Iuel har fødd barn – blir tvinga til å bevise at ho er kvinne

11 hours ago 5


– Det er jo litt snålt å måtte gjere, men det er vel for å sørge for at ein stiller i rett klasse, seier Iuel til NRK etter å ha komme til Bergen for å delta i NM i helga.

Denne veka kom nemleg ein spesiell beskjed frå Det internasjonale friidrettsforbundet (WA) om nye reglar som gjeld frå 1. september:

Alle utøvarar som skal konkurrere i kvinneklassa under VM i Tokyo, som startar 13. september, må testast for om dei har SRY-genet. Dette er ifølge Store norske leksikon eit gen som sørger for utviklinga av testiklar.

Når ein utøvar først har gjennomført testen éin gong, gjeld resultatet for resten av karrieren.

– Vi seier at på elitenivå, så må du vere biologisk kvinne for å konkurrere. Det har alltid vore veldig klart for meg og styret i Det internasjonale friidrettsforbundet at kjønn ikkje kan trumfe biologi, seier presidenten i forbundet, Sebastian Coe, i pressemeldinga om det nye testkravet.

Stridstema

Regulering av kven som kan delta i kvinneklassa, har i ei årrekke vore eit stridstema i friidretten.

I 2019 innførte WA nye reglar som definerte eit maksimalt testosteronnivå for kvinnelege mellomdistanseløparar. Grensa gjeld for deltaking på 400 meter, 800 meter, 1500 meter og ei engelsk mil.

Utøvarar som overstig grensa, har sidan den gongen måtta ta hormonbehandling for å komme ned på lovleg nivå. Fleire har i staden valt å gå opp i distanse.

Den mest kjente av utøvarane det angår, er Caster Semenya. Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) uttrykte så seint som 10. juli i år at Semenya ikkje fekk ei rettferdig høyring i Sveits rundt kjønnsreglane i friidretten.

– Har ei forplikting

Norges Friidrettsforbund har denne veka sett seg inn i kva vedtaket om pålagd gentesting inneber i praksis. Landslagslege Ove Talsnes fortel at gjennomføringa av testen ukomplisert.

Ove Talsnes

PRAKTISK UPROBLEMATISK: Landslagslege Ove Talsnes ser ingen praktiske problem med å få kjønnstesta kvinnene som er aktuelle for å representere Noreg i friidretts-VM i Tokyo.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Det er vanleg laboratorietest. Blodprøver kan takast kvar som helst, men vi forheld oss til helseavdelinga i Olympiatoppen, som vi har eit svært godt samarbeid med, seier Talsnes til NRK.

Ser de behovet for ein slik test?

– Ja, vi gjer jo det. Dette er profesjonelle idrettsutøvarar. Dei lever av å prestere. Og organisasjonane til friidretten har jo ei forplikting til å ha like konkurransevilkår. Det er dei jo ikkje, i den grad det stiller opp folk i dameklassa som da ikkje biologisk sett er damer, og har betre fysiske føresetnader for å prestere, seier landslagslegen.

Han erkjenner samtidig at den nye regelen kan reknast som kontroversiell.

– Det er ei kompleks sak med mange sider. Eg meiner World Athletics har på ein måte gjort ein veldig solid jobb i ei vanskeleg sak. Ingen har tort å gå inn i det slik som dei har gjort. Det står det stor respekt av, seier han.

Josefine Tomine Eriksen, Amalie Iuel, Henriette Jæger trener på Bislett

MÅ TESTAST: Josefine Tomine Eriksen (t.v), Amalie Iuel og Henriette Jæger må ha biologisk bevis på at dei er kvinner om dei skal delta i VM.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Iuel: – Ubehageleg for nokon

Kravet gjeld alle kvinner som skal konkurrere i Tokyo. Også dei som er i same situasjon som Amalie Iuel: Kvinner som har gjennomført eit svangerskap og fødd eit barn.

Iuel legg ikkje skjul på at ho synest det er litt paradoksalt, men har samtidig ingen problem med å ta testen.

– Eg er ganske trygg på meg sjølv og kva utfallet av den testen blir. Så det kostar meg ikkje så mykje å ta han, dersom det er regelverket og det gjer at eg får delta i dei internasjonale konkurransane så gjer eg gjerne det. Men eg forstår at det kan vere ubehageleg for nokon, seier ho til NRK.

Iuel ser ikkje nødvendigheita av testing.

– Men det er vel kanskje ein grunn til at dei har sett seg nøydde til å innføre han. Det veit eg ikkje så mykje om, men vi får berre ta den testen, eigentleg, seier 31-åringen.

Hanne Andersen Maridal med mannen Idar og datteren Tina

BEVIS NOK: Hanne Andersen Maridal og mannen Idar blei i mars foreldre til vesle Tina. Maridal kjenner det burde vere bevis nok på at ho er kvinne.

Foto: Anders Engeland / NRK

Ei som er i same situasjon, er Hanne Andersen Maridal – som er aktuell for å springe maratonar i Tokyo. Ho blei mor til dottera Tina så seint som 23. mars i år.

Det er litt spesielt. Det er på ein måte litt synd at det har blitt sånn. Eg snakka med trenaren min, Ingrid Kristiansen, om det i går kveld. Og ho spurde: Er det ikkje nok at du har fødd ein unge? Men det held ikkje å slå i bordet med det, så det blir å ta ein gentest, seier Maridal.

– Veldig bra at det blir stramma inn

– Det er rart å måtte bevise for verda at du er kvinne, seier stavtalentet Kitty Friele Faye.

22-åringen støttar likevel regelen.

– Enten ein kjenner seg som kvinne eller mann, har genetikken masse å seie. Det vil vere urettferdig for kvinnene å konkurrere mot ein mann, seier ho til NRK.

Amalie Sæten

POSITIV: Amalie Sæten synest å avlegge ein gentest er ein låg pris å betale for ein rettferdig konkurranse.

Foto: Anders Engeland / NRK

Etter å ha blitt noregsmeister på 5000 meter fredag kveld, uttrykker også Amalie Sæten full støtte til den nye regelen.

– Eg er veldig for at ting skal vere likt for alle. Så lenge det juridiske er på plass, synest eg det er veldig bra at det blir stramma inn, seier Sæten.

– Er det nødvendig å bevise at ein er kvinne?

– I ein slik idrett? Ja, eg trur det.

Publisert 02.08.2025, kl. 08.31

Read Entire Article