Jan Arild Gjersøe skulle berre ta nokon sveip til med metalldetektoren på jordet før han gav seg for dagen.
Men så gav metalldetektoren frå seg lyd som varsla metall. Han blei usikker på om han skulle grave, men sette likevel i gang.
– Først trudde eg det berre var noko skrot. Da eg oppdaga kva det var, begynte eg berre å le, seier Gjersøe.
Jan Arild Gjersøe viser korleis metallsøkaren hans fungerer. På dette jordet fann han gullanhenget i august. Nå har bonden pløgd på jordet og da kan han ikkje søke her.
Foto: Hege There Holtung / NRKFann gull på jordet to gonger
To centimeter under jordlaget låg det eit heilt anheng i gull.
– At du finn noko som er så heilt og fint etter så mange år, er heilt utruleg, seier han.
Dei er sjeldne å finne og dette er andre gong. I fjor fann han ein del av eit slikt anheng på eit jorde i Høyjord i Sandefjord kommune.
– Det er flaks, meiner Gjersøe som berre har hatt hobbyen i tre år.
Årets spesielle funn
Førsteamanuensis Marte Spangen i arkeologi ved Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo trekker fram gullanhenget frå Tønsberg blant dei spesielle funna gjort med metalldetektor i år så langt.
Førsteamanuensis Marte Spangen ved Kulturhistorisk museum seier det alltid er mykje spennande funn gjort av metalldetektorister.
Foto: Marte Spangen– Det er ikkje ofte folk finn dette, det er av gull og har ein symbolikk som kan fortelje oss noko, seier ho.
Her er andre funn i år som ho meiner peikar seg ut:
Ein ein godt bevart gullring med steinen ametyst frå 1200-1300-talet, som er funne i Stange kommune Innlandet. Den store ringen kan ha tilhøyrt ein kraftig mann, eller blitt brukt utanpå hanskar, seier ho.
Foto: Universitetet i Oslo Kulturhistorisk museumEin tutulusknapp frå Vestre Toten i Innlandet til å feste stoff og eller lêr saman, gir ny kunnskap om gjenstandar i dette området frå bronsealderen, seier ho. Bronsealderen i Noreg er frå 1800-500 før Kristus, ifølgje Store norske leksikon.
Foto: Universitetet i Oslo Kulturhistorisk museumSpanges favoritt er ein modell til eit Hiddensee-smykke funne frå vikingtid i Halden. Hiddensee-smykke har namn etter eit stort funn av slike gullsmykkar på ei øy i Tyskland. Dette er andre funnet av ein Hiddense-modell i museet sitt område.
Foto: Kjell Magnar Haarberg
Bilde av mannshovud og firbeint dyr
Rådgivar Marie Dave Amundsen ved Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo, reknar med at gullanhenget Gjersøe har funne, kan daterast til rundt år 500.
Ho har skrive doktorgrad om gull i Noreg i folkevandringstida som var frå 400–550-talet.
På fagspråket blir slike gullanheng kalla for gullbrakteat.
Dette gullanhenget låg to centimeter under jorda på eit jorde i Tønsberg. Det er andre gong Jan Arild Gjersøe finn eit slikt smykke.
Foto: Jan Arild GjersøeAmundsen reknar med at det er funne rundt 200 brakteatar etter denne perioden i Noreg.
Gull var langt frå noko alle hadde. Ho trur at ein person med ein del makt har hatt smykka rundt halsen. Det gav status.
Ho seier anhenget Gjersøe fann er slite, men ser bilde av eit mannshovud og eit firbeint dyr.
Anhenga har ofte bilde frå mytologien og kan ha blitt bore for å gi lykke eller vern, fortel Amundsen.
Det kan ha blitt grave ned i eit depot eller lagt i ei grav, trur ho.
Denne delen av eit gullanheng frå folkevandringstida fann Jan Arild Gjersøe på eit jorde i Høyjord i Sandefjord i 2023.
Foto: Jan Arild GjersøeStørste funn i Vestfold
Arkeolog Vibeke Lia i Vestfold fylkeskommune kjenner berre til seks andre funn av slike gullanheng i Vestfold.
– Dette er det klart det største funnet vi har fått frå metallsøk i 2024, seier Lia.
Ho har ansvar for å ta imot eldre gjenstandar folk har funne med metallsøkarar.
Arkeolog Vibeke Lia i Vestfold fylkeskommune seier anhenget er sjeldan, det er i gull og godt bevart.
Gjenstandar frå før 1537 og myntar frå før 1650 må leverast inn til staten. Det same gjeld samiske gjenstandar som er eldre enn 100 år, ifølge Riksantikvaren.
Gjenstandane blir registrerte og sende vidare til Kulturhistorisk museum i Oslo.
Kan bli rekordmange funn
Over 3000 funn frå folk med metallsøk som hobby har blitt leverte inn i år. Så mange funn har museet ikkje fått inn tidlegare, og året er ennå ikkje ferdig, fortel Marte Spangen ved museet.
Men samtidig kan det vere eit etterslep frå fylkeskommunane frå tidlegare år. I fjor kom det inn 1350 gjenstandar.
– Det kan sjå ut som at det blir ein rekord totalt sett, men eg tør ikkje seie det heilt sikkert, seier Spangen.
Førsteamanuensis Marte Spangen ved Kulturhistorisk museum seier det alltid er mykje spennande funn gjort av metalldetektorister.
Foto: Marte SpangenPå museet blir gjenstandane registrerte, daterte, behandla og tatt vare på.
Ho trur dei mange funna kjem av at fleire har fått denne hobbyen og betre og billigare metalldetektorar.
– Det er alltid mykje spennande, tenker eg. Av og til er det overraskande flotte ting. Andre gonger er det spennande fordi det blir ei endring i det bildet vi hadde av ulike gjenstandstypar.
Publisert 23.11.2024, kl. 20.33