I går, torsdag, returnerte Hamas leivningane av fire gissel. Men eitt av leivningane har ikkje blitt identifisert, hevdar Det israelske militæret (IDF).
– Hamas har gjort eit «grufullt og vondsinna» brot på våpenkvila ved å ikkje gje Shiri Bibas sitt lik tilbake, seier den israelske statsministeren, Benjamin Netanyahu.
Han meiner at det som skulle vere Shiri, er leivningane av ei kvinne frå Gaza.
Kvinna har no status som «anonym», ifølgje IDF.
Torsdag overleverte Hamas fire svarte kister i Khan Younis.
Foto: ReutersAvtalen var at Hamas skulle returnere Shiri Bibas (32) og hennar to born Ariel på fire og ni månadar gamle Kfir, i tillegg til 83 år gamle Oded Lifshitz.
Hamas har ikkje kommentert saka.
Vil ha Shiri tilbake
Fredag seier Netanyahu at han er målretta for å få Shiri Bibas tilbake til Israel og at Hamas må stå til ansvar for å ha brote våpenkvila.
– På utenkjeleg kynisk vis returnerte dei ikkje Shiri til dei små borna hennar, dei små englane. I staden plasserte dei liket av ei kvinne frå Gaza i kista, seier Netanyahu i ei utsegn.
Store folkemengder samla seg på "gisselkvartalet" i Tel Aviv i Israel for å markere returen av familien Bibas.
Foto: APHamas har tidlegare sagt at Bibas familien blei drepen i eit luftåtak i slutten av 2023.
Netanyahu hevdar dei blei «brutalt myrda» i fangenskap under Hamas i løpet av dei første vekene av krigen.
IDF hevdar at dei har identifisert tre av dei fire leivningane dei fekk returnert torsdag. Den fjerde leivningen har framleis status som "anonym".
Foto: ReutersRundt klokka 13 i går norsk tid blei dei fire kistene levert til det rettsmedisinske senteret i Tel Aviv, skreiv AFP. Då sa dei at det kom til å ta tid før dei kunne identifisere leivningane.
IDF har ikkje sagt noko om kva type identifikasjonstest dei har gjort. Dei har heller ikkje grunngjeve kvifor dei meiner dei har fått feil leivningar.
Publisert 21.02.2025, kl. 09.09 Oppdatert 21.02.2025, kl. 09.22