– Dei (det britiske padleforbundet) nekta å svare på spørsmåla mine, og eg tenkte: «Kva faen?», seier Rozentals til NRK.
Rozentals har blitt suspendert frå det britiske padleforbundet. For ein månad sidan fekk 22-åringen ein telefon frå forbundet om at han var suspendert frå å konkurrere, og at han ikkje kunne kontakte støtteapparatet eller andre utøvarar.
– Eg forventa det. Sidan januar har mange snakka om at eg har gått frå vettet. Eg visste det kom med ein pris, seier padlaren.
Rozentals har ein klar mistanke om kva årsaka til suspensjonen er. Han har nemleg starta ein konto på den omstridde nettstaden OnlyFans, som gjerne inneheld profilar med dristige bilde som følgarar kan betale for å få tilgang til.
– Eg fekk ein telefon om at eg er utestengd frå alt. Eg får ikkje snakke om det med lagkameratar og støtteapparat, fortel 22-åringen.
Det var britiske BBC som omtalte saka først, ovanfor dei opplyser det Britiske padleforbundet at det handlar om påstandar rundt innlegg i sosiale medium, utan at dei ønsker å presisere nøyaktig kva det gjeld.
NRK har førebels ikkje fått svar frå forbundet.
Hevdar han tener over ein million
Han har fått over 10.000 likes på OnlyFans, der han har publisert 39 videoar og over 100 bilde.
Rozentals fortel at han har tent 100.000 pund (ca. 1.350.000 kroner) sidan han oppretta profilen i januar.
– Eg er forelska i bransjen. Om du tar bort kontroversane, så er det faktisk veldig spennande.
Han går ikkje i detalj på kva som finst i profilen, men han hevdar at bestemora ville fått hjarteinfarkt av innhaldet.
ÅTVARING: Kurts Adams Rozentals heimeside kjem med ei lenke til OnlyFans-profilen hans, og eit ønske om at far og mor hans ikkje skal klikke på den.
Foto: Kurtsadams.com– Fleire vil samarbeide, men der går grensa. Eg vil ikkje vere ei pornostjerne, seier Rozentals.
Inntektene han har fått frå OnlyFans står i sterk kontrast til inntektene han har som padlar. Britiske slalåmpadlarar får 16.000 pund (ca. 200.000 kroner) i året for satsinga si.
AKTIV: Kurt Adams Rozentals bruker Instagram flittig for å promotere innhald.
Foto: Kurts Adams Rozentals / InstagramHan opnar opp om at han og den einslege mor hans har i mange år slite med å få økonomien til å gå rundt, og at mora er ein stor motivasjon til å halde fram med OnlyFans.
Han fortel at han fekk det spesielt tøft da mora blei veldig sjuk av korona under pandemien.
– Presset fortsette uansett. Eg kunne konkurrere om medaljar, men livet blei ikkje betre. Dette var ikkje eit liv som var verdt å leve. Mamma levde i konstant press og smerte, seier padlaren.
DRISTIGE BILDE: Kurt Adams Rozentals lever på at andre betaler for dristig innhald.
Foto: Kurts Adams Rozentals / InstagramKan stå ovanfor eit vanskeleg val
Rozentals er eit stort slalåmpadling-talent. I 2023 tok han sølv i U23-verdsmeisterskapen. Han har eit stort mål om OL i Los Angeles i 2028. Og han er villig til å ta heile saka til retten for å få til nettopp det.
– OL-medalje er toppen av sporten. Når eg legg meg om kvelden, så kjenner eg framleis det er noko som manglar. Men den store motivasjonen er at eg kan vise at same kor ein kjem frå, så kan ein oppnå alt. Det er bodskapen min. Eg starta frå ingenting og kan ta OL-gull, meiner 22-åringen.
Det er eit uavhengig organ som granskar saka medan Rozentals er suspendert.
AMBISIØS: Kurts Adams Rozentals under VM i slalåmpadling i 2023.
Foto: Instagram: kurtsadamsBBC skriv at disiplinærreglementet til forbundet nemner «støytande bruk av sosiale medium» og «uanstendig, støytande eller umoralsk åtferd» som eksempel på grov tenesteforsømming som kan føre til at ein blir tatt ut av laget.
Rozentals gir likevel ikkje opp draumen med det første. Han er villig til å gå langt for å kunne drive med sporten igjen.
– Det var alvor frå start av, men eg har fått overveldande meldingar og støtte frå folk rundt meg og fans. Vi skal vinne denne kampen, sjølv om det kan gå til retten, seier han.
Meiner norske utøvarar må vere bevisste
NRK har vore i kontakt med Norges idrettsforbund om saka, med spørsmål om kva forbundet ville gjort dersom ein norsk utøvar hadde selt innhald på plattforma.
– NIF har inga myndigheit til å gi visse føringar, verken ovanfor organisasjonsledd eller enkeltutøvarar som vel å nytte OnlyFans som kommunikasjonsplattform, eller som inngår eit samarbeid med ein slik aktør. Frå NIFs ståstad blir likevel oppfordra alle organisasjonsledda våre og enkeltutøvarar til å gjere eigne aktsemdvurderingar ved inngåing av samarbeidsavtalar, skriv kommunikasjonssjef Finn Aagard til NRK på e-post.
– Før OL sa leiar for samfunnskontakt og idrettspolitikk i NIF, Frida Blomgren, at det er «all grunn til å vere skeptisk til avtalar med OnlyFans». Korleis grunngir de det?
– OnlyFans er ei plattform som eksponerer pornografisk innhald, og vil såleis vere ein aktør som NIF ikkje ville inngått eit samarbeid med. Enkeltutøvarar og organisasjonsledda våre må gjere eigne aktsemdvurderingar knytte til omdømmerisiko og val av samarbeidspartnarar.
Publisert 06.06.2025, kl. 16.43