei: Dei aller fleste blir glade for at vi skriv om sitata deira. Huff, tenk å bli sitert nøyaktig slik som ein snakkar (stotrar).
For mange nordmenn ville det ha vore eit mareritt.
Den upolerte norsken
Språkforskar Stian Hårstad frå NTNU set seg raskt på bakbeina når eg påstår at nordmenn er dårlege til å snakke.
– Det er så typisk å tenke at det eigentlege språket er det skriftlege, mens talespråket berre er noko sjuskete og halvvegs, seier Hårstad.
Ifølge språkforskaren gir det ikkje alltid meining å samanlikne munnleg tale med skriftspråket. Stotring er altså ikkje feil eller dårleg, det er berre slik vi snakkar.
Stian Hårstad
SPRÅKFORSKAR: Stian Hårstad jobbar som professor ved Institutt for språk og litteratur på NTNU i Trondheim.
FOTO: NTNU
Ok, eg skjønar at språkforskaren ikkje vil moralisere over snakketøyet til nordmenn.
– Men kan du vere einig i at vi nordmenn snakkar litt ufullstendig?
– Tja, språket vårt er ikkje like polert samanlikna med mange andre land. I Noreg har vi ein meir munnleg språktradisjon.
Stian Hårstad forklarer at mange land har eit normert talespråk, eit riksspråk, som ungane lærer å snakke på skulen. Dette gjeld både England, Tyskland, Frankrike, Sverige og Danmark.
Den opplæringa elevane får i eit språk, inneber altså ikkje berre rettskriving, men også rettsnakking. Dei lærer ein «riktig» måte å snakke på.
I Noreg er stoda ei heilt anna.



KJÆRLIGHET: Marte Engebrigtsens rollefigur stotrar når ho skal introdusere vennen sin i filmen «Kjærlighet» av Dag Johan Haugerud.
– Vi har rettskriving for bokmål og nynorsk, men det munnlege språket skal i prinsippet ikkje rettast på.
Om ein tolkar opplæringslova strengt, så skal altså ikkje norsklæraren rette på korleis elevane snakkar.
Korleis hamna vi her – at vi berre kan bable i veg med våre halvferdige setningar, utan at nokon rettar på oss?
Vi snakkar i alle fall ikkje dansk
I siste halvdel av 1800-talet hadde den norske grunnskulen endeleg blitt så utvikla at folk flest lærte seg å skrive. Det var berre eitt problem. På denne tida var ikkje det etablerte skriftspråket norsk.
Det var dansk.
Men dansk munnleg hadde ingen plass i samfunnet. Og sjølv om ein liten, men mektig del av folket snakka ein slags norsk versjon av dansk, var det heller ikkje allmenn semje om at folk flest skulle lære seg å snakke slik.
– Fleirtalet ville at skriftspråket og talespråket skulle haldast åtskilt, og slik er det framleis. Denne tilstanden skil oss frå dei fleste andre skriftspråksamfunna i verda, forklarer Hårstad.
(Her er det viktig å presisere at det munnlege språket berre fekk leve fritt om du snakka norsk. I siste halvdel av 1800-talet opplevde både samar og kvenar i Noreg det stikk motsette. Dei fekk knapt lov til å snakke sitt eige morsmål og vart ofte retta på om dei prøvde, både i klasserommet og i skulegarden. Nokre ungar vart også fysisk straffa om dei snakka noko anna enn norsk.)
I Noreg har skriftspråk fått vere skriftspråk, samtidig som vår rike dialektkultur har fått blomstre vidare i fri dressur.
Det er i alle fall det vi likar å tenke: at Noreg er eit land med utruleg mange fine og varierte dialekter, men ifølge språkforskar Hårstad er dette ei sanning med modifikasjonar.
– Dialektmangfaldet i Danmark er faktisk større enn i Noreg.
– Seriøst?
– Ja, men dialektene er så lite framme i Danmark. Vi kan knapt høyre dei med mindre vi oppsøker dialekttalarane på heimebane. Så fort dei er utanfor nærmiljøet sitt, slår dei over til riksdansk, som dei har lært på skulen.
– Men eg skjønar ikkje heilt. Kva slags samanheng har den norske dialektkulturen med stotring og ufullstendige setningar?
– Om vi har ei felles meining om kva som er det kultiverte språket, så fell det seg meir naturleg å samle seg om dette «korrekte» idealet. I Noreg har den lange perioden utan opplæring i standardtale påverka korleis vi snakkar.
Språkforskar Hårstad meiner også at NRK må ta sin del av ansvaret for nordmenns babling. I danske DR og svenske SVT kan ein forvente at dei som snakkar, slår om til eit normert talespråk.
Det kan ein ikkje forvente hos den norske rikskringkastaren.
NRK – ein kanal for ralling
Det fanst ei tid da vi ikkje stotra og pludra på NRK. Frå den spede starten i 1933 og fram til langt ut på 1960-talet snakka vi i all hovudsak normert nynorsk eller bokmål, oftast med utgangspunkt i eit manus.
Utover 1970-talet skylde ei dialektbølge over landet. Populære trønderske artistar som Hans Rotmo og Åge Aleksandersen kravde å bli tatt seriøst, sjølv om dei uttrykte seg på dialektene sine.
ÅGE, 1976: Åge Aleksandersen blir rekna som ein pioner i å fronte dialekt i den norske offentlegheita.
Foto: Jensen, Oddvar Walle / NTBEtter kvart song ein haug med norske musikarar på dialekt, noko som igjen påverka NRK. Kanskje vi burde la folk få lov til å snakke litt dialekt her også?
Gjennom 1980- og 1990-talet vart det meir og meir vanleg at folk snakka dialekt på NRK, og dermed vart det også meir plass til den spontane samtalen, utan manus.
Sidan 2007 har det vore lov for oss journalistar å nytte vår eiga dialekt når vi snakkar på radio og TV. Mange av oss nyttar oss av denne moglegheita.



SKAVLAN: Eit tilfeldig valt klipp av ein tidlegare programleiar i NRK.
Når vi snakkar dialekt (og ja, dette gjeld også dialekter frå Austlandet), slepp vi å konsentrere oss om kva som er rett nynorsk eller bokmål.
Vi kan berre bable i veg utan å bry oss om språkreglar.
Så er vi dårlegare til å snakke enn andre?
Språkforskar Stian Hårstad meiner heilt klart at vi nordmenn er prega av at vi ikkje lærer ein riktig måte å snakke på.
Folk i mange andre land har ei moglegheit vi nordmenn ikkje har. Dei kan slå over frå daglegspråket til eit kultivert språk som dei har lært på skulen.
Men om vi snakkar med Stian Hårstads kollega, språkforskar Jan Svennevig frå Universitet i Agder, så står det kanskje ikkje så ille til.
Jan Svennevig
SPRÅKFORSKAR: Jan Svennevig er professor i språkleg kommunikasjon ved Universitetet i Agder.
FOTO: Geir Ingar Egeland / NRK
Svennevig er einig med Hårstad i at vi nordmenn manglar eit felles standardmål. Men når språkforskaren har studert samtalar mellom folk i sine naturlege omgjevnadar i ulike land, har han funne ut at vi kanskje ikkje er så ulike likevel.
– Når det gjeld den spontane samtalen, så er dei akkurat like stammande og stotrande i utlandet, forklarer Svennevig.
Skilnaden er at vi nordmenn snakkar som om vi sit rundt middagsbordet med familien heile tida.
PS: I 1993 fekk daverande statsminister Gro Harlem Brundtland oppleve Ola og Kari Nordmanns store mareritt. Da valde nemleg journalist Niels Christian Geelmuyden frå tidsskriftet Kapital å skrive nøyaktig det ho sa. Her kan de lese eit av statsministeren sine svar frå intervjuet:
PPS: Rapporten som Simen Sætre var med på å skrive i 2019, kan de lese her. Frå s. 37 kan de lese om den norske sitatpraksisen.
Hei!
Har du nokre tankar om denne saka eller tips til andre historier vi burde sjå på? Send meg ein e-post! Resten av NRK Kulturs langlesingar finn du her.
Publisert 03.04.2026, kl. 20.00











English (US)