Etter to veker med ferie er dei innsette i Romerike fengsel, Kroksrud avdeling, tilbake bak murane.
Fellesferien er over, og kvardagen har meldt seg. Kanskje du allereie kjenner på ein snev av ferielengsel?
Det gjer også dei innsette som sonar ved Romerike fengsel Kroksrud avdeling.
Også her er kvardagen tilbake etter to veker med ferie.
I matchande grøn T-skjorte og shorts opnar førstebetjent Thomas Kahn døra inn til fengselet.
Inne på eit lite kontor sit Ibish Shala (45) og Blerim Shabani (38) ved sidan kvarandre ved eit lite rundt bord.
– Denne sommaren har vore fin, seier 45-åringen roleg og smiler.
Shabani nikkar anerkjennande.
Blerim Shabani og Ibish Shala er snart ferdige med å sone i fengsel.
Foto: Shilan Sari / NRKFengselet arrangerte ein noregsferie for dei innsette. Ferieturen starta i Sogn og enda opp i Oslo.
– Vi har komme oss litt ut, sett andre ansikt og prata om noko anna. Vi er normale vi òg, legg Shabani til.
– Kan de forstå om nokon reagerer på at de har vore på ein slik ferie?
Førstebetjenten svarar raskt:
– Hovudmålet med kriminalomsorga er tilbakeføring. Vi skal få desse gutane her til å bli gode naboar – om eitt til to år kan dei vere naboen din.
Førstebetjent Thomas Kahn flytta sin eigen ferie for å gi dei innsette «eit eventyr» i to veker.
Foto: Shilan Sari / NRKI Noreg er formålet med fengselsstraff å verne samfunnet frå kriminelle handlingar, og hjelpe innsette tilbake til samfunnet som lovlydige borgarar.
– På turane får vi moglegheita til å vise progresjonen vår og at vi er stabile, seier Shabani.
Begge mennene er på slutten av sitt soningsforhold, og skal om kort tid tilbake til samfunnet.
No sit dei innsette i Romerike fengsel, Kroksrud avdeling. Fengselet har lågare sikkerheit og skal førebu dei til lauslating.
Ibish Shala har sete inne i snart ni år. 45-åringen sonar ein dom for narkotikalovbrot.
Før han kom til Kroksrud, sat han på høgsikkerheitsfengsel i om lag seks år.
Blerim Shabani sat også på høgsikkerheit før han kom til Kroksrud. 38-åringen har sete inne i snart fem år, og sonar ein dom for narkotikalovbrot.
På Kroksrud avdeling er skuletilbodet og verkstaden stengt to veker om sommaren.
Det betyr at dei innsette ikkje har noko å gå til.
Thomas Kahn og miljøterapeut Sine Bjørndalen nytta moglegheita til å fokusere på meistring blant dei innsette.
– Sine og eg bestemte oss for å flytte ferien vår for å gi desse gutane eit eventyr i to veker, seier førstebetjenten.
Sju innsette og to tilsette pakka kofferten og sette turen mot Stryn i Sogn og Fjordane.
Med tydelege treningsmål stod gjengen klar til å ta fatt på Noregs lengste motbakke – Skåla.
– I spissen opp Skåla var det vår personlege trenar som klarte å dra oss til toppen, seier Kahn og smiler mot Shabani.
38-åringen har ikkje tidlegare hatt ei interesse for friluftsliv, men turen opp motbakken gav meirsmak.
Snart går han i gang med utdanning til å bli personleg trenar.
Etter å ha gått fleire timar i motbakke, nådde Blerim Shabani toppen av Skåla.
Foto: Thomas Kahn– Eg kjem aldri til å gløyme det. Det var veldig godt for hovudet, og eg blei veldig glad for å nå toppen, svarar Shabani nøgd.
Kveldane i Stryn gjekk til grilling og «gode samtalar» utanfor hyttene dei hadde leigd.
– Vi var som kompisar. Ingen visste at vi var frå eit fengsel, vi var normale. Betjentane plar ikkje å opne seg sjølv for oss, men den dagen snakka vi alle om privatlivet vårt, fortel Shabani.
– Vi veit at vi sit i fengsel. Livet er set på vent, men vi forsøker å nyte sommardagane så godt vi kan, legg Shala til.
Etter sommarferien har dei innsette og betjentane komme tettare.
Foto: Shilan Sari / NRK– Dei gode samtalane får vi på desse turane. Ingen har uniform, og vi er likestilt, legg Kahn til.
Neste mål på ferieturen var å nå toppen på Mørkgonga i Ringerike og Kyrkjebønnøse i Hemsedal.
Reisefølget var også innom Son, Drøbak og Oslo i løpet av reisa.
– Eg opplevde det som meir normalt, og vi snakka om heilt andre ting, fortel Shala.
– Vi har bada og gått turar. Vi har eigentleg hatt fritt spelerom. Vi har kunna stoppa i ein butikk eller ete ein is.
Ibish Shala
Førstebetjenten har ikkje opplevd noko problem på årets tur, eller ved tidlegare aktivitetar fengselet har arrangert.
Han opplever at dei innsette er takksame for at avdelinga prioriterer eit innhaldsrikt ferietilbod.
– På slike turar skjer det ikkje ny kriminalitet. Det er prat om framtid, familie, gode verdiar og moral. Det er viktig å gi dei det verktøyet som dei treng for å klare seg, fortel Kahn.
Dei innsette som var med på turen har blitt vurdert til at dei ikkje lengre er ein fare for samfunnet.
Frå før har fengselet ei ordning for dei innsette, der dei kan søke om permisjon.
Fengselet forsøker å legge til rette for at familiar kan møtast i løpet av sommarferien.
Når familiar besøker fengselet om sommaren, er det mange som vel å ta møtet ute.
Foto: Shilan Sari / NRK– Desse er på slutten av soninga si. Det er annleis enn dei som nettopp har starta å sone. Det kjem også an på kva dom den enkelte sit på. Alle bør ikkje ha sommarferie, vi må også beskytte samfunnet, forklarar Kahn.
– Vi får heile tida bilete av fjellturar som innsette har vore på etter soning. Det set spor, legg han til.
Ibish Shala har reflektert over effekten ferien har hatt.
– Når du sit inne lenge kan du bli soneskada. Nokon kan ha problem med å vere ute blant andre folk. Du kan få angst eller panikk. Feriar er bra for tilbakeføringa og progresjonen.
Sjølv om Kroksrud avdeling har tilrettelagt for å skape ei feriekjensle, har dei fleste sommardagane vore innanfor fengselet sine fire vegger.
– Når vi solar oss ute, sit vi og ser vi opp på flya. Eg tenker ofte at der skulle eg ønske at eg var, seier den innsette lengtande.
Shala sit på ein benk og speidar utover fengselet. Førstebetjenten set seg ved sidan av den innsette.
– Det er ikkje noko liv å sitte i fengsel. Fridommen er borte – sjølv her som dei sit i lågsikkerheit, seier Kahn.
– Eg tviler sterkt på at det er ønskeleg å vere her frivillig, legg han til.
Førstebetjenten er rask med å låse ei dør som står open.
Foto: Shilan Sari / NRK– Korleis er overgangen frå ferie til kvardag her i fengselet?
Shabani ser utover fengselet med hendene i kors:
– Tilbake til kvardagen er ikkje noko glede. Men vi er gode til å halde på den gleda vi opplevde i sommar, reflekterer han.
Shala lener seg framover. Han skal snart tilbake på jobben sin i fengselet sin verkstad.
Sjølv om kvardagen kan opplevast grå, skin sola på verkstaden.
Foto: Shilan Sari / NRK45-åringen er travel med å ta fagbrev som tømrar.
– Vi har meldeplikt på morgonen kvart over åtte. Nokon synest dagen går fortare når han blir fylt med undervisning eller jobb, forklarar han.
Sjølv lever Shala lenge på ferieminna, som fargar den elles rutineprega kvardagen.
Hei!
Takk for at du las saka!
Har du tankar om det du har lese, eller innspel til kva eg bør skrive om neste gong?
Send meg gjerne ein e-post – både om stort og smått!
Publisert 22.08.2025, kl. 15.56