Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_d1cf4081ae43bed2378657d8d84263f1, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Johannes (5) blant dei siste som får gratis svømmeopplæring i barnehagen - NorwayToday

Johannes (5) blant dei siste som får gratis svømmeopplæring i barnehagen

1 week ago 4


– Eg har ikkje lært meg det enno. Det er litt vanskeleg.

Det seier Johannes Ilstad Bithammer, måndag morgon i Pirbadet i Trondheim.

– Eg klarer ikkje heilt å få kontakt med vatnet.

Men det skal 5-åringen forhåpentlegvis lære seg i løpet av dei neste fem dagane.

Johannes Ilstad Bithammer tar på seg en svømmelue på svømmeopplæring med barnehagen i Pirbadet i Trondheim.

Med splitter ny badehette gjer Johannes seg klar for den første av fem dagar i bassenget.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Saman med sju andre fem- og seksåringar frå Vidhaugen barnehage er han på gratis svømmeopplæring.

Målet er at dei skal bli trygge i vatnet.

– Eg trur det kjem til å gå fint. Eg liker å svømme med andre, som eg kjenner, seier han spent ved bassengkanten.

Men dei er truleg blant dei siste barnehagebarna som får nytte seg av tilbod om gratis svømmeopplæring – andre må vente til den lovpålagde opplæringa i skulen.

Første dag er det ikkje like behageleg for alle å dukke hovudet under vatn.

Stor utvikling på fem dagar

Sidan 2015 har det vore mogeleg for kommunar, frivillige organisasjonar og barnehagar å søke om tilskot for at barnehagebarn skal bli trygge i vatn.

Men frå januar 2026 kutta regjeringa tilskotsordninga for svømmeopplæring for barnehagar avvikla som ein del av budsjettavtalen.

Vidhaugen barnehage på svømmeopplæring i Pirbadet i Trondheim

Trass i at det no er slutt på tilskotet frå staten, har klubben i Trondheim hatt pengar til å halde fram med opplæringa til påske.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

I Trondheim og kommunane rundt har Trondhjems Svømme- og livredningsklubb tilbydd fem dagars svømmekurs for barnehagebarn gjennom ordninga.

– Gleda me ser hos barna når dei går frå å knapt tore å vere uti vatnet til å hoppe uti det djupe bassenget er heilt utruleg.

Det seier Tanja Bjorøy som er ansvarleg for barnehagesvømminga i klubben.

Tanja Bjorøy i Trondhjems svømme- og livredningsklubb

Tanja Bjorøy.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

– Det er meininga at barna skal lære seg å svømme i løpet av skulegangen, men det er fåtalet som faktisk blir så gode svømmarar utan dette tilbodet på førehand.

I tillegg meiner svømme- og livredningsklubben at kurset er svært viktig for å førebyggje mot drukningsulukker.

– Det er så viktig at barna føler seg trygge i vatnet og at dei veit kva dei skal gjere dersom dei dett uti. Berger dei seg sjølve, så har dei berga eit liv, seier Bjorøy.

Opp til kommunane å finansiere tilbodet

– Svømmeopplæring er utruleg viktig. Det er den einaste idretten du kan døy av å ikkje kunne, så det må prioriterast.

Det seier Sigurd Kvammen Rafaelsen, som sit i kommunal- og forvaltingskomiteen på Stortinget for Arbeidarpartiet.

Sigurd Kvammen Rafaelsen i dress i Oslo

Sigurd Kvammen Rafaelsen seier regjeringa gjev kommunane større mogelegheiter ved å styrke bemanninga i barnehagen.

Foto: William Jobling / NRK

Trass i at partiet hans i regjering no har kutta tilskotet, meiner Rafaelsen det framleis er fullt mogeleg, og viktig, å prioritere opplæring i svømming.

– Dette var ei tilskotsordning som var søknadsbasert, det var framleis mogeleg for kommunane å prioritere dette også dersom søknaden ikkje nådde fram.

No er det altså opp til kommunane sjølv å finansiere tilbodet dersom dei ønsker å vidareføre det.

Stella Mathiesen Andreassen på svømmeopplæring sammen med barnehagen sin i Pirbadet i Trondheim.

– Det er gøy, seier Stella Mathiesen Andreassen om svømmeopplæringa ho er ei av dei siste til å få delta på.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

– Me har gjeve betre handlingsrom til kommunane til også å prioritere svømmeopplæring i barnehagen, seier Rafaelsen.

Men når midlane frå staten ikkje lenger er øyremerka, prioriter nødvendigvis ikkje kommunane svømmeopplæring for dei minste.

Nedprioriterer tilbodet trass i overskot

I Bergen set dei av pengar for å oppretthalde tilbodet, det gjer verken Trondheim eller Malvik kommune der Vidhaugen barnehage ligg.

– Me måtte prioritere lovpålagde oppgåver og kjerneaktivitet innanfor tilgjengelege rammer, seier ordførar i Malvik, Eugen Gravningen Sørmo.

Dette trass i at kommunen gjekk 26,9 millionar i pluss i fjor.

Heller ikkje i Trondheim, som også gjekk med eit stort overskot i 2025, har kommunen valt å bruke pengar på å oppretthalde tilbodet.

Siv Mari Forsmark (V), byråd for oppvekst og utdanning i Trondheim kommune

Siv Mari Forsmark, byråd for oppvekst og utdanning i Trondheim.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

– Me har ikkje fått tatt dette med i budsjettprosessen for 2026 fordi informasjonen om dette dramatiske kuttet kom så seint.

Det seier Siv Mari Forsmark (V) byråd for oppvekst og utdanning i Trondheim. Dersom kommunen skal prioritere tilbodet må det behandlast politisk, seier byråden.

– Det vil me ta inn i vanlege budsjettprosessar og så vil det vere opp til bystyret å prioritere dei knappe ressursane me har.

– Ei heilt openberr arbeidsulukke, håpar eg

Ein som stiller seg heilt uforståande til at regjeringa valde å fjerne tilskotet til svømmeopplæring for barnehagen er Abid Raja.

Venstrepolitikaren var med å innføre tilskotet i 2015 og seier det har fungert godt i ti år.

– Fleire hundre tusen barn har lært seg å svømme, seier Raja.

Han reagerer på at regjeringa i april i fjor la fram ein handlingsplan for å førebyggje drukningsulukker, for så å skrote tilskotet for svømmeopplæring i barnehagen.

En mann med beige blazer og hvit skjorte.

– Eit av dei mest konkrete punkta var svømmeopplæring for barnehagen, seier Raja om handlingsplanen. 

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

– Dei fremmer det i handlingsplanen, så går det seks månader og dei fjernar det tiltaket. Ei heilt openberr arbeidsulukke, håpar eg.

– Eg har eit stort håp om at dei på revidert budsjett legg fram forslag om å gjenopprette dette kuttet.

Men Ap-politikaren svarer at handlingsrommet for kommunane er større til å sjølv prioritere svømmeopplæring og at handlingsplanen står ved lag.

– Me må sikre at det er gode svømmeferdigheiter og bevisstheit rundt årsakene av drukningsulukker i alle kommunar uavhengig av om eit tilskot til nokre kommunar fell bort, seier Rafaelsen.

– Eg har lært å dukke og å svømme

Det har blitt torsdag og fjerde dag med svømmeopplæring for barna i Pirbadet – og det er merkbart.

– Det har vore gøy, seier Johannes etter fire dagar på svømmeopplæring.

– Kva er det som har vore gøy?

– Det har vore å hoppe. Og så har eg lært å dukke og å svømme, svarar 5-åringen.

Johannes Ilstad Bithammer hopper uti bassenget på Pirbadet

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

– Men det har vore bitte litt vanskeleg.

– Men kvifor trur du det er viktig å lære seg å svømme?

– For då kan eg svømme på djupe stader, svarar han til slutt.

Publisert 19.03.2026, kl. 19.57 Oppdatert 19.03.2026, kl. 19.58

Read Entire Article